Dette er dei største svindelfellene på ferie

6 hours ago 3



Du nyt den velfortente ferien din på ei nydeleg strand i Spania. 

Plutseleg føler du deg dårleg. Du vert kvalm og svimmel. Utover dagen vert forma berre verre og verre. 

Til slutt bestemmer du deg for å oppsøke ein lege. 

Det er ei avgjersle som kan tømme lommeboka.

Legar som overbehandler

Dei seinare åra har det i større og større grad dukka opp ei ny form for helsesvindel i utlandet. 

– Vi opplev stadig oftare at når folk vert sjuke, so oppsøker dei svindelklinikkar i utlandet. 

Det seier pressesjef i Tryg, Ole Irgens. 

Han seier dei ser ei stadig auke av personar som hamner hos det han definerer som svindelklinikkar, i staden for ein seriøs aktør. 

 Frode Hoff / TV 2
ÅTVARAR: Ole Irgens seier vi nordmenn gjerne kan stole litt for mykje på folk når vi er på ferie. Foto: Frode Hoff / TV 2

– Det er snakk om useriøse klinikkar som overbehandler og overfakturerer. Dei kallar deg gjerne tilbake fleire gonger og behandlar deg med ting du ikkje har behov for. I ettertid sender dei enten ei skyhøg rekning til forsikringsselskapet ditt eller so må du betale den sjølv. Det vert dyrt. 

Men det er gode moglegheiter for å unngå å hamne hos slike klinikkar. 

Irgens anbefaler alle som vert sjuke og dårlege på ferie, til å ringe umiddelbart til forsikringsselskapet sin alarmtelefon. 

Dei har oversikt over kva seriøse klinikkar i området ditt selskap har ein avtale med. 

På den måten kan ein effektivt sikre seg mot denne typen helsesvindel.

– Ring alltid alarmsentralen før du oppsøker lege. På den måten er du garantert eit par ting. Du veit at klinikken du kjem til er seriøs, du får betalingsgaranti som gjere at du slepp å betale for behandlinga sjølv og du unngår å bli overbehandla, seier Irgens. 

Bilen kan koste deg tusenvis av kroner

I tillegg til helseklinikkar som skriv skyhøge rekningar, er det fleire ting Irgens meiner vi nordmenn må passe på. 

– Skal du til dømes leige ein moped eller ein bil, er der fleire feller å gå i. Ei av dei mest vanlege er at det allereie er skader på køyretøyet som du ikkje har fått med deg. Når du då leverer det tilbake, so kan dei krevje deg for pengar og påstå at skada har kome frå deg. 

Ein lur ting å gjere når du leiger køyretøy, ifølgje Irgens, er å bruke eit par minutt på å filme ein gjennomgang av bilen eller mopeden. 

På den måten kan ein oppdage skader før ein tek i bruk køyretøyet og sikre seg at ein ikkje vert kravd for pengar i ettertid. 

– Dei minutta du brukar på ein slik gjennomgang, kan vere veldig lønnsame minutt for deg, seier Irgens. 

– Eg gjer det sjølv kvar gong eg leiger eit køyretøy i utlandet.

Forsikringsselskapa opplev ofte dette som eit problem når det er snakk om mindre utleigeselskap eller selskap som siktar seg inn på mopedutleige til ungdommar.

Utnyttar stress og kaos

Når vi er heime i Noreg er vi vande med å vere skeptisk til meldingar frå ukjende telefonnummer. 

Veit vi ikkje kven det er frå, so er det sjeldan vi svarer. 

Men når vi ligg i halvvegs jogg for å nå flyet eller for å levere inn leigebilen, so kan det vere litt stress og kaos. 

Dette veit svindlarar å utnytte. 

 Arne Rovick  / TV 2
FRÅ AVSLAPPING TIL KAOS: Svindlerane ønskjer å få dykk til å stresse og gje korte tidsfrister som ein ikkje tenkjer over. Foto: Arne Rovick / TV 2

Fleire sender ut falske meldingar der det gjerne står at du har gløymt å betale for ei parkering eller i bompassering. 

– Phising er framleis ein vanleg svindelmetode. Når vi står i ein stressa situasjon og får denne meldinga, so tenkjer mange at dei har no allereie brukt tusenvis av kroner på ferien, derfor kan det ikkje skade med eit par euro ekstra, seier Irgens. 

– Men når vi trykker på lenkja, so er det svindel. Det kan koste mykje. Ingenting hastar so mykje der og då, dersom meldinga er reell. Då kan det vente til du er komen heim eller opp på hotellrommet. Stressar dei med å få inn pengane, so er det ofte svindel. 

Ein av dei som prøvar å hjelpe nordmenn som er utsett for svindel er Sebastian Takle. Han er leiar for Financial Cyber Crime Center i DNB. 

Takle er samd med Irgens. Han seier svindlarane ønskjer å pålegge deg eit tidspress for å skape ein stressande situasjon for deg. 

 Stig B. Fiksdal
PUST UT: Takle er samd med Irgens i at det aldri er noko so hastar so mykje at det må gjerast der og då. Derfor kan slike meldingar ofte vere svindel. Foto: Stig B. Fiksdal

– Kriminelle ønskjer å stresse oss. Derfor vert det også meir prekært når du skal nå eit fly eller liknande. Ein vert gjerne meir freista til å berre løyse problemet der og då. Men stopp heller opp, ta deg tid og ikkje la deg stress. Du er heilt avhengig av det rundt slike svindelforsøk, seier han. 

Svindlarane tek ikkje ferie

– Min viktigaste bodskap er at kriminelle tek ikkje sommarferie. Det vanlege trusselbilete du står ovanfor til dagen, er like aktuelt gjennom sommaren. Phising er eit godt døme på det. 

I fjor vart DNB utsett for svindelforsøk verdt 2,5 milliardar kroner. Banken klarte å stoppe 2,1 milliard av desse. 

Totalt registrerte dei over 12.000 svindelforsøk fordelt på 6000 kundar gjennom 2024. 

Vanlege svindelmetodar og korleis du kan unngå dei

- Falske feriebustader

Aldri betale med bankoverføring. Bruk kredittkort gjennom anerkjente plattformer som FINN eller Airbnb. Desse har sikre betalingsløysingar. Vær skeptisk til prisar som er langt under marknadspris.

- Svindelklinikkar

Kontakt alltid alarmsentralen til ditt forsikringsselskap før du oppsøker lege. Dei er tilgjengeleg 24/7 og kan gje deg adressa til ein klinikk som er godkjent og trygg å bruke. Ikkje stol på ein lege som hevdar han har avtale med selskapet ditt, med mindre det er sjekka på førehand.

- Leigebil-fella

Ta bileter og samanhengande video av heile bilen, både ved henting og levering. Få ein tilsett til å bekrefte tilstanda på bilen saman med deg.

- Phising

Ingenting haster so mykje som svindlerane vil ha deg til å tru. Klikk aldri på lenkjer du plutselig får på SMS. Gå heller til den offisielle nettsida til selskapet for å verifisere kravet.

- Klassisk lommetjuveri

Aldri ha verdisaker i baklomma eller i ytterlomma på ryggsekken. Bruk ei veske med glidelås som du har på deg foran på kroppen. Lås inn pass og ekstra kort i safen på hotellet.

- Falske billettar til fly eller arrangement

Kjøp billettar direkte frå arrangøren eller flyselskapet sine nettsider, eventuelt gjennom store, anerkjende billettformidlerar. Vær skeptisk til ukjende seljarar på sosiale medier.

- «Gratis» WiFi

Unngå å logge inn på nettbanken eller oppgje sensitive informasjon på opne, offentlege nettverk. Bruk mobilnett eller VPN for ei sikker tilkobling.

- Falske «offisielle» nettsider

Gå aldri via lenkjer eller annonsar. Skriv alltid den offisielle adressa inn i nettlesaren sjølv, for å vere på den sikre sida.

Kjelde: Tryg

Ifølgje Takle, so er vi gjerne ikkje utsett for det same trusselbilete uansett kvar vi befinn oss. 

Ting vi gjerne kan kome unna med i Noreg, som å ikkje dekke over koden til kortet vårt når vi betaler eller gje kortet til servitøren som tek det med seg bak kassa for å betale, kan vere farlegare å gjere i utlandet. 

– Ein skal vere ekstra forsiktig. Men ikkje berre når vi er på reise, men også før ferien. Til dømes når du bestiller feriebustad. Det kan vere nokre ting som er greitt å spørje seg sjølv. Kven bestiller vi gjennom, er aktøren seriøs? Er tilbodet fornuftig eller er det for godt til å vere sant?

Utgjer seg for å vere politiet eller banken

Men ein svindelmetode som har blitt meir og meir utbreitt gjennom heile året er telefonsamtaleversjonen av phising. 

Svindlarar ringer og seier dei kjem frå politiet eller banken. Dei påstår du er blitt utsett for svindel. 

Dette kan også skape meir stress i det som skulle vere ein roleg sommarferie. 

– Dei snakkar godt norsk. Til dømes kan dei påstå at der er nokon som er kome seg inn på kontoen din og at du må overføre pengar eller logge inn med bank-ID på ei lenkje dei sender til deg. 

– Er du usikker på samtala, so legg på. Ring opp att på nummeret du til vanleg ville brukt for å kontakte banken din, ikkje på nummeret dei ringte til deg på. Men dersom samtala då er seriøs og banken har oppdaga svindelaktivitet på din konto, so må du følgje råda du får frå dei med ein gong, seier Takle. 

Takles råd om du trur du er eller er blitt svindla

– Ta kontakt med banken din umiddelbart. Dei kan hjelpe deg med å sette i verk tiltak med ein gong.

– Dersom banken tek kontakt og det er seriøst, lytt til råda frå dei. Seier dei det er eit problem, so kan ein ha dårleg tid.

– Vær skeptisk til telefonsamtaler som utgjer seg for å vere banken eller politiet. Ring dei heller opp på nummeret du ville kontakta dei på for å sjekke om det er ekte.

– Ikkje stol på alt du les på sosiale medium.

– Snakk med nokon om du er usikker på meldingar eller liknande. Få innspel frå folk rundt deg.

– Dersom dei prøver å pålegge deg hemmeleghald eller tidspress, ikkje lytt til dei.

– Anmeld alle bedrageri til politiet.

– Det er ingen skam i å bli lurt. Dette er profesjonelle aktørar. Aksepter det og ta kontakt med nokon som kan hjelpe deg, til dømes banken din.

Read Entire Article