Det neste Spotify kan godt komma frå Rogaland

4 hours ago 2



DEBATT: Me treng at fleire bedrifter veks seg store og viser veg i omstillinga.

På dette bildet frå Westcontrol på Tau frå november 2024 ser me elektronikkmontør Mette Berg. Foto: Jon Ingemundsen
  • Herman Ringstad

    Kommunikasjonsrådgjevar, Innovasjon Norge

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Norge står framfor store utfordringar dei neste åra. Som alle andre land skal me utvikle nye næringar, men i tillegg skal me gjere oss mindre avhengige av vår mest produktive og inntektsgivande næring – olje og gass. For å klare dette treng me fleire av dei bedriftene som vert verkeleg store og som veks raskt. Me treng eit norsk Spotify, som i fjor haust passerte Norges mest verdifulle selskap, Equinor, i verdi.

Ei leiestjerne på Tau

I 2023 var det i overkant av to prosent av alle norske aksjeselskap det me kallar høgvekstselskap. Dei sto for heile tjue prosent av omsetninga i Norge. Slike bedrifter fungerer som leiarstjerner og inspirasjon for andre bedrifter med vekstambisjonar, og dei har nokre fellestrekk: Det tek gjerne mellom sju og ti år før dei oppnår lønsemd, og dei har gjerne ambisjonar om å drive med eksport allereie frå start av.

Me har fleire eksemplar på slike bedrifter i Rogaland. Faktisk er Rogaland det einaste fylket saman med Oslo der høgvekstselskap er overrepresentert, viser tal frå Samfunnsøkonomisk Analyse. Her i fylket er det 2,88 prosent av alle selskap som kvalifiserer til å definerast som høgvekstselskap.

Eit eksempel på eit slikt selskap er Westcontrol på Tau, som utviklar og leverer avansert elektronikk til eit bredt spekter av industrielle kundar, alt frå gründerbedrifter til internasjonale suksessbedrifter som Zaptec, Autostore, Kongsberg og Akvagroup. Dei 450 tilsette er fordelt på hovudkontoret på Tau utanfor Stavanger og fabrikkar i Egersund og på Notodden. Westcontrol har blitt kåra til Gasellebedrift av DN både i 2021, 2023 og 2024, og vart i 2024 valt som Årets bedrift av Næringsforeningen i Stavangerregionen. Me treng at fleire bedrifter tar slike steg dei neste åra.

Utviklinga må fortsette

Pila peikar riktig veg i utviklinga for norske vekstselskap, og me har fleire no enn for nokre år sidan. Av dei over 5500 selskapa som var høgvekstbedrifter i 2023, hadde om lag ein fjerdedel fått støtte frå Innovasjon Noreg. Det er sjølvsagt bra at utviklinga går riktig veg. Korleis kan me sikra det vidare og?

For å klare det må me adressere dei utfordringane bedrifter med vekstambisjonar møter. Det kan vere vanskeleg å få tilgang til kapital i Norge, og mange må sjå til utlandet for finansiering. Det kan òg vere utfordrande å få tak i leiarkompetanse. Det seier seg sjølv at ein gründer som går frå tre til 30 tilsette i løpet av kort tid vil møte på utfordringar som var ukjende for han eller ho for kort tid sidan. Det kan i tillegg vere manglande kunnskap om potensielle kundar og marknadsmoglegheiter internasjonalt.

Innovasjon Noreg vil prioritera våre tenester, som for eksempel marknadskunnskapen frå våre 24 internasjonale kontor, lånekapital for vekst og dessutan rådgjeving på toll og handelsreglar inn mot denne type bedrifter. Me har også foreslått å etablere ein nasjonal akselerator for vekst.

Med mange vekstkraftige bedrifter, godt samarbeid mellom offentleg og privat kapital som bank og investorar er det ingenting som står i vegen for at det neste Spotify kan koma frå Rogaland!

Publisert:

Publisert: 12. mai 2025 12:28

Read Entire Article