Det er urovekkjande at statsråden ikkje lyttar til dei samla vurderingane til ein heil sektor.
Publisert: 30.05.2025 08:00
Om resultatet av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) sitt eksamenseksperiment i 2026 kjem til å vere mindre russefeiring, er heilt i det blå. At det kjem til å bli mindre tid til læring, er derimot heilt sikkert.
Går ut over tida til undervisning
Regjeringa har bestemt at eksamen i 2026 skal flyttast ytterlegare fram for å hindre elevane i å gjennomføre russefeiringa. Håpet til Nordtun er at dei gjennom desse grepa skal klare å dempe feiringa. Om dei vil lukkast, er i det uvisse.
Utdanningsforbundet mistenkjer Nordtun for å gripe etter et halmstrå i sin iver etter å syne handlekraft overfor ei russefeiring mange meiner har gått over styr.
Problemet er at hennar iver går ut over tida elevane får til undervisning og eksamensførebuingar.
Vurderingane til ein heil sektor
Når Nordtun i spørjetimen på Stortinget svarar Høgre at å strekke eksamensperioden ikkje tyder at opplæringa skal avsluttast før fyrste eksamen, er det freistande å minne om at elevane til eksamen skal bli testa i det dei skal ha lært ved fagets slutt. Ikkje det dei har rukke å lære før eksamen tidleg i mai.
I denne saka er både KS, Utdanningsforbundet, Lektorlaget og Skolelederforbundet heilt samstemte: Dette vil gå på kostnad av tida elevane har rett til å få for å lære seg det stoffet dei kan kome til å bli testa i på eksamen.
Det er urovekkjande at statsråden her ikkje lyttar til dei samla vurderingane til ein heil sektor.
Tid til å ombestemme seg
Lærarane i vidaregåande fortvilar. Dei opplever alt i dag at tida til å gå gjennom fagstoffet før eksamen er for kort. Dei er uroa over at det vil bli endå kortare tid neste år.
Utdanningsforbundet har lansert eit framlegg der ein komprimerer eksamensperioden etter 17. mai og tek russetida som avgangsfeiring. Det er framleis tid til å ombestemme seg og gje elevane tid til den læringa dei treng og har krav på!
Vi forstår kunnskapsministerens trong til å gjere noko med russefeiringa. Men dette noko må ikkje gå på tvers av faglege råd og elevanes læring.