Dette må du vite om uroa i Los Angeles

1 day ago 13



Dei fleste som demonstrerer i Los Angeles er studentar og andre unge, som er imot at innvandringspolitiet ICE skal arrestere vennar og familie og sende dei ut av landet.

Det er likevel også bråkmakarar i mengda. Då NRK følgde demonstrantar som var drivne vekk av politiet tysdag kveld, var det tydeleg at sinnet auka.

Ikkje lenge etter blei store delar av sentrum tagga ned med slagordet: Fuck Ice.

Demonstrasjonane førte til eit portforbod i delar av sentrum om natta.

Portforbodet i L.A. dekker eit område på 2,5 kvadrat-kilometer.

Her får ein ikkje gå mellom klokka 18 og klokka 6.

The New York Times

Kva prøvar Trump å oppnå i Los Angeles?

Dei amerikanske immigrasjonsstyresmaktene (ICE) har sidan januar gått hardt til verks for å arrestere papirlause innvandrarar.

Dette var eitt av president Donald Trump sine viktigaste løfter under valkampen: å deportere fleire migrantar som er i USA ulovleg enn nokon annan president.

I grensedelstaten California er det svært mange av desse. Landbruket og mange andre bedrifter er avhengige av slik arbeidskraft.

En politimann tar bilder av dokumentene til en arrestert demonstrant

Ein politimann tar bilde av dokumenta til ein arrestert demonstrant 10. juni. 

Foto: MARIO TAMA / AFP / NTB

Berre sist veke blei 118 personar arresterte i Los Angeles, medan om lag 2000 migrantar blei arresterte på tvers av USA ifølge ICE.

Målet administrasjonen siktar på er 3000 dagleg, melder Reuters.

Slik utvikla demonstrasjonen i Los Angeles seg gjennom pinsehelga:

Fredag 6. juni gjennomførte ICE ei rekke raid i Los Angeles sentrum. Blant dei var to butikkar og eit varehus, som The Guardian har fått stadfesta.

På ettermiddagen samla demonstrantar seg utanfor det føderale fengselet i Los Angeles. Dei blir spreidd av politiet med tåregass.

Laurdag flyttar protesten seg til bydelane Paramount og Compton, etter rykte om nye raid.

Klokka 19 erklærer Trump-administrasjonen at nasjonalgarden var mobilisert.

Søndag samlar fleire tusen demonstrantar seg i sentrum.

Motorveg 101 blir stengd i ein kort periode. Førarlause taxiar blir sett fyr på i nærleiken. Demonstrantar som utøver vald og hærverk får krass kritikk av lokale styresmakter.

The Guardian

Når var sist gong ein president sette inn nasjonalgarden?

Nasjonalgarden i USA er ein reservestyrke som styresmaktene kan mobilisere for å handtere nødsituasjonar.

Det vanlege er at dette skjer på guvernøren sitt initiativ.

No har presidenten sendt ut 4000 soldatar i nasjonalgarden ut i gatene, utan at California-guvernør Gavin Newsom har bede om det.

Sist noko tilsvarande skjedde var i mars 1965, då demonstrantar marsjerte i delstaten Alabama for å krevje stemmerett for svarte amerikanarar.

En gruppe delstatspolitimenn bryter opp en demonstrasjon i Selma, Alabama i 1965

Ei gruppe demonstrantar i Selma, Alabama blir spreidd med makt av delstatspolitiet. Denne dagen blir i amerikansk historieforteljing kalla «den blodige søndagen».

Foto: NTB

Trump hevdar forsterkingane er nødvendige for å verne om lokalt politi, melder AFP.

Spørsmålet mange har stilt seg er kva soldatane skal gjere i LA og kva dei har lov til å gjere.

Trump har brukt ei gammal kriselov som grunn til å mobilisere dei. Ein føderal dommar skal vurdere torsdag om dette var lovleg.

Noko som er utan historisk sidestykke, er at 700 soldatar frå marineinfanteriet også er på plass i ein treningsleir sør for Los Angeles.

Føttene til nasjonalgarde-soldater ved blomster som ligger på bakken

Trump-administrasjonen har sett inn 4000 soldatar frå nasjonalgarden. Torsdag skal ein dommar bestemme om dei får hjelpe politiet i delstaten.

Foto: MARIO TAMA / AFP / NTB

Desse er trente for militære operasjonar i krigsområde, men skal no settast inn i gatene for å støtte nasjonalgarden, ifølge marineinfanteriet.

Ifølge militærleiinga vil marineinfanteristane ikkje vere utstyrte med skarp ammunisjon i våpena sine, og dei skal berre kunne helde på personar inntil politiet er på plass.

Kvifor skjer det i Los Angeles no?

President Trump har fleire gongar vist til California som ein delstat han meiner lir under «lovlause tilstandar» på grunn av «ein invasjon av utlendingar».

Gavin Newsom og Donald Trump

Kort tid etter at Trump blei president, møttest han og Gavin Newsom (v) for samtalar om skogbrannane som då herja i California. Trump hevdar at Los Angeles ville brent ned no, dersom han ikkje sende inn soldatane.

Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

The Washington Post har faktasjekka påstandane.

Av dei 11 millionar udokumenterte migrantane som er rekna å vere i USA, er omtrent ein firedel i California.

Men valdskriminalitet i delstaten har gått ned, og arbeidsløysa ligg på nær det nasjonale gjennomsnittet, skriv avisa vidare.

Delstaten har i større grad enn mange andre delstatar motsett seg immigrasjonspolitikken til Trump.

Styresmaktene har heller ikkje bede om å få tilsendt soldatar, og meiner dei klarar å handtere demonstrasjonane sjølve.

– Dette uforskamma misbruket av makt av ein sittande president forverra ein amper situasjon og sette folket vårt, politiet vårt og til og med nasjonalgarden i fare, sa Newsom i ein videotale tysdag.

– Å sende soldatar som er trente for krig til gatene våre er uhøyrt, og truar grunnvollane i vårt demokrati.

Kva gjør Demokratene?

Demokratiske politikarar tapte valet i fjor av fleire grunnar, men ein av dei var ein utydeleg innvandringspolitikk.

Talet på ulovlege grensepasseringar auka kraftig under Biden-administrasjonen, og mange demokratar har late seg presse av innvandringsaktivistar til å vere for unnfallande in innvandringspolitikken, skriv David Ignatius i The Washington Post.

Partiet står utan ein leiar, og blir herja med av Donald Trump.

Gavin Newsom var tydeleg i talen sin til folket i California og har tredd inn i ei rolle han ønskte å ta ved valet i fjor, da mange peika på han som ein presidentkandidat for Demokratane.

Californias Gavin Newsom tok kraftig til motmæle mot Trumps utplassering av soldatar i Los Angeles.

Kvar har protestane spreidd seg?

Demonstrasjonane mot ICE har spreidd seg til ei lang rekke amerikanske storbyar.

Etter demonstrasjonar i blant anna Austin og Dallas, sa guvernøren i Texas tysdag kveld at han ville sette inn nasjonalgarden fleire stader i delstaten.

Mange av demonstrasjonane har vore fredelege. Men det har skjedd samanstøytar med politi.

Fleire stader har opprørspolitiet brukt tåregass og gummikuler for å spreie folkemengda.

På desse stadane har nyheitsbyrået AP og The New York Times dokumentert planlagde demonstrasjonar mot ICE mellom 6. og 11. juni.

Kor lenge vil uroa halde på?

Laurdag held Trump-administrasjonen ein historisk militærparade i Washington D.C., på Trump sin 79-årsdag.

Paraden skal markere 250-årsjubileet for hæren.

Det er ikkje vanleg med slike paradar i USA for å vise militær styrke, men det var noko Trump ønskte seg, også sist han var president.

Det er varsla demonstrasjonar i mange byar i samband med paraden. Desse startar allereie i dag i fleire byar.

Demonstranter holder det mexikanske og det amerikanske flagget foran en tagget føderal bygning i Austin

Mange demonstrantar har veiva med det mexicanske flagget, noko Trump og administrasjonen hans har brukt som skyts i kritikken sin mot dei.

Foto: Joel Angel Juarez / Reuters / NTB

Dei siste åra har demonstrasjonsbølger i USA spreidd seg fleire gonger.

Det skjedde i fjor vår da protestar mot krigen i Gaza kom ut av kontroll på fleire universitet. Og det skjedde i 2020 etter drapet på George Floyd i Minneapolis.

Demonstrasjonar mot politivald den gongen varte i fleire veker og fekk Donald Trump til å reagere i Washington D.C. ved å tømme plassen framfor Det kvite hus for demonstrantar.

Han har seinare sagt at han gjerne skulle ha slått hardare til den gongen, men han blei stansa av sine eigne rådgivarar.

Publisert 11.06.2025, kl. 20.41 Oppdatert 11.06.2025, kl. 20.52

Read Entire Article