Den skumle Trump

2 hours ago 1



President Donald Trump er ei kjempefare for verdsfreda. Om han får full kontroll over Grønland, kan det fort få ein kjedereaksjon fleire stader på kloden Tellus:

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Oppdatert: 1 minutt siden

Du leser nå et debattinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

1. President Vladimir Putin i Russland får ei legitimering av kravet på Ukraina.

2. President Xi Jinping i Kina kan fort annektera øystaten Taiwan, og berre visa til at det er sånn Trump gjer det.

For alt det eg veit, kan det vera fleire statar som får «vatn på mølla».

Trump vil helst gjera det på den måten som viser at han er ein fredens mann som ikkje grip til våpen. Hans maktmiddel er toll-tull. Den amerikanske presidenten blir nok aldri ein kandidat til Nobels fredspris.

Lat oss vona amerikanar flest viser ansvar og røyster denne vonlause mannen ut av Det kvite hus. Første valtesten er mellomvalet i 2026.

Publisert: mandag 19. januar 2026 kl. 09:53 Oppdatert: 1 minutt siden

Read Entire Article