Dette tilbodet skal vere løysinga i psykiatrien. Dei færraste får det.

1 day ago 9



Dei siste åra har tenesta blitt skrytt opp i skyene:

Flexible Assertive Community Treatment – betre kjent som FACT – har blitt peika på som ein viktig del av løysinga når mange som før budde på psykiatrisk avdeling på sjukehus, skal bu heime.

Eit FACT-team skal gi langvarig, heilskapleg og oppsøkande hjelp til menneske som har behov for det.

Det seier Kristin Trane, fagleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Medisinar, økonomi og samtaleterapi. Dette er ting personar med alvorlege psykiske lidingar kan trenge bistand med.

En ansatt i FACT setter sprøyte på en pasient.

Hos FACT får pasientane ofte medisinar.

Foto: Svend Even Hærra / NRK

Og det er her FACT-teama kjem inn.

Det kan handle om å hjelpe til med å handle, om å vere med på skulen, om å gå på kafé, ramsar Trane opp.

Burettleiing, dialog med skulen, familiegrupper, samtalar med pårørande, fortset ho.

Det høyrest unekteleg nyttig ut. Men denne hjelpa er framleis reservert for ganske få.

I dokumentarserien PSYK er NRK Brennpunkt med på innsida av et FACT-team i Oslo og ein arbeidskvardag prega av mani og psykosar, men også betring og håp.

Eit heimebesøk går ikkje som planlagt, og Christine må ta eit vanskeleg val. Kva skjer når psykisk sjuke ikkje sjølv skjønner at dei treng hjelp?

Manglar nesten 200 team

FACT-teama er eit samarbeid mellom kommunane og sjukehusa, og består av psykiatrar, psykologar, vernepleiarar og sosionomar. For unge består også teama av ein barnevernspedagog.

I dag er det rundt 5500 vaksne som får hjelp av FACT-team. Det får også 850 unge.

Pasienten Guri sitter på en legebenk på et kontor.

Guri er ei av de som bruker FACT sine tenester i Oslo.

Foto: Svend Even Hærra / NRK

Behovet er langt større: Så mange som 23.000 unge og vaksne treng denne tenesta, men står utan.

Det viser anslag frå Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

NAPHA anslår at dei manglar heile 190 FACT-team rundt om i landet.

Det er veldig mange gode tilbod i dag som gir veldig god oppfølging til mange, seier Trane.

Men vi tenker at det trengst eit slikt tilbod som er sett saman av ulike fagfolk frå både kommune og sjukehus, og som kan sjå heilskapen. Det er noko med det som gjer FACT så unikt.

Utan samarbeid som dette, kan oppfølginga av sjuke menneske med samansette behov bli fragmentert og oppstykka.

Samhandlinga er ofte for dårleg, seier Trane.

Det er behov for nokon som koordinerer heilskapen og har oversikt sånn at desse personane ikkje fell mellom alle stolar.

Ifølge NAPHA er dei fleste FACT-teama i dag etablerte rundt større byar og tettstader.

En ansatt i FACT på sykkel.

I bydel Gamle Oslo syklar de tilsette i FACT ut til pasientane sine.

Foto: Svend Even Hærra / NRK

Blant vaksne er det spesielt menneske som er underlagde tvang og som har utfordringar knytt til valdsrisiko som blir prioritert.

Skal trappast opp

Mens nokre helseføretak nærast har dekt behovet for FACT-team for innbyggarane sine, manglar andre helseføretak dette tilbodet nesten heilt og fullt.

Dette er berre ein av fleire forskjellar mellom tilbodet til alvorleg sjuke ute i norske kommunar, viser NRKs undersøkingar.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap), påpeikar at regjeringa i opptrappingsplanen sin for psykisk helse har halde av midlar til å bygge opp blant anna FACT-teama i Noreg.

Opptrappingsplanen blei lansert i 2023 og lovar 3 milliardar kroner til psykisk helsevern over ein tiårsperiode.

Men pengar det eine året, gir ikkje nødvendigvis utslag det neste.

– Då regjeringa tiltredde, auka vi tilskotet til FACT og ACT med 100 millionar kroner. Og då såg ein året etter at pengane ikkje blei brukte opp, seier Bekeng.

Karl Kristian Bekeng

Karl Kristian Bekeng seier regjeringa stiller seg bak behovet for fleire FACT-team.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Det tar ganske lang tid å etablere desse samarbeida, og å få dei til å fungere.

Når det er sagt:

– Regjeringa stiller seg definitivt bak at det er behov for fleire FACT-team.

Kor fort regjeringa klarer å kome dit at dei får dekt behovet, kan ikkje Bekeng seie for sikkert nå.

– Men vi kjem til å følge opp opptrappingsplanen, og sørge for at det blir etablert fleire nye team.

Hei!

Denne saken er en del av prosjektet PSYK, der vi gjennom en artikkelserie på nrk.no og en Brennpunkt-serie i NRK TV undersøker om alvorlig psykisk syke i Norge får god nok hjelp i dag. Har du tips eller innspill, send oss gjerne en e-post.

Publisert 04.06.2025, kl. 05.35

Read Entire Article