Demonstrasjonar i Southport etter knivangrepet

1 month ago 32



Det var måndag at fleire born blei knivstukke under eit dansearrangement i den lille byen Southport i England.

Tre jenter døde som følge av hendinga. Fleire er kritisk skada. Ein 17 år gamal er sikta for drap og drapsforsøk.

Tysdag kveld er det opptøyar utanfor ein moske i byen. Ein politibil er sett fyr på og ein tilsett ved politet er skada, opplyser dei.

Sky News melder at maskerte demonstrantar kastar mursteinar mot politiet. I følgje AFP skal det vere snakk om 100 demonstrantar i området.

Politet er på plass med bataljonar og har klarert området like utanfor moskeen.

Et titalls politifolk står oppstilt med opprørsutstyr foran politibiler.

Politet har klarert området utanfor moskeen i byen.

Foto: Pat Hurst / Pa Photos

– Det er kvalmande å sjå dette utspele seg i dette lokalsamfunnet som er knust etter tapet på dei tre unge jentene, seier politibetent Alex Goss.

Lokalt politi seier dei stod overfor ei av dei mest utfordrande oppgåvene i sitt liv måndag.

– I kveld, blei dei angripne medan dei forsøkta å forhindre uorden, seier Goss.

Fordømmer falske rykte

I ei pressemelding seier politiet at dei mistenker den høgre-ekstreme gruppa English Defence League for å stå bak.

Dei skriv at ein tilsett i politiet har knekt nasen og ein politibil er sett fyr på. Flasker og gjenstandar blir også kasta mot politiet, skriv dei.

Demonstrantar i Southport.

Politiet seier ei høgre-ekstrem gruppe skal stå bak opptøyane.

Foto: AP

Dei seier at opptøyane er knytt til falske opplysningar om 17-åringen som er sikta for drap og drapsforsøk.

Det har blitt spreidd falskt namn og bilde av det dei hevdar er den drapssikta. Dette avkreftar politiet.

– Nokre bruker dette til å drive med vald og uro i gatene våre, seier Goss.

På sosiale medium blir det spreidd opplysningar om at den drapssikta er ein asylsøkar som kom til landet med båt, medan britisk politi stadfestar at 17-åringen er frå Wales.

– Vi har allereie sagt at personen er fødd i Storbritannia, og desse rykta hjelper ingen på dette tidspunktet, skriv politiet i pressemeldinga som er gjengitt av Sky News.

Publisert 30.07.2024, kl. 22.28 Oppdatert 30.07.2024, kl. 22.57

Read Entire Article