Dette får forskarar til å klø seg i hovudet

2 days ago 5



Norske kvinner er blant gruppa i verda med høgast sjukefråvær, men UIB-forskar meiner vi må slutte å samanlikne kvinner og menn sitt sjukefråvær.

 Ola A. Thorset / NTB
TOPPAR LISTENE: I dag fyller dei fleste nordmenn ut sjukemeldinga på nett. Foto: Ola A. Thorset / NTB

Publisert 31.03.2025 12:43

– Kjønnsskilnadane er betydelege og aukande. Vi har ingen gode forklaringar på kvifor det er sånn, men eg meiner det er eit likestillingsproblem. 

Slik avslutta FHI-forskar Arnstein Mykletun sitt innlegg på Likestillingskonferansen 2025, der han gjekk gjennom statistikk på sjukemeldingstala i Noreg og i verda.  

Der viste han til at norske kvinner er den gruppa i verda som har høgst sjukefråvær, og at det generelt er stor skilnad mellom menn og kvinner. 

 Jenny Eidesvik / TV 2
FORSKING: Arnstein Mykletun er forskar på FHI og professor ved Universitetet i Tromsø, og har forska mykje på sjukefråvær. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

– Dette er ikkje eit særnorsk problem. Vi ser internasjonalt at kvinner generelt har høgare sjukefråvær enn menn. Men vi finn ikkje ut kvifor det er sånn.

Vil finne årsaka

Mykletun leiar eit forskingsprosjekt som skal forsøke å finne ut kvifor det er så store skilnader mellom menn og kvinner når det gjeld sjukefråvær. 

– Fleire kvinner er uføretrygda, fleire mottar AAP og fleire kvinner er sjukemeldt. Vi ser også at kjønnsskilnaden er størst i gruppene med høgast utdanning, seier Mykletun. 

Dette kallar han eit paradoks. 

– Vi veit at det er ein samanheng mellom høg utdanning og god helse. Kvinner gjer det betre enn menn i utdanningssystemet i Noreg, seier han.

– Dette skal gi kvinner ein større helsegevinst av høgare utdanning enn det menn får. Men det gir for kvinner ikkje gevinst i form av lågare sjukefråvær, av ein grunn som vi ikkje enno forstår.

Likevel er det nokre få unntak i den internasjonale statistikken. I Tyskland, Austerrike og Sveits har kvinner og menn nesten likt sjukefråvær.

 Ola A. Thorset / NTB
HØGT: Noreg er i verdstoppen når det gjeld sjukefråvær. Foto: Ola A. Thorset / NTB

– Kvinner i dei tysktalande landa får også barn og dei går gjennom overgangsalderen, men det slår ikkje ut på sjukefråværet i same grad. Så kvifor ser vi dette i resten av Europa? Det vil vi forsøke å finne ut av, seier Mykletun. 

Eple og pærer

Førsteamanuensis Inger Haukenes ved Universitetet i Bergen meiner på si side at det er på høg tid at ein sluttar å samanlikne kvinner og menn sitt sjukefråvær. 

– Ein kan samanlikne eple og pærer i det vide og det breie, men eple kan aldri bli pærer, og difor ser eg ikkje heilt nytten av det, seier Haukenes. 

Ho seier at så lenge ein har registrert sjukefråvær, har ein sett at det har vore skilnader mellom menn og kvinner. 

Når skilnaden er så konsekvent over tid, meiner forskaren at ein heller må sjå på kvinnedominerte yrke med høgt fråvær, og lytte til kva kvinner sjølve tenker kan redusere fråværet. 

 Magnus Nøkland \ TV 2
KVINNEHELSESTRATEGI: I oktober la regjeringa fram sin kvinnehelsestrategi. Foto: Magnus Nøkland \ TV 2

– Eg meiner det er på tide å erkjenne at kvinner og menn har ulike helseutfordringar i ulike fasar av livet.

Ulike livsfasar og kvinnehelse

Menn sitt sjukefråvær aukar typisk sett med alderen. Det gjer det og hos kvinner, men i tillegg aukar det i to toppar: Først i den typiske alderen for graviditet og fødsel, deretter i perioden rundt overgangsalderen.

– Vi veit veldig lite om kva plagar som kvinner kjem ut med etter fødsel og rundt overgangsalder, og korleis dette verkar på fråværet. 

 Privat
FORSKAR: Førsteamanuensis ved UiB, Inger Haukenes, meiner det er på tide at vi sluttar å samanlikne menn og kvinner sitt sjukefråvær. Foto: Privat

Haukenes meiner livsfase og kvinnehelse er to viktige stikkord i denne debatten, og at dette har fått for lite fokus i debatten så langt. 

Ho viser mellom anna til kvinnehelseutvalet sin rapport frå 2023, som mellom anna viste at kvinners helse generelt har hatt låg status, at kvinners stemme ikkje blir høyrt, og at betydninga av kjønn ikkje blir varetatt i helse- og omsorgspolitikken.

 Ditlev Eidsmo / TV 2
KVINNEHELSE: Haukenes meiner kvinnehelse er eit viktig stikkord i debatten, då dette feltet tradisjonelt har fått lite fokus. Foto: Ditlev Eidsmo / TV 2

– Kvinner har kome inn i eit arbeidsliv som allereie var etablert av menn, og så gradvis kjempa fram rettar som til dømes svangerskapspermisjon. 

Haukenes trur sjukefråværet kunne vore redusert med gode tiltak i arbeidslivet, der kvinners stemmer blir høyrt.

– Eg meiner det er viktigare å fokusere på korleis ein kan legge til rette for eit berekraftig arbeidsliv for kvinner i alle livsfasar, enn å sammenlikne kvinner og menn. 

Read Entire Article