– Det var aldri min tanke at Mona ikkje var mi dotter

4 weeks ago 18



78 år gamle Karen Rafteseth Dokken fatta aldri mistanke om den utrulege forbytinga som skjedde på fødestova på Sunnmøre 1965.

Det forklarte ho i Oslo tingrett tysdag føremiddag.

Med lågmælt, klar stemme fortalde ho korleis ho blei lagt inn på fødestova der ho fødde ei dotter. Sju dagar seinare reiste ho heim med ein baby.

Men det skulle seinare vise seg å vere heilt feil baby.

– Det var aldri min tanke at Mona ikkje var mi dotter. Ho fekk namnet Mona, og skulle heite opp att etter mi mor, sa Dokken i retten.

Den 78 år gamle kvinna tok fleire gonger til tårene då ho fortalde i retten om korleis ho reagerte då ho fekk beskjed om at babyane var forbytte.

Linda Risvik Gotaas som baby

Den biologiske dottera til Karen Rafteseth Dokken vaks ikkje opp heime hos henne. Dokken fekk først møte henne igjen etter nesten 60 år i uvisse.

Foto: privat

Reagerte ikkje på at babyen var ulik dei andre

Babyen ho fekk med heim frå fødestova likna ikkje på resten av familien. Men då barnet etter kvart fekk mørke krøllar, tenkte Karen Rafteseth Dokken at ho hadde arva krøllane frå svigermora.

Ho reagerte aldri på at denne babyen såg annleis ut enn dei andre.

– Eg hadde ikkje peiling på noko, sa ho i retten.

I rettssalen sit no både kvinna som vaks opp som dottera hennar, og den biologiske dottera, som ho først blei kjend med etter nesten 60 år.

Det blei tårevått i rettssal 828 tysdag formiddag.

Karen Dokken med advokat og datter

Advokat Sølvi Nyvoll Tangen og Linda Risvik Gotaas. I stolen sit Karen Rafteseth Dokken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Avslørt av DNA-test

Alt blei oppdaga då Mona, som vaks opp hos Karen Rafteseth Dokken, hadde tatt ein DNA-test og søkt etter slektningar på nettstaden My Heritage.

Ho hadde i lang tid kjent seg annleis.

Nyheita slo ned som ei bombe i dei to familiane.

– Det var eit sjokk. Eg hadde ikkje peiling på at ikkje at Mona var vår, sa Dokken i retten.

– Ville ikkje bytt familie

Linda Risvik Gotaas (59), ein av babyane som blei forbytt, meiner dei burde fått vite om forbyttinga før. Ho vaks opp på Sørlandet, og ikkje på Vestlandet, der den biologiske familien hennar høyrde heime.

– Eg hadde sjølvsagt ikkje bytta famile, men eg kunne tatt kontakt og bestemt sjølv kva valg eg ville ta, sa ho i retten tysdag ettermiddag.

Ho seier det er leitt at ho ikkje nokon gong fekk treffe den biologiske faren sin. Ho ber staten og kommunen om å gje dei ei orsaking og ei erstatning.

Familien Dokken, saksøkere mot staten i babyforbyttingssak.

Janne Dokke, systra til ein av dei forbytta babyane, Karen Rafteseth Dokken, advokat Sølvi Nyvoll Tangen, ein av dei forveksla babyane, Linda Risvik Gotaas og advokaten hennar, Bjørn Rener-Larsen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Kunne ikkje tru mine eigne øyre

Dei tre kvinnene har no gått til sak mot staten og kommunen og kravd inntil 20 millionar i erstatning.

Staten og kommunen blei klar over forbytinga på 80-talet og gjorde fleire hemmelege undersøkingar utan å informere familiane. Dette kan ikkje Dokken tilgje dei.

– Eg ville ikkje tru mine eigne øyre, eg kunne ikkje tru det var sant det eg las, eg har aldri blitt kontakta, sa ho tysdag formiddag og la til:

– Eg kjenner meg veldig liten og ubetydeleg. Eg skulle liksom vere ein av hovudpersonane, og så har eg ikkje høyrt eit pip.

Ho har tidlegare fortalt til NRK at ho opplever at alderdommen er øydelagt.

Verken kommunen eller staten vil ta ansvar i saka. Advokatane meiner det ikkje er mogleg å bevise kven som forveksla babyane, at sakene uansett er forelda, og at ingen har krav på erstatning.

Fødselsannonser frå Sunnmørposten

Fødselsannonsene frå Sunnmørsposten viser at det blei fødd eit barn 14. og 15. februar. Desse blei forveksla.

Foto: FAKSIMILE FRÅ SUNNMØRSPOSTEN

Publisert 12.11.2024, kl. 13.43 Oppdatert 12.11.2024, kl. 13.56

Read Entire Article