Sprintstjerne utestengd etter brot på meldeplikta
Tidlegare verdsmeister og OL-medaljør Fred Kerley er utestengd i to år, for brot på meldeplikta. Det skriv Friidrettens integritetseining (AIU) på X.
«Eit disiplinær- og appell-tribunal har ilagt verdseinar på 100 meter og dobbelt olympisk medaljevinnar, Fred Kerley, to års utestenging for brot på meldeplikta.» skriv dei.
«Tribunalet slo fast at amerikanaren var «aktlaus og, til ein viss grad, uansvarleg» ved å ikkje følgje antidoping-reglementet. » står det vidare.
I august i fjor blei den amerikanske sprintaren midlertidig utestengd, for same grunn.
Kort tid etter vlei det også klart at han hadde meldt overgang til «Enhanced Games», eit meisterskap der doping er tillate.
Kerley blei verdsmeister på 100 meter i 2022, og på same distanse under OL i Paris i 2024 tok 30-åringen sølv.














English (US)