Dette meiner Cold Case om etterforskinga

6 hours ago 2



Meiner mann (89) tok sitt eige liv

Har vurdert bevisbiletet i den spesielle saka i Bergen.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
SPESIELL SAK: Det er heilt flatt på branntomta i Hausdalen etter bustadbrannen i januar 2025. Ein mann vart funnen med skotskadar i hovudet. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 26.03.2026 21:34

I vinter har TV 2 avslørt at det ikkje var ein kraftig bustadbrann som tok livet av ein 89 år gamal mann i Hausdalen i Bergen i fjor.

Derimot var mannen skoten to gonger i panna og hadde ikkje pusta inn røyk

Likevel har bergenspolitiet etterforska seg fram til at mannen tok sitt eige liv.

Dei etterlatne har kritisert etterforskinga. I februar vart heile etterforskinga sendt over til Kripos si Cold Case-gruppe for ein ekstra gjennomgang.

No er resultatet klart.

 Jon Bolstad / TV 2
FORLATE: Vinteren 2026 heng det framleis att sperreband på branntomta i Hausdalen. Men politiet har lenge meint at dei har funne riktig svar i den spesielle saka. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Får støtte

Torsdag var det møte mellom representantane frå Vest politidistrikt og Kripos i Oslo.

– Dei har gjort ei sjølstendig vurdering av saka. Kort fortalt deler dei vår vurderinga av bevisa, seier politiadvokat Are Nygård Bergh til TV 2 torsdag ettermiddag.

– Det betyr at dei deler vårt syn på at sjølvdrap er riktig hovudhypotesen. No vil saka etterkvart bli sendt til Statsadvokatane med forslag om det som henleggelsesårsak, bekreftar Bergh.

Han seier Kripos er samd med bergenspolitiet om at det er «svært lite sannsynleg at ein står ovanfor eit drap».

– Det er vanskeleg å forklare mange av omstenda med ein drapshypotese, seier Bergh.

Såg ikkje at død mann (89) var skoten i hovudet

Salongrifle med lyddempar

Kripos har tidlegare bidrege med tekniske undersøkingar i saka. 

Mellom anna har dei skrive ein rapport der dei argumenterer for at 89-åringen ikkje kunne nå avtrekkaren på salongrifla med hendene sine.

– Men eit skytevåpen kan avfyrast på fleire andre måtar enn dette. Det står derfor i rapporten at den ikkje kan brukast som konklusjon for at hendinga har gått føre seg slik det er lagt til grunn i rapporten, sa Bergh til TV 2 i januar.

 Bjørnar Morønning / TV 2
MØTTE KRIPOS: Politiadvokat Are Nygård Bergh var i møte med Kripos i Oslo torsdag. Foto: Bjørnar Morønning / TV 2

Seinare i januar kunne TV 2 avsløre fleire detaljar om det spesielle bevisbiletet i saka.

Mannen sat livlaus i senga på soverommet då han vart funnen av røykdykkarar.

Begge skota er plassert midt i panna på mannen.

 Det var påmontert ein lyddempar på rifla. 

Låste dører

Politiet veit ikkje korleis brannen starta eller kvifor. 

Dottera og sonen til 89-åringen har tidlegare fortald TV 2 at dei fann ei jerrykanne i brannruinane vel tre månadar etter brannen. 

 Privat
DRIVSTOFF: Denne drivstoffkanna låg under ruinane på branntomta i april i fjor. Då var etterlatne tilbake på tomta for å leite etter eigedelar. Foto: Privat

Då hadde politiet avslutta dei krimtekniske undersøkingane på åstaden.

Det er det totale bevisbiletet som gjer at politiet lenge har meint at det ikkje er eit drap, men eit sjølvdrap, dei har stått ovanfor. 

TV 2 er kjent med at noko av dette handlar om at:

Hovuddøra og kjellardøra til huset var begge låst. 

Mannen hadde ein tryggleiksalarm på seg. Ein slik alarm gjer det mogleg for eldre og funksjonshemma å tilkalle rask hjelp døgnet rundt. Men den vart aldri trykka på.

Det er funne eit handskrive notat som kan tolkast som at 89-åringen hadde det vanskeleg. Men notatet er datert nokre månadar tilbake i tid.

Samstundes har rettsmedisinarar sagt at ei salongrifle med 22 kaliber ammunisjon ikkje nødvendigvis er kraftig nok til at eit skot i hovudet er dødeleg umiddelbart.

Trenger du noen å snakke med?

  • Mental Helses hjelpetelefon: 116 123 (døgnåpent)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnåpent)
  • Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot henvendelser på epost: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (hverdager 9-15)

Kilde: Helsenorge.no

Read Entire Article