Hendinga fann stad under verdscupen i rytmisk gymnastikk i Sofia i Bulgaria denne veka.
Sigeren gjekk til Tajisija Onofrijtsjuk (17) frå Ukraina, og det ukrainske flagget vaia altså høgast. Sofija Ilterjakova frå Russland blei nummer to. Ho konkurrerte som «nøytral utøvar» og fekk ikkje bruke det russiske flagget.
– Denne hendinga bekreftar at statusen som nøytral utøvar blir brukt som eit dekke for å formidle politiske synspunkt, meiner det ukrainske turnforbundet.
PÅ PALLEN: Sofija Ilterjakova viser fram medaljen ho tok i verdscupen i rytmisk gymnastikk i Sofia.
Grafikk: NRKDei krev at Ilterjakova får annullert resultatet sitt og får fjerna statusen sin som «nøytral utøvar». Dei meiner også at det må bli tøffare test for om utøvaren verkeleg ikkje har noka tilknyting til forsvaret eller andre sikkerheitsorgan i Russland.
Saka har vekt stor oppstandelse i både russiske og ukrainske medium.
– Demonstrativt
Ilterjakova snudde seg ikkje mot flagga da premieutdelinga var over og den ukrainske nasjonalsongen blei spelt, mens dei to andre på sigerspallen såg mot flagga til Ukraina og Italia.
I uttalen heiter det at den russiske gymnasten viste ein demonstrativ mangel på respekt for Ukrainas statssymbol.
VINNAR: Tajisija Onofrijtsjuk frå Ukraina vann konkurransen.
Foto: Charlie Riedel / AP,NTB– Denne gesten er eit direkte brot på reglane for oppførsel ved offisielle seremoniar og prinsippet om at «idrett står utanfor politikken», som ofte blir brukt som eit dekke for å la russiske utøvarar returnere, skriv det ukrainske turnforbundet.
– Samtidig som Russlands angrip med fleire dronar og missil enn nokon gong, opplever ukrainske utøvarar eit aukande press for å akseptere at russiske konkurrentar returnerer til internasjonal idrett. Dei kjenner seg makteslause når det ikkje kjem sterke reaksjonar, og fleire har fortalt meg at dei taler for døve øyre i møte med internasjonale særforbund og organisasjonar, seier NRKs Ukraina-korrespondent Fredrik Tombra.
NRK-KORRESPONDENT: Fredrik Tombra.
Foto: NRKEi rekke kjente russiske medium har omtalt saka.
– Russisk gymnast har skapt hysteri i heile Ukraina, skriv det statskontrollerte russiske nyheitsbyrået Rsport i omtalen sin.
Det internasjonale turnforbundet World Gymnastics skriv på nettsidene sine at dei har sett i gang ei etterforsking av hendinga.
– Eventuelle vidare steg vil bli vedtatt i samsvar med gjeldande reglar og etablerte prosedyrar, heiter det.
– Forvirra
Frå russisk hald blir det skissert at 15-åringen kan ha blitt forvirra i sin første internasjonale konkurranse.
– Under medaljeseremonien kan Sofia ha blitt litt forvirra. For ein utøvar som debuterer på eit slikt nivå, er det heilt naturleg, seier den russiske hovudtrenaren Tatjana Sergajeva, ifølge Rsport.
Russiske medium skriv at ukrainske utøvarar under Paralympics nekta å bli avbilda saman med russiske medaljevinnarar, utan at det gav følger.
KREML: Vladimir Putin hadde mottaking for dei russiske paralympics-deltakarane da dei kom heim frå Italia. I Paralympics fekk dei russiske deltakarane stille under det russiske flagget og nasjonalsongen.
Foto: Vyacheslav Prokofyev / Pool Sputnik Kremlin,NTBTil NRK sa derimot ukrainske parautøvarar at dei kjente seg diskriminerte av den internasjonale paralympiske komiteen IPC.
For at ein russisk utøvar skal kunne delta som nøytral i internasjonale konkurransar, må ho/han:
- Ikkje ha tilknyting til russiske sikkerheitsorgan.
- Ikkje ha støtta krigen i Ukraina aktivt.
Publisert 04.04.2026, kl. 11.22












English (US)