Den nye regjeringa i Syria vekker oppsikt: – Forsøk på ein moderne stat

3 days ago 1



Etter 50 år med diktatorstyre under familien til Bashar al-Assad, har Syria fått ei ny regjering.

Dei nye ministrane er ei blanding av erfarne toppleiarar i Syria og støttespelarar av opprørsstyrkane som velta regimet i desember.

Al-Sharaa sine nære allierte fekk blant anna ansvar for politikken innan forsvar, utanriks og innanriks.

Mange syrarar har halde pusten fram til regjeringsstiftinga. Al-Sharaa sine utvalde viser i noko grad kva vegen vidare blir for Syria.

en mann som snakker inn i en mikrofon

al-Sharaa hadde fått mars som frist for å danne ei ny regjering frå EU og USA. Regjeringsdanninga kom i grevens tid.

Foto: Khalil Ashawi / Reuters / NTB

– Forminga av ei ny regjering i dag er ei erklæring av vår felles vilje til å bygge ein ny stat, sa al-Sharaa på markeringa i Damaskus.

Fram til den nye regjeringa blei stifta, var landet styrt av eit ministerråd. Landet har framleis ikkje nokon statsministeren, og Al-Sharaa får heile leiaransvaret som president.

Al-Sharaa har lova å halde eit demokratisk val, men også sagt at dette kan ta opptil fire år på grunn av situasjonen i landet.

Lite om religion og partilojalitet

Brynjar Lia, professor i Midtausten-studium ved UiO, har merkt seg at mange av dei utvalde ministrane har høg utdanning frå vestlege universitet.

– Her er det ikkje veldig mykje fokus på partilojale menneske, men ein har valt å gå ut breitt og fokusere på dyktige fagfolk, seier han til NRK.

en mann i dress og slips

Brynjar Lia meiner den nye overgangsregjering er eit steg i rett retning for Syria.

Foto: Berit Roald / NTB

– Halvparten er ikkje tidlegare assosierte med Hayat Tahrir al-Sham (HTS). Det er også interessant at al-Sharaa har valt to statsrådar frå Assad-perioden før borgarkrigen bruat ut.

Lia er meir optimistisk enn Waage om at desse vil klare å jobbe saman med den nye overgangsregjeringa.

Han viser til at ministrane, i sine talar om Syria si framtid laurdag, skildra ønske om «eit godt, samla Syria» og kva dei ville gjere for å oppnå det.

– Det var veldig lite om religion. Overraskande lite, seier han.

– Til og med justisministeren, som ein skulle tru i eit kvart islamistisk styre ville brukt tida på å snakke om islamsk lov og implementering av den, nemnde den ikkje i det heile.

En gruppe personer i en butikk

I hovudstaden Damaskus førebur folk seg på den store festen som avsluttar fasta, Id al-Fitr. Denne startar ved solnedgang søndag.

Foto: LOUAI BESHARA / AFP / NTB

Forsøk på ein «moderne» stat

Den nye regjeringa er eit forsøk på «ein moderne, inkluderande stat», meiner midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage til NRK.

Ho er historieprofessor ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Fredsforskingsinstituttet i Oslo (Prio).

Hilde Henriksen Waage, historieprofessor ved UiO og seniorforsker ved Prio.

Waage er professor og forskar ved UiO og Prio.

Foto: NRK

– Den er heilt sikkert ganske konservativ og bygd på Islam, men han tek med seg desse karrierepolitikarane og, rett nok ikkje mange, men representantar frå dei ulike minoritetane.

Likevel legg ho til:

– Syria treng eit mirakel for at dette skal gå bra. For det er store utfordringar.

Han har tilsett ei kvinne i si nye regjering: Hind Kabawat. Ho er svoren inn som sosial- og arbeidsminister. Dette får særleg mykje internasjonal merksemd.

Kabawat er godt kjend som ein opposisjonsfigur til Assad-regimet i Syria, og er medlem i ein av landet sine kristne minoritetar.

Blant dei som no skal styre Syria er altså ein kristen, ein drusar, ein alawitt og ein kurdar.

en kvinne som står på et podium mens mange menn hører på

Hind Kabawat dekker ikkje til håret sitt, noko som har vore viktig for den kristne minoriteten i Syria. Tilsettinga av henne i maktapparatet er eit forsøk på å bygge bru, meiner Waage.

Foto: Khalil Ashawi / Reuters / NTB

Ikkje «ei mildare utgåve av Taliban»

Det har vore mykje skepsis i vesten om korleis vegen blir vidare for det svært krigsherja landet.

Sidan opprørsgruppene velta Assad-regimet i desember, har al-Sharaa vore under press frå EU og USA. Dei har sanksjonar mot Syria, som dei har halde fast ved også etter maktskiftet.

– Mange, inkludert meg sjølv, tenkte at dette kom til å bli ei mildare utgåve av Taliban. Det er det ikkje i det heile tatt slik vi har sett det no, seier Lia

Han trur at iallfall EU vil innføre større lette på sanksjonane sine i nær framtid.

en person som står på et podium foran en folkemengde

Fleire av ministrane talte til forsamlinga då den nye regjeringa blei markert i Damaskus.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP / NTB

Men konflikten med den kurdiske minoriteten, og dei andre som ønsker ein føderal stat der provinsane kan i stor grad styre seg sjølve, trur ikkje Lia vil forsvinne av seg sjølv.

– Kurdarane har ønskt å få ein representant frå dei politiske partia i nordaust-Syria inn i regjeringa, slik at dei var representerte slik, seier Lia.

– Dei er ikkje nøgde med at det er ein person med kurdisk opphav som er i regjeringa. Dei ønsker også eit desentralisert Syria, føderalt eigentleg, med sjølvstyre for sin provins.

Lia håpar at no som overgangsregjeringa er på plass, blir dragkampen om korleis Syria skal ut teken frå politisk hald.

Publisert 30.03.2025, kl. 11.49 Oppdatert 30.03.2025, kl. 17.58

Read Entire Article