Dette betyr børsfallet for di lommebok

1 month ago 23



I denne saka skal du få svar på:

Kva kan bli dyrare og billigare?

Kva skjer med renta?

Kva bør du gjere med sparing i fond og aksjar?

Har økonomane nokre andre råd?

Korleis kan børsfallet påverke lommeboka til nordmenn?

Børsfallet førre veke, der arbeidsløysetala frå USA stakk meir til vêrs enn forventa og store verdiar gjekk tapt, trur ikkje Alexandra Morris som er investeringsdirektør i Skagen har så stor betydning for nordmenn på kort sikt.

Det er viss det held fram over lengre tid, og vi går i ein resesjon, at ein kan bekymre seg for dårlege tider, ifølge Morris.

Då fortel Morris at ein vil merke det ved at folk vert redde og meir tilbakehaldne med å bruke pengar, som vil påverke bedrifter som tilbyr ulike tenester og varer i Noreg.

Det har vore børsfall fleire stader i verda denne veka, blant anna i Noreg. Kvifor skjer det og kva har det å seie for deg? 

Sindre Heyerdahl er økonomikommentator i E24, han heller trur ikkje at nordmenn vil kjenne på børsfallet med ein gong.

Børsane og mange andre investeringar har henta seg ein god del inn sidan då. Det er heller ikkje så sikkert at arbeidsløysetala var så ille som frykta heller, ifølge økonomen.

– Børsfallet auka frykta for økonomisk tilbakegang. Det var eit overdrive sal av aksjar og mange fekk panikk, fortel han.

No nokre dagar seinare, er det framleis dårleg, men ikkje så ille skal ein tru Heyerdahl.

– Det er greitt å understreke at det er ikkje fullt så kraftig panikk no som det var for nokre dagar sidan.

Men viss børsfallet varer i mange månader framover, trur økonomen at det kan svekkje krona.

Kva for varer og tenester kan bli dyrare?

Veldig mykje av det vi treng i Noreg vert importert. Dette gjeld til dømes elektronikk, klede, utanlandsk mat og leikar.

Morris fortel at varer Noreg importerer allereie er dyre fordi krona har svekket seg til dømes mot euro, dollar og den danske krona.

– Om Noregs Bank held renta på dagens nivå, medan USA og EU senkar renta, vil renteskilnaden gjere norske kroner meir attraktive for internasjonale investorar. Dette kan styrkje krona, redusere importert inflasjon, og kanskje til og med føre til deflasjon.

Men fortsett prisane å stige, og inflasjonen blir høgare, blir det dyrare å gå i butikken eller på restaurant.

Ei einkroning står på høgkant.

Terje Pedersen / NTB

Kronekurs

Kronekursen viser kor mange einingar utanlandsk valuta vi får for éin norsk krone.

For eksempel: For 1 norsk krone kan ein få 0,63 danske kroner.

Ein styrking av krona betyr at ein får fleire einingar utanlandsk valuta for ein norsk krone. Motsett betyr ein svekking av krona betyr at ein får færre einingar av utanlandsk valuta.

Ei firstprice gulost og ei norvegia.

Emilie Holtet / NTB

Inflasjon

Når prisane på varer og tenester går opp over tid kallas det inflasjon. Dersom prisane fell over tid, heiter det deflasjon.

Dersom lønnsauken eitt år er på 1 prosent, og inflasjonen er på 2 prosent, har vi mindre å handle for.

Kor mykje prisane stig i forhold til lønnsveksten, avgjer kjøpekrafta. Du får vanlegvis meir i kjøpekraft om løna di aukar meir enn prisane i samfunnet.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache framfor ei graf.

Stian Lysberg Solum / NTB

Rente

Både inflasjon og kronekurs kan bli påverka av styringsrenta.

Renter er prisen for å låne pengar. Renta påverkar kor mykje folk kan nytte til forbruk og investeringar.

Det er Noregs Bank som setter styringsrenta. Renta kan brukas til å halde eit jamt nivå på norsk økonomi.

Når styringsrenta går opp må normalt folk betale meir på for eksempel huslåna sine.

Myntar ligg på sedler.

Gorm Kallestad / NTB

Korleis heng det saman?

Lav kronekurs fører til meir inflasjon. Dei fleste varer blir dyrare og det blir dyrare å handle i utlandet. Sentralbanken prøver å justere prisveksten ved å sette renta opp og ned.

Når renta er høg i forhold til andre land, kan det bli meir gunstig for utlendingar å plassere pengar i Noreg. Og når fleire kjøper kroner så stig kronekursen.

Kva vil Noregs bank gjere med renta utover hausten?

Heyerdahl trur ikkje at Noregs Bank kjem til å setje ned renta med det fyrste, sjølv om det vert stadig prognostisert at det er rentekutt rett rundt hjørnet.

Han meiner difor at det kan vere greitt å bruke pengar med ei forventing om at det ikkje kjem rentekutt.

– Mest sannsynleg trur eg vi fyrst får rentekutt i Noreg neste år.

Morris er samd med kollegaen.

– Eg trur ikkje sentralbanken ønskjer å setje ned renta før inflasjonen er under kontroll og økonomien er meir avkjøla.

Fyrst då trur ho at sentralbaksjef Ida Wolden Bache vil redusere renta på låna dine.

I USA spår ein rentekutt i september frå den amerikanske sentralbanken. Nå trur dei fleste at det blir minst to rentekutt i same slengen. Altså at ein kuttar med 0,5 prosentpoeng, og ikkje berre med 0,25 prosentpoeng. Det som også kallast eit dobbelt rentekutt.

Råd om kva ein kan gjere med sparing i fond og aksjar

Ikkje få panikk! Det er rådet frå fleire ekspertar.

Morris tilrår dei som har råd, til å kjøpe aksjar.

– Når aksjemarknaden fell, så gir det som oftast fornuftige inngangsprisar, seier ho.

Det vil seie at det er billigare å kjøpe aksjar no, enn det var for nokre veker sidan.

Om dei aksjane ein allereie eig, seier økonomane at ein bør ha is i magen.

– Det er jo slik at dei fleste som investerer i fond og aksjar, tenker langsiktig, seier Heyerdahl.

– Og då trenge ein ikkje å vere nervøs i det heile tatt no. Særleg ikkje i fond, fordi det er slik at børser svingar, og med ujevne mellomrom så kjem det jo kraftige børsfall.

– Så dei kan sitte heilt roleg og tenke at dette kjem til å gå over, dette også, seier han.

Andre råd frå økonomane:

– Eg vil tilrå på generelt grunnlag at folk opprettar månadssparing, seier Morris.

Set av eit fornuftig beløp som du ikkje har behov for, ein sum som går til ein konto når du får lønning.

Summen tilrår begge økonomane må vere ein du har råd til, så du ikkje stadig tek ut av sparekontoen.

Morris tilrår òg å ha sparepengar i bakhand for ein regnvêrsdag

– Ha litt ekstra pengar på konto for uventa utgifter. Det er alltid fordel å byggje ein buffer.

Skulle det vise seg at børsfallet er starten på ein nedgangsperiode, så bør ein alltid vere forsiktig med for mykje bustadlån, seier Morris.

Heyerdahl seier at ein ikkje skal vere redd for å ta opp lån no på grunn av at børsfallet kan forverre seg, men han tilrår å tenkje på kor mykje ein tek opp i lån.

– Det er jo ein tendens at ein ofte i Noreg maksar bustadlånet, det kan jo vere lurt å prøva å halda litt att.

Då meiner Heyerdahl at ein står betre rusta for alle moglege økonomiutfall.

Publisert 08.08.2024, kl. 22.36 Oppdatert 08.08.2024, kl. 22.48

Read Entire Article