– Det kan ikkje gå utover kreftpasientar i behandling at sjukehuset flyttar. Det er uhøyrt.

4 hours ago 2



KOMMENTAR: Det er ikkje Stavanger kommune sitt ansvar å sørgja for nok pengar til at SUS får ferdig heile det nye sjukehuset. Det ansvaret ligg – for tida – hos sjukehuset sjølv.

Det er ikkje kommunen sitt ansvar å skaffa SUS meir pengar frå området på Våland. Foto: Jarle Aasland
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Konsekvensen vil være at den setter en stopper for SUS sin mulighet til å realisere resten av sykehusutbyggingen på Ullandhaug, og dermed vår mulighet til å fortsatt ivareta et godt spesialisthelsetjenestetilbud til befolkningen i 15 kommuner i Sør-Rogaland.»

Det skriv administrerande direktør Helle Schøyen ved SUS saman med styreleiar Bjørn Eriksten. Dei skriv det i eit svært krast høyringssvar til Stavanger kommune. Det gjeld områdeplanen for Våland Sør, der det gamle sjukehuset ligg, som nå er delvis fråflytta. Her har det vore sjukehusdrift i meir enn 100 år, og sjukehuset er største grunneigar. Den andre er Stavanger kommune sjølv, ved Stavanger Utvikling.

Pengane

Det er to måtar sjukehus kan skaffa seg pengar til husbygging på. Det eine er å spara frå dei pengane dei eigentleg har til drift, altså til å hjelpa oss når vi treng det, trøysta, lindra, gipsa, operera, kanskje gjera frisk, kanskje gjera betre. Den andre måten er å selja eigne eigedommar.

Det første gjer aller mest vondt, for oss som har vore, eller er, eller kan bli pasientar og pårørande. Det kan bli sånn at folk i Eigersund mister sine sjukehustenester heilt. At dei må til Stavanger med alt. At dei betaler for det nye sjukehuset med å mista det dei sjølv har.

Det er eit føreslått sparetiltak. Å kvitta seg med alle leigeavtalar, og samla alt på Våland og på Ullandhaug. Eit anna føreslått tiltak, er streng tilsettingskontroll.

For nå må dei begynna å betala tilbake på lånet til det halve nye sjukehuset. Heilt sidan 2017 har det i budsjetta stått at ein vil spara 250 millionar i året når ein flyttar inn på Ullandhaug, fordi drifta der blir meir effektiv. Det blir den sikkert, men ikkje frå dag ein, slik det har vore budsjettert med. Det burde ein ha sett for lenge sidan.

I tillegg gjekk det langt fleire arbeidstimar med i flyttinga enn sjukehuset hadde rekna med. Det burde dei også sett. I staden kom dei endå meir bakpå enn dei var frå før.

Det uforsvarlege

Men det aller vanskelegaste å høyra om akkurat nå, er at 100 kreftpasientar ventar på nødvendige CT-undersøkingar. I gjennomsnitt ventar dei 14 dagar utover det som er fristen. Dei ventar på å få vita om behandlinga har verka, om den må endrast, om ein må prøva noko anna. Dette er ikkje eit sparetiltak. Det skuldast flyttinga. Innkøyringsproblem. Og at ein ventar på ny CT-maskin.

For meg er ikkje dette forsvarleg helsehjelp. Det er uhøyrt. Det kan ikkje gå utover kreftpasientar i behandling at sjukehuset flyttar. Det held ikkje.

Usikkert

Ja vel. Så var det dette med å selja eigne eigedommar. Sjølv om SUS er den største grunneigaren der det delvis fråflytta sjukehuset på Våland ligg, så er det ikkje så enkelt å selja, eller vita kor mykje ein kan selja for. Det skal vera sjukehusdrift der i alle fall fram til 2040. Endå meir uklart ser det ut til å bli, viss ein nå – for å spara – seier opp alle andre leigeavtalar rundt forbi, og flyttar meir aktivitet til både nye SUS og det gamle på Våland.

Oppi dette har kommunen laga ein plan for området. Den har vore jobba med sidan 2023, og det skal ha vore møte omtrent ein gong i månaden med grunneigarane, som i tillegg til SUS er kommunen sjølv, gjennom Stavanger Utvikling.

Planen prøver, som nye planar for byutvikling bør, å leggja til rette for at ein kan bruka bygg om igjen, ikkje berre dei eldste, som skal bevarast, men fleire. Det skal vera skikkeleg med grøntareal, og lett for folk å koma seg trygt fram på sykkel og på eigne bein. Og ein ser føre seg ein miks av bustader, arbeidsplassar, tenester, møteplassar og parkar.

Oppi dette igjen, skal sjukehuset samtidig driftast. Tilsette må kunna koma seg fram og tilbake til jobben, ambulansar må kunna frakta pasientar, sjølv om det ikkje er akuttmottak her lenger. Og alt det tekniske ved eit sjukehus, må fungera. Dette er sjølvsagt viktig. Planen må ta omsyn til at det i årevis framover finst eit sjukehus i drift på området.

Sjukehuset har flytta frå ein stor del av området, men blir igjen på uviss tid i andre. Det gjer det vanskeleg å laga ein plan, og vanskeleg å selja. Til private utviklarar, som kan tenkja seg å byggja ut, byggja om og utvikla området.

For ambisiøst?

For det er ein skjør kombo. Den med at det er svært usikkert når sjukehuset flyttar ut, saman med krava frå kommunen om å omforma bygg, og krav om å endra på ting som gjeld heile området langt fram i tid, sjølv om ein berre skulle byggja på ein del av det. Det kan jo få utviklarar til å tenkja seg om. Venta. Kanskje håpa nokon andre tar første biten og tyngste børa.

Stavanger Utvikling føreslår i eit anna høyringssvar (saman med Helse Stavanger) at ein må opna for å byggja tettare dersom ein også bevarar eit bygg, at ein reduserer kravet til grøntareal, at ein endrar inndelinga i felt så det blir enklare å begynna å byggja. At ein også slepp å endra på ting som gjeld heile området, for fleire år fram i tid enn ein kan sjå.

Kommunen?

Av desse høyringssvara ser det ut til at kommunen har vore for ambisiøse i krava, til og med urealistiske. At det er for lite igjen, til dei som skal rekna seg fram til om dette er noko å investera i. Og at dei har tatt for lite omsyn til fortsatt sjukehusdrift.

Men det er likevel ikkje Stavanger kommune sitt ansvar å skaffa SUS meir pengar til nytt sjukehus, slik eg synest leiinga ved SUS går langt i å krevja i sitt høyringssvar. Det ansvaret ligg ennå på SUS, på Helse Vest og på Stortinget.

Og rekninga? For heile det nye sjukehuset? Den burde gå til staten. Ikkje til sjuke folk i Eigersund.

Publisert:

Publisert: 13. januar 2026 19:06

Read Entire Article