Det kvite hus: Trump til sak mot BBC

3 hours ago 1



Donald Trump reagerte sterkt då han blei kjend med avsløringane om korleis den britiske kringkastaren BBC hadde redigert talen han heldt før storminga av Kongressen 6. januar 2021.

Onsdag kveld stadfesta Det kvite hus at Trump går til søksmål mot BBC.

– Det var så tydeleg «fake news». Vi ser det i USA heile tida, og no ser vi det i Storbritannia, sa pressetalsperson Karoline Leavitt på eit pressemøte.

Det har storma kraftig rundt BBC etter at saka blei kjend.

Søndag trekte kringkastingssjef Tim Davie og nyheitsdirektør Deborah Turness seg som følgje av opplysningane som hadde komme fram.

– Det er blitt gjort nokre feil, og som kringkastingssjef må eg ta det endelege ansvaret, sa Davie.

Sidestilte bilder av en kvinne og en mann

BBCs nyheitsdirektør Deborah Turness og kringkastingssjef Tim Davie.

Foto: Charles Sykes/Invision/AP/NTB ; Hannah McKay/AP/NTB

BBC beklaga

Måndag fortalde BBC at dei hadde motteke eit brev frå Donald Trump der han trua med å saksøkje den britiske kringkastaren.

I brevet skal Trump ha trua med eit søksmål på 1 milliard dollar, som tilsvarar rundt 11 milliardar norske kroner. Det opplyste ei kjelde nær den amerikanske presidenten sitt juridiske team til nyheitsbyrået AFP måndag.

Måndag beklaga BBC det som hadde skjedd:

– Konklusjonen er at vi godtok at måten den talen blei redigert på gav inntrykk av at Trump oppfordra til valdeleg handling. BBC beklagar den feilvurderinga, skeiv styreleiar Samir Shah i eit brev til Storbritannias folkevalde.

Derfor saksøker Trump BBC

  • Hva er bakgrunnen for søksmålet?

    Donald Trump kunngjorde tidligere denne uken at han følte seg «forpliktet» til å saksøke BBC. Under en pressekonferanse onsdag kveld bekrefter Trumps pressetalskvinne Karoline Leavitt at søksmålet er sendt.

    Før Trump gjorde alvor av søksmålet har kilder nær presidenten sagt at han vurderer søksmål på én milliard dollar. Summen er ikke bekreftet etter at søksmålet ble offisielt.

    Bakgrunnen er at BBCs dokumentarprogram «Panorama» redigerte et klipp fra talen hans fra 6. januar 2021 på en måte som endret meningsinnholdet.

    Trump mener klippingen fikk det til å se ut som han oppfordret til vold under stormingen av Kongressen, som skjedde like etter talen hans.

  • Hva har BBC gjort?

    I «Panorama»-programmet klippet BBC sammen to separate sitater fra Trumps tale.

    I BBCs versjon sier Trump: «Vi skal gå til Kongressen, og jeg skal være der med dere. Og vi kjemper. Vi kjemper så inn i helvete.»

    Det originale sitatet lød derimot slik: «Vi skal gå til Kongressen. Og vi skal heie fram våre modige senatorer, kongressmenn og -kvinner.»

    Dokumentaren ble sendt i slutten av oktober 2024, like før presidentvalget i USA.

  • Har BBC reagert?

    BBC har allerede beklaget redigeringen av klippet, og kalt det en «feilvurdering». To toppledere – kringkastingssjef Tim Davie og nyhetssjef Deborah Turness – har gått av som følge av saken.

    BBC har imidlertid ikke kommet med en reaksjon på at Det hvite hus melder at søksmålet er sendt.

  • Hva krever Trump?

    Han vil ha dokumentaren trukket tilbake, en offentlig unnskyldning og økonomisk kompensasjon. Søksmålet skal være på minst én milliard dollar, ifølge Det hvite hus.

Klipte ned 50 minuttar lang tale

Saka eksploderte då avisa Telegraph publiserte detaljar frå ein 19 sider lang intern rapport frå Michael Prescott, ein tidlegare uavhengig ekstern rådgjevar for BBC.

Han sat i BBC sin komité for redaksjonelle retningslinjer, men forlèt rolla i sommar.

Sjå skilnaden på det originale opptaket og klippet sendt av BBC.

Rapporten kritiserer redigeringa av Trump sin tale, men også dekninga av krigen i Gaza og praksis i kjønnsdebatten.

Prescott peikar på at Trump i 6. januar-talen eigentleg sa: «Vi skal gå ned til Capitol, og vi skal heie på våre modige senatorar og kongressmedlemmer og -kvinner.»

I det redigerte klippet i BBC sin dokumentar ser vi Trump seie: «Vi skal gå ned til Capitol og eg vil vere der med dykk, og vi kjempar. Vi kjempar som berre helvete.»

Men orda fall med over 50 minutts mellomrom.

en kvinne som tar av ansattkortet på vei bort fra BBC

BBC sitt hovudkvarter i London.

Foto: Kin Cheung/AP/NTB

Prescott nemnde også eit anna klipp han meinte var problematisk: Biletet av marsjerande demonstrantar etter Trump sin tale verka som dei følgde oppfordringa hans.

Men opptaket av demonstrantar med viftande flagg var gjort før talen blei halden.

Publisert 12.11.2025, kl. 20.04 Oppdatert 12.11.2025, kl. 20.52

Read Entire Article