Den kraftige prisauken i leigemarknaden gir grunn til uro

8 hours ago 2



I eit innlegg her i avisa etterlyser Dag Erik Johnsen eit sterkare politisk engasjement for dei som leiger bustad. Her har han eit poeng.

Eigarlinja har dominert norsk bustadpolitikk i lang tid, og leigesektoren har i stor grad gått under radaren, skriv to av SVs listekandidatar. Foto: Vegard Damsgaard / Fædrelandsvennen

Eigarlinja har dominert norsk bustadpolitikk i lang tid, og leigesektoren har i stor grad gått under radaren. Dette står i motsetning til naboland som Danmark og Sverige der vi har ein stor del offentlege og korporative leigebustader.

Hvorfor snakker ikke venstre­siden om oss?

Åpen

Ungdom og personar med låg inntekt er overrepresentert på leigemarknaden. Det burde vere ein god grunn til å engasjere seg i å utvikle ein bustadpolitikk for dei som leiger. Den kraftige prisauken i leigemarknaden gir grunn til uro. Bustadsituasjonen og bustadkostnadene er ein avgjerande faktor for livskvaliteten og den personlege økonomien. Manglande bustadpolitikk skaper større forskjellar og klasseskille.

SV har programfesta å bygge opp en tredje bustadsektor. Vi vil bygge fleire ikkje-kommersielle utleigebustader etter mønster frå våre naboland. På kort sikt har vi fått gjennomslag for ein del tiltak som kan betre dagens situasjon for ein del leigetakarar. Bustøtteordninga er utvida i fleire omgangar slik at fleire får bustøtte inklusive ekstra støtte til straumutgifter. Utgiftstaket er også auka.

Etter initiativ frå SV blei det sett ned eit utval som skulle komme med forslag til endringar i husleigelova. Formålet var å finne fram til endringar som kan styrke rettane til leigetakarane som er den svake part i leigeforhold på den private leigemarknaden. Utvalet har lagt fram si innstilling, og regjeringa lova å legge fram forslag til lovendring i denne stortingsperioden. Men diverre utsette regjeringa heile saka til etter valet.

Johnsen har rett i at leigetakarane har fått for lite merksemd i bustadpolitikken. Det er ei utfordring vi må ta på alvor - ikkje minst på venstresida som er opptatt av fordeling. Bustadpolitikken er ein viktig del av fordelingspolitikken.

Read Entire Article