Russland deler drone- og missilteknologi med Nord-Korea, noko som kan endre maktbalansen på Koreahalvøya og påverke krigen i Ukraina.

Publisert 12.06.2025 23:30 Sist oppdatert 28 minutter siden
Saka oppsummert
- Russland overfører teknologi til Nord-Korea for å produsere avanserte dronar og presisjonsmissiler.
- Dette kan endre maktbalansen i Asia og påverke krigen i Ukraina, åtvarar ukrainsk etterretning.
- Nord-Korea har også mottatt hjelp til å modernisere sine ballistiske missiler og ubåt-teknologi.
- Samarbeidet styrker Nord-Koreas militære kapasitet, men USA-støtte til Sør-Korea opprettholder balansen.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikret av TV 2s journalistar.
Russland har byrja å overføre teknologi til Nord-Korea for å hjelpe landet med å produsere avanserte dronar og presisjonsmissilar. Dette kan få store konsekvensar for tryggleikssituasjonen i Asia, åtvarar den ukrainske etterretningssjefen Kyrylo Budanov.
– Det er inngått avtalar om å starte produksjon av Geran- og Garpiya-typen UAV-ar (dronar) på nordkoreansk territorium, seier Budanov i eit intervju med magasinet The War Zone 9. juni.

Desse dronane, baserte på den iranske Shahed-136, har vist seg som ein av dei største truslane mot Ukraina sidan fullskalainvasjonen i 2022.
Russland produserer i dag kring 2000 slike dronar kvar månad, og arbeider for å auke talet til 5000. No skal altså teknologien delast med Nord-Korea. Produksjonen skal skje på nordkoreansk jord, noko som ifølgje Budanov vil påverke maktbalansen.

– Dette samarbeidet er ikkje berre farleg for Ukraina, men for heile Asia. Maktbalansen på Koreahalvøya står i fare for å verte endra dramatisk, slår Budanov fast.
Styrkar nordkoreanske rakettar
Produksjonen av Shehed-dronar i Nord-Korea kan nyttast til å støtte Russland i Ukraina-krigen.
Det er ikkje berre dronar Nord-Korea får hjelp med. Russland har også bidrege til å modernisere dei kortrekkjande ballistiske missila KN-23, som tidlegare hadde store presisjonsproblem.
– I utgangspunktet hadde desse rakettane avvik på fleire kilometer. No treff dei måla med høg nøysemd, seier Budanov.

Professor i militær strategi ved Forsvarets høgskule, Tormod Heier, meiner samarbeidet først og fremst er viktig for Russland si evne til å oppretthalde offensiven i Ukraina.
– Russland slit no med mangel på både personell og materiell. Nordkoreansk støtte kan bidra til å auke presset mot dei ukrainske linjene, særleg i aust, seier Heier.

Russland skal òg ha hjelpt Nord-Korea med teknologi til ubåtar og langtrekkjande luft-til-luft-missil – særleg med utskyting av missil med atomstridshovud frå ubåtar.
– Nord-Korea har hatt store problem med sjøbaserte utskytingar. Russarane hjelper dei med å løyse dette, seier Kyrylo Budanov.
Nordkoreanske soldatar i Russland
Sidan hausten 2024 har Nord-Korea sendt tusenvis av soldatar til den russiske grensa mot Ukraina. Rundt 11.000 nordkoreanske soldatar skal vere utplassert i Kursk oblast, hevdar etteretningssjef Budanov.
Det er også inngått avtalar om å sende nordkoreanske arbeidsmigrantar til Russland – ein plan Budanov meiner kan fungere som ein skjult rekrutteringskanal for russiske styrkar.

– Dette er eit forsøk på å erstatte arbeidarar frå Sentral-Asia, som Russland ser på som ustabile og sårbare for vestleg etterretning, seier han.
Ifølgje ein FN-rapport frå mai 2024 har Nord-Korea allereie sendt Russland over ni millionar artillerigranatar og minst 100 ballistiske missil berre i år. Og bidraga har ikkje stoppa der.
Ny front i aust?
Heier meiner det ikkje er grunn til å tru at dette vil føre til krig på Koreahalvøya, men erkjenner at utviklinga gir Nord-Korea eit breiare militært register å spele på.
– Det gir Nord-Korea større evne til å stå imot press i ein krisesituasjon med Sør-Korea eller USA. Sett frå sørkoreansk side er det uheldig, fordi det styrkar den militære evna på motsett side, seier han.
Samtidig trur han ikkje dette endrar den overordna maktbalansen – så lenge USA held fram med å støtte Sør-Korea.
I juni 2024 skrev Vladimir Putin og Kim Jong-un under ei gjensidig forsvarspakt. Ifølgje avtalen skal dei to landa hjelpe kvarandre militært dersom dei blir angripne.

Først i april 2025 innrømte Nord-Korea offisielt si deltaking i krigen i Ukraina, og i mai kalla Kim Jong-un det ein «heilag misjon» i tråd med russisk krigspropaganda.
Dersom Nord-Korea får kontroll over produksjonen av Shahed-liknande dronar og betre raketteknologi, vil landet kunne utfordre det sørkoreanske forsvaret på ein heilt ny måte. Samtidig vert Russland styrkt i sin langvarige krig mot Ukraina.
– Russisk teknologi kan styrke Nord-Koreas forsvar, men det aleine vil ikkje endre balansen så lenge Sør-Korea har amerikansk støtte i ryggen, seier Heier.