Det norske flagget symboliserer alt mangfald, då treng me ikkje Pride-flagg på offentlege stenger

3 hours ago 6



Eg meiner me har eit flagg som samlar oss – der me skaper verdiar, bygd på verdiar frå røtene våre, skriv Vegard Snoksrud-Stokland, Klepp KrF. Foto: Privat
  • Vegard Snoksrud-Stokland

    Kommunestyrerepresentant for Klepp KrF

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Den siste veka har mange reagert på vedtaket til KrF på landsmøtet om å endre flagglova, slik at det berre skal vere det norske, samiske og kvenske flagget som skal brukast på skulane sine flaggstenger.

Dei fleste motargumenta som har kome, handlar om at dette vil svekkje fridommen og respekten i landet, og særleg for LHBTIQ+ gruppa i Norge. Mange meiner også at verdipartiet KrF, no går imot prinsippet om å elske sin neste som seg sjølv, spesielt dei svakaste i samfunnet vårt.

Eg stussar likevel på desse motargumenta, ettersom alt handlar om det materielle, nemleg eit flagg. For meg symboliserer Pride-flagget ei politisk rørsle leia av FRI, som kjemper for langt meir enn berre kjærleik-mangfaldet i Norge. Samstundes må me vere ærlege på at historia som har blitt skriven, ikkje har vore den optimale og gode historia for mange.

Difor har det vore viktig for oss i KrF å vere tydelege på at me vil byggje Norge nedanfrå og opp, på grunnleggjande verdiar henta frå bibelen og menneskerettane.

«Det er Norge i rødt, hvitt og blått» syng me i songen 17. mai. Desse fargane i flagget vårt symboliserer noko mykje større enn berre det synlege. Dei ber på djupe røter og verdiar som våre forfedrar har bygd vårt land på. Blant anna at Norge er eit fritt og sjølvstendig land, der verdiar som fridom, brorskap, mangfald og solidaritet står sterkt.

Dette var tanken til stortingsrepresentant Frederik Meltzer då han forma ut det norske flagget, som til neste år fyller 205 år. Meltzer valde bevisst fargane raudt, kvitt og blått, inspirert av den franske trikoloren frå revolusjonærane i Frankrike, der fargane er eit teikn på fridom.

Samstundes sette han inn eit kors i flagget, som eit teikn på kristendommen, og i dag eit symbol på vår kristne kulturarv. Om ikkje mange dagar heiser me flagget vårt til topps, for å feire dei verdiane Norge er bygd på, og vår fridom og sjølvstende for ein kvar i Norges land.

Det er desse verdiane me i KrF går til val på, ikkje det materielle mange prøver å forsvare, men dei djupe røtene som samfunnet vårt skal byggjast vidare på. Eit samfunn med plass til alle, og der me stolt kan syngje til flagget vårt: «det er Norge i raudt, kvitt og blått».

Publisert:

Publisert: 6. mai 2025 16:43

Read Entire Article