Det vil altså svekke distriktet å redde skulen, Aftenposten?

2 hours ago 1



Kari Nessa Nortun og Arbeiderpartiet gjør en helomvending i skolesaken i Innlandet. Foto: Olav Olsen

Bygdefolket har vist at det nyttar å slåst mot vedtak som vil tappe bygdene for eit livsviktig utdanningstilbod.

Publisert: 27.01.2026 09:00

Aftenposten refsar på leiarplass (21. januar) statsråd Kari Nessa Nordtun (Ap) for å ha «grepet inn i saken om Jotunheimen videregående skole» med grunngjeving at «de distriktspolitiske hensynene veier tyngst».

Innlandet fylkeskommune hadde vedteke å legge ned den offentlege vidaregåande skulen i Lom. Statsråden vedtok at Lom kunne få starte ein privatskule med 85 prosent offentleg finansiering. «I det lange løp vil det svekke distriktene hun hevder å ta hensyn til», skriv Aftenposten.

Det vil altså svekke distriktet å redde skulen!

Vi veit mykje om konsekvensar av skulenedlegging. Ein skule er til for elevane. Dei er 90 i talet i Lom og kjem frå heile Ottadalen. Men skulen er også ein arbeidsplass med ca. 20 årsverk. Det svarar til 6000 årsverk i Oslo om ein samanliknar folketalet i Lom og Oslo. Som om Universitetet i Oslo skulle leggast ned!

Skulen i Lom har alltid hatt oppsiktsvekkande gode faglege resultat. Dette vart ikkje tillagt vekt. Det fylkeskommunen kalla fagleg dokumentasjon, var framskriving av SSBs prognosar for elevtal. Alle som kan demografi, veit at slike framskrivingar er meir usikre for ungdom enn for gamle og meir usikre på lokalt nivå enn nasjonalt.

Det Aftenposten har rett i, er at lokalpolitikarar dei komande åra vil måtte handsame mange vanskelege saker om skulestruktur. Derfor må det stillast sterkare krav til fagleg dokumentasjonen enn det som vart gjort i fylkeskommunen.

Bygdefolket og næringslivet har kjempa med stor handlekraft og samla inn 70 millionar kroner for å redde skulen!

Gode Aftenposten: Kanskje veit dei sitt eige beste? Kom til Lom, og spør bedriftene! Det tener Nordtun til ære at ho har forstått dette og strekt ut ei hand til skuleungdom i Lom og dei som ønskjer å arbeide for ei framtid i distrikta. Bygdefolket har vist at det nyttar å slåst mot vedtak som vil tappe bygdene for eit livsviktig utdanningstilbod.

Read Entire Article