Dei lokale mormonane i Rogaland blei forfølgde til liks med kvekarar og haugianarar

1 day ago 8



KRONIKK: Historia fortel at kvekarar og haugianarar måtte forlata landet på 1800-talet fordi dei ikkje fekk utøva og dyrka den trua dei ville i Norge. Ei historie som nesten ikkje er fortalt er historia om mormonane og emigrasjon frå Norge.

Mormonane driv framleis misjonsverksemd i Stavanger. På dette bildet frå 2013 ser me Elder Crook og Elder Griffin. Foto: Kristian Jacobsen
  • Svanhild Olianna Nessa

    Forfattar, Tau

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Rogaland har blitt kalla «Det mørke fastland» og har sendt ei rekke misjonærar i regi av ulike misjonar til andre land og kontinent. Men frå 1850 og utover vart også Norge, til og med Rogaland, sett på som ei misjonsmark.

I 1851 kom den fyrste mormonar-misjonæren til Norge. Joseph Smith hadde grunnlagt denne religionen i 1830. Hovudsetet for dei var Nauvoo i staten Illinois i Amerika.

På misjonsferd til Norge

Frå Nauvoo reiste misjonærar rundt i Amerika, men sidan også til andre land. I det norske settlementet i Fox River i Illinois vart Gudmund Haukås og Endre Dahl omvende til mormonismen. Begge to er kjende for å ha kome til Amerika med Restaurasjonen i 1825. Gudmund Haukås etablerte og var leiar for den fyrste norske mormon-kyrkjelyden, ikkje i Norge, men i Amerika.

Historia til dei lokale mormonane fortener å komma fram i lyset.

Mormonane med Joseph Smith i spissen fekk ei hard medfart etter kvart. Han og broren vart kasta i fengsel og drepne, og medlemmer av kyrkja vart forfølgde. Såleis la dei ut på ei lang fluktferd, kalla «The mormon trail» i 1846. Målet var Saltsjødalen i Utah. Der skulle dei byggja opp «Det nye Sion». Mange mormonar reiste dit etter kvart, bl. anna Endre Dahl, kokken om bord på Restaurasjonen. Han hadde då ny kone.

Mormonane haldt fram med å senda ut folk på misjonsferder, no også til andre land. I oktober 1856 kom Knut Peterson (Kanute Peterson i Amerika) til Stavanger. Han kom frå Lehi i Utah, var gift og hadde barn med Sara-Ann, niesa til Cleng Peerson. Han reiste frå kone, barn og farm. Sjølv var han utvandra som liten gut i trettiåra, saman med mor og far sin frå Eidfjord i Hardanger. No vart han kalla til å vera misjonær i Norge i åtte år.

Flokken vaks i Stavanger og på Jelsa

I Stavanger fann han straks ein annan mormonar, nemleg hattemakar Johanessen. Han var blitt døypt til den rette lære i Danmark. Norske mormonar søkte staten om å bli eit godkjent trussamfunn etter dissentarloven, men fekk avslag. Såleis var det ulovleg å forkynna og døypa folk.

Alt i november same haust vart dei to fyrste døypte. Det var Lars Johnson og kona Eli frå Hjelmeland. I ei anna kjelde finn eg Lars som Lars Johnson Nessa. Flokken i Stavanger vaks trass i at det var ulovleg. I ein dom som Christoffer Winge m.fl. fekk i 1867, står det at Winge vart dømd for ulovleg religionsøvelse. Tidlegare nemnde Lars, fekk dom fordi han hadde «halde hus hvori mormonerne hadde samling».

Min tippoldefar Nils Reiarson Nessa, som eg har skrive ein historisk roman om, vart døypt i november 1858 i Årdal. Eg har fått tilsendt mikrofilmar av medlemslister frå Family Search i Salt Lake City som viser at ca. 20 personar i Hjelmeland kommune vart døypte og velsigna som mormonar. Og nokre ritual føregjekk i Årdal, men helst i «Stavanger-fjære», der dei var flest. Mest overraskande er det at eg kan telja opp ca. 50 medlemmer tilhøyrande Jelsa i Suldal. Ei tid på 1860-talet var det organisert ei eiga grein av mormonismen på Jelsa, og dei hadde hyppige besøk av misjonærar. Dåp vart utført m.a. på Jekteberget og i Jelsafjorden. Elles var dei fleste mormonane i Rogaland medlemmer i Stavanger grein.

Mormonane blei forfølgde

Det var ikkje enkelt å vera mormonar i Norge. Misjonær Winge fortel i biografien sin om mange fengselsopphald på vatn og brød. Ei julaftan sat han i same cella som stortjuven Gjest Bårdsen hadde vore i, og serveringa var eit krus vatn og ein brødskalk. Han skriv også at då han vart arrestert, «stakk Lars til Årdal». Fleire misjonærar vart helselause av fengselsopphaldet, svolt og frost. Knut Petersen fekk såleis reisa attende til Utah etter tre år på grunn av dårleg helse.

Lensmann, prest og politi var etter mormonane og dei fleste vanlege folk snudde ryggen til dei. Det er historier om korleis legar nekta å koma ved sjukdom og hjelpekoner avslo å koma ved fødslar. Likevel vaks kyrkjelyden. Han var den største i Norge utanom statskyrkja i mange år. Eg har sett talet 4000 før det vart så umogleg å leva her, og halvdelen emigrerte til Amerika i løpet av 1870-åra. No er det 4600 norske medlemmer i Jesu Kristi Kirke av siste Dagers Hellige, som dei heiter. Til samanlikning var kvekarane nesten berre i Rogaland. Folketeljinga i 1865 viser at det var 473 som oppgav at dei var kvekarar, og i 1875 403 som sa det same. To kvekarar, Lars Geilane og kona, var med på Restautionen i 1825. Det er få igjen i landet no.

Med denne kunnskapen undrar eg på kvifor ikkje mormonane oftare blir nemnde i høve til utvandring og især når det gjeld forteljinga om religionsforfølging.

Publisert:

Publisert: 14. april 2025 21:40

Read Entire Article