«Den forstop­pinga eg fekk i Farsund. Ho var ikkje berre fysisk. Ho var ei påmin­ning.»

1 week ago 18



Leserinnlegg
Hallo, Farsund. Er det folk der? spør leserskribenten. Foto: Ruben Duvold

Hallo, Farsund. Er det folk der? spør leserskribenten. Foto: Ruben Duvold

Oppdatert:52 sekunder siden

Eg bur i nord. Der vinden går rett gjennom deg og ingen spør om du finst, berre om du held ut. Her kranglar vi, banner og hyler ut i vestavinden. Difor ropar eg og sørover:

Hallo, Farsund. Er det folk der?

For de er så stille at ein byrjar å lure på om de har trekt dykk tilbake frå verda utan å seie ifrå.

Eg var der for ti år sidan. Eg hugsar eitt einaste konkret minne.

Rundstykke av kveitemjøl. 10 øre stykket.

Eg kjøpte for tre kroner. Det var kanskje den billegaste handelen eg har gjort. Og den dyraste opplevinga eg har hatt.

For systemet mitt stoppa opp. Fullstendig.

Eg gjekk rundt i fleire dagar som ein nasjonal beredskapsplan utan gjennomføringsevne. Alt stod stille.

Og der, midt i den stillheita, byrja eg å tenkje.

Er det slik det er i Farsund?

Har de ete dykk sjølve inn i ei slags sørlandsk ro der alt berre stoppar opp? Ikkje dramatisk. Ikkje bråkete. Berre stille.

For kvar er de?

Når resten av landet kranglar, ropar og meiner noko om alt mellom himmel og jord. Så kjem det ingenting frå Farsund.

Ikkje ein kommentar. Ikkje eit opprør. Ikkje eit lite rop om at de finst.

Eg skal seie dykk noko frå ein som bur i nord.

Å vere stille er farleg. For det er slik ein blir gløymd.

Og når ein stad blir gløymd. Så byrjar resten av landet å skrive historia utan dykk.

Eg lurer på om de driv med noko i det skjulte. Gamle kapersysler. Ventar på neste røveri.

At de har funne ein måte å leve på som ikkje treng merksemd. Som ikkje ropar. Som berre er.

Og det er vakkert. Men det er òg sårbart.

For eit folk må av og til røre på seg. Seie noko. Vise seg fram. Elles stivnar det.

Eg veit det. Eg har kjent det i min eigen kropp.

Den forstoppinga eg fekk i Farsund. Ho var ikkje berre fysisk. Ho var ei påminning.

Når alt stoppar opp. Må noko i rørsle.

Så Farsund: Kom fram. Vis dykk. Sei noko.

For de er ikkje borte. De er berre stille.

Og det er på tide å sleppe litt gjennom.

Med helsing frå Sápmi og Kvenland. Ein som framleis hugsar både rundstykka og konsekvensane.

Geir Jon Aarskog

Den forstoppinga eg fekk i Farsund. Ho var ikkje berre fysisk. Ho var ei påminning.
Read Entire Article