Den svenske popstjerna tek eit oppgjer med Det kvite huset

11 hours ago 1



– Eg hatar ICE.

Det skreiv den svenske popstjerna Zara Larsson på Instagram-storyen sin i helga.

Det kom etter at ho lista opp ting ho elskar.

En skjermdump fra Instagram

Sjå storyen Larsson la ut.

Foto: Skjermdump Instagram

Larssons innlegg var ein reaksjon på at kjærasten hennar ikkje får kome inn i USA etter ein tidlegare dom.

Ho reagerte også på at ein ICE-agent skaut og drap ei kvinne i Minneapolis.

Ho skriv at ho elskar immigrantar, kriminelle og velferd, men at ho hatar ICE.

No svarar Det kvite huset med ein TikTok-video.

I videoen høyrer ein Zara Larsson sin «Lush Life» saman med ein dansande Donald Trump frå ulike stader.

Videoen er eit skjermopptak frå «White House» på TikTok.

– Vi elskar deportasjon, vi elskar lov og orden, vi elskar arbeid, ikkje velferd, står det i videoen.

Lista blir avslutta med: «Vi ELSKAR ICE og kriminalitetsbekjempinga vår».

– Må ikkje gjere det så lett for han

Gjermund Stenberg Eriksen er sjølverklært USA-nerd og meiner det er flott at popartistar markerer støtta si til demokratiet i USA.

– Men ein må vere litt flink så det ikkje blir brukt som eit verkemiddel for Trump, seier Eriksen.

– Ein må ikkje gjere det så lett for han.

En voksen mann sitter i en kontoromgivelse, iført en grå genser. Bakgrunnen viser skap og stoler. Belysningen er dempet, og det er utydelige figurer i bakgrunnen. Mannen ser på kameraet med en alvorlig uttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Gjermund Stenberg Eriksen er sjølverklært USA-nerd.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Han seier det er mange på innsida av Det kvite huset som jaktar på ting som dette.

– Dei leitar etter utsegn som kan bli til medieoppslag.

– Å skrive at ho elskar kriminelle, utan at humoren kjem fram, gjer det lett for dei å slå tilbake.

Etter at Trump-tilhengarar vart sinte på henne for å seie at ho elskar kriminelle, svarar Larsson tilbake:

– Dei stemte på ein med 34 dommar for å bli president? Nokon hamnar i fengsel for å ha stole eller røykt marihuana, andre får styre eit land for verre ting, skriv Larsson.

En artist står på scenen med armene hevet i luften, iført en kort, glitrende kostyme. Bakgrunnen er rød med lys som skaper kontrast til scenen. Flere personer i publikum er synlige i forgrunnen, med lysestaver hevet mot artisten. Scenen ser ut til å være fra en konsert eller et live-show. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Larsson har blitt enda meir populær den siste tida.

Foto: Marco Bello / Reuters / NTB

TikTok-videoen til Det kvite huset har førebels over 700 000 avspelingar.

– Ho kan ende opp med å bli stoppa på grensa for desse utsegna, men det er supert å vise støtte, seier Eriksen. Stilla lønner seg ikkje.

Publisert 13.01.2026, kl. 13.08

Read Entire Article