I Førde sentrum sit studentane Tellef Larsen og Kristoffer Larsen Hoen, og nyt lunsjen sin i finvêret.
– Det er nydeleg med sol! Godt å kunne nyte ein lunsj ute for ein gongs skyld, seier Tellef Larsen.
Til vanleg studerer dei økonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH), men i helga blir masterskriving bytta ut med surfecamp i Hoddevik på Stad.
Studentane skal på surfecamp i Hoddevik på Stad.
Foto: Andrine Gald Myklebust– Vi skal køyre vidare oppover kysten for å surfe litt, seier Tellef Larsen og smiler.
Studenten håper at fleire tar utnytte av finvêret.
– Folk må komme seg ut i sola!
Tellef Larsen håper folk kjem seg ut i godvêret.
Foto: Tare Reklev Øverbø / NRKGodvêr fleire stader i landet
Det blir rett nok litt kjøligare enn det har vore dei siste dagane,
– Så det er ingen som får sjå 20 grader. Det blir framleis svært tørt og ein god del sol og temperaturar nærare 10 -15 grader enkelte stadar, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak.
Godvêret blir jamt fordelt både på Vestlandet, Aust- og Sørlandet.
Det er Tor Helge Endstad frå Florø glad for.
– Det blir både golf og ein tur ut med båten, seier han medan han nyt kaffien i sola.
Tor Helge Endestad og fleire i kystbyen har planar om å ta ut båten i finvêret.
Foto: Håkon Kummermo / NRKMen godvêret har sin pris
Det har allereie vore tørt ganske lenge, og når det fortset så er det jo fare for at dersom gras eller lyng først tar fyr, så kan det brenne ganske fort.
Det er dårleg nytt for dei som gjerne skulle brukt det fine vårvêret til å lufte grillen ute i naturen.
– Vi har allereie ute to gule farevarsel som dekker store område sør i landet. Så om ein har tenkt nyte godvêret ute, så er kanskje ikkje grill ute i naturen det beste alternativet, nei.
Landet delt i to
Tørke og skogbrannfare er noko ein slapp å uroe seg for når vi kjem nord for Trøndelag.
– Nei, dei har heilt andre problem. Det har allereie vore et par stormar i alle de tre nordlegaste fylka siste dagane, seier Ratajczak.
Og det har faktisk vore blant dei kraftigaste aprilstormane ein har hatt.
– Det seier kanskje litt meir om at det er veldig uvanleg med storm i april.
Uvanleg kraftig uvêr i Bodø.
Forklaringa ligg i at i sør har eit høgtrykk i Nordsjøen gitt høge temperaturar og finvêr. Samstundes har det vore svært kald luft over Svalbard med temperaturar ned mot 20 minusgrader,
Temperaturforskjellane har ført til ein kraftig jettstraum. Då får ein gjerne lågtrykk.
«Uheldigvis» for dei nordlege fylka så ligg dei i midten.
Ei lita trøyst kan vere at helga ser litt rolegare ut, i alle fall med tanke på vind.
– Men det vil framleis å gå litt byer. Vêret startar no som snø, men i alle fall i Nordland og kanskje etter kvart også i Troms kan byrja å gå over til regn, seier Ratajczak.
Diverre ser det ikkje så mykje betre ut for neste veke. Lågtrykka ser framleis ut til å ha stø kurs mot den nordlege delen av landet.
– Ja, vårsola lar verkeleg vente på seg denne våren. Så ein får berre håpe at det blir litt betre sommar.
Tørt og varmt i sør, men.
I sør ser det tørre fine vêret ut til å halde seg også langt ut i neste veke
– Men mot slutten av neste veke. I alle fall på Vestlandet kan ein få litt regn. Men i aust så er det framleis svært tørt og i alle fall nokre dagar vert det forholdsvis varmt ute. Så der vil skobrannfaren, berre auke for kvar dag.
Publisert 04.04.2025, kl. 13.54 Oppdatert 04.04.2025, kl. 14.11