Dette syndromet kan gjere deg til ein betre idrettsutøvar: – Ei naturleg superkraft

2 days ago 7



– PCOS er som ei naturleg superkraft og kan gi ein idrettsmessig fordel.

Det meiner gynekolog Åsle-Marit Ullern. Ho jobbar som spesialist hos Best helse. Her tar ho imot mange toppidrettsutøvarar.

Men kva er eigentleg PCOS – og korleis kan tilstanden gi ein idrettsmessig fordel?

PCOS står for Polycystisk ovariesyndrom og om lag 15 prosent av den kvinnelege befolkninga har syndromet.

– Den klassiske PCOS blir kjenneteikna med overvekt, kviser og auka hårvekst, forklarer Ullern.

Men PCOS kan vere så mykje meir, og det finst i mange grader, poengterer gynekologen.

Høgt tal på toppidrettsutøvarar med PCOS

– I mange idrettar treng du eit lite overskot av androgen for å vere best, altså insulin og testosteron for å bygge musklar. For å lykkast må du ha nokre av dei eigenskapane som du kanskje knyter mest til menn – action og eksplosivitet, forklarer Ullern.

Og det kan damer med PCOS ha meir av enn andre kvinner.

– Ein har relativt meir sirkulerande fritt testosteron, fortel Ullern.

Åsle Marit Ullern

SPESIALIST: Åsle Marit Ullern trur PCOS kan vere ei naturleg superkraft i eksplosive idrettar.

Foto: Best Helse

Det bekreftar også Eszter Ilona Vanky. Ho er professor i medisin ved NTNU og ein av Noregs fremste ekspertar på PCOS. Vanky er einig i at PCOS kan sjåast på som ei naturleg superkraft i idretten:

– Ofte har dei testosteronverdiane i øvre normalområdet, eller litt over. Det aukar muskelstyrke og uthald, og aukar produksjon av raude blodlekamar. Da kan ein saman med andre føresetnader prestere godt som idrettsutøvar.

– Dette er ikkje sjeldan

Fleire studiar viser at PCOS er ein vanleg tilstand hos mange kvinnelege toppidrettsutøvarar, og at det er den vanlegaste årsaka til menstruasjonsforstyrringar blant OL-utøvarar.

Ein svensk studie viste at nesten fire av ti kvinnelege toppidrettsutøvarar, som ikkje brukte hormonell prevensjon, hadde PCO (Polycystic ovarium), som er eitt av symptoma på PCOS.

Ullern er ikkje overraska over tala, og trur at opp mot 40 prosent av kvinnelege utøvarar kan ha PCOS:

– Dette er ikkje sjeldan. Det er mange utøvarar med PCOS, seier Ullern som har behandla fleire utøvarar med syndromet.

Den svenske studien konkluderte med at utøvarar med PCOS presterte betre enn andre idrettsutøvarar i fysiske testar, ved at dei hadde høgare maksimalt oksygenopptak.

– Historisk ser vi at PCOS har hatt mange fordelar for overleving, og at det også har det i idretten. Vi har beskriving av PCOS frå 2000 år sidan i antikkens Hellas. Da vi levde på savannen, tolte dei med PCOS svolt betre, dei var sterkare og kunne springe frå løva. Dei kunne forsvare avkommet sitt og fødde ikkje barn like ofte, forklarer Vanky.

Eszter Vanky

EKSPERT: Eszter Vanky.

Foto: Frida J. Krüger

Stemmer ikkje alltid med kvinneidealet i dag

Tilstanden som er mest kjent for å bidra til overvekt, akne og auka hårvekst, kan altså vere ein fordel i idrettsverda.

Det kan vel vere oppløftande for ein med PCOS å høyre – at det kan vere fordelaktig i idretten?

– Det kan vere ei oppmuntring. Men det kjem an på pasienten. Ikkje alle har det same utgangspunktet for å drive med idrett, seier Vanky.

– Det er mange grader av PCOS. Dei vi ser i idretten har på generell basis ein mild versjon, seier Ullern og poengterer:

– Eg er opptatt av at det er mange positive ting med å vere slik. Det stemmer ikkje alltid med kvinneidealet i dag, men det er nokre fordelar med å ha det.

Therese Sessy Åsland

OPEN: Tidlegare landslagsspelar Therese Sessy Åsland har snakka ope om diagnosen.

Foto: NTB

I kva idrettar ser vi flest kvinner med PCOS?

– Fotball og handball. Generelt i dei idrettane der du treng eksplosivitet og musklar. Det er jo i veldig mange idrettar, seier Ullern.

– Utfordringa kjem ofte når kvinner som har drive med idrett legg på seg når dei sluttar å trene. Dei kvinnene som er i elite- og toppidrett har eit heilt medisinsk støtteapparat rundt seg. Men når dei trappar ned, bør ein ha ei bevisstheit for det, meiner Vanky.

Tidlegare har blant anna fotballspelar Therese Sessy Åsland fortalt om PCOS-diagnosen til NRK:

– Det var tøft

Det er fleire utfordringar med PCOS. Blant anna kan kvinner med tilstanden slite med å få barn.

Handballspelar Veronica Kristiansen har vore open om PCOS-diagnosen og utfordringane ho har støytt på.

Sjølv blei ho redd da ho fekk diagnosen for fem år sidan, da hadde Kristiansen verken menstruasjon eller eggløysing.

– Det var tøft, erklærte ho til VG i sommar.

Ho fekk beskjed om at det kunne bli vanskeleg for henne å bli gravid.

– Eg fekk beskjed om at sidan eg var i den alderen eg var (29 år), og ville ha barn, så burde eg bli gravid fortast mogleg, sa Kristiansen til VG.

Veronica Kristiansen

GULLVINNAR: Veronica Kristiansen var med å ta OL-gull for Noreg i Paris i sommar, vel eit år etter at ho blei mamma for første gong.

Foto: NTB

Ho tok ein pause frå landslaget for å få hjelp til å få barn, og etter ei hormonsprøyte blei ho gravid. I dag er dottera ho har med kjærasten Adam Devecseri eitt år gammal.

Vanky bekreftar at dette er ei vanleg problemstilling for kvinner med PCOS, men understrekar:

– Det er viktig å poengtere at dei med PCOS blir gravide, men treng medisinsk hjelp iblant.

Vanky fortel at oppfølginga på generell basis har blitt stadig betre her til lands.

– Kvinnene skal få diagnose og oppfølging. Eg trur vi er på veldig god veg. Veldig mange kan få det litt betre med optimal utgreiing og behandling. Vi har fått midlar frå Legeforeningens kvalitetsfond og lagar eit nettbasert kurs for fastlegar og allmennlegar om PCOS. Det er ganske stort og kan løfte veldig mange, forklarer forskaren.

Publisert 17.09.2024, kl. 22.09

Read Entire Article