– Dei er valdtekne på feil tidspunkt i feil kommune

1 week ago 9



– Barn blir avviste på grunn av manglande kompetanse fordi dei er valdtekne på feil tidspunkt i feil kommune.

Det hevdar Inga Marte Thorkildsen som er politisk rådgjevar i Stine Sofies Stiftelse. Ei stifting som blei oppretta etter drapa i Baneheia.

Tilbodet rundt om i landet er ikkje likt og ikkje godt nok, meiner stiftinga.

I 2022 blei det politimeld 709 valdtekter av barn under 14 år.

I dag skal barn få tilbod om undersøking og behandling på barne- og ungdomsklinikken innan tre døgn.

– Barna kan ikkje vente i tre døgn. Dessverre veit vi at dagens ordning heller ikkje er tilgjengeleg for alle barn, seier Thorkildsen.

Stiftinga finn støtte i valdtektsutvalet sin rapport som kom 8. mars i år. Der blir det slått fast at særleg tilbodet til barn under 14 år er mangelfullt.

Underskriftskampanje overlevert fra Inga Marte Thorkildsen i Stine Sofies Stiftelse.

Kampanjen frå Stine Sofies Stiftelse har fått mykje støtte.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Det smerter meg

Måndag formiddag kunne Thorkildsen overrekke nær 15.000 underskrifter til helseminister Jan Christian Vestre.

Signaturar på eit opprop som krev handling frå regjeringa.

Vestre er tydeleg på at dette er eit område som blir prioritert og at regjeringa no vil sjå på korleis tilbodet til barna kan bli betre.

– Men korleis reagerer du som statsråd på at så mange valdtektssaker mot barn blir meld til politiet her i landet?

– Det smerter meg, eg trur det smerter alle. Det er forferdeleg at ungar blir utsette for slikt. Sånn skal vi ikkje ha det i Noreg, seier Vestre.

Han slår fast dei vil sørge for at dei barna som opplever dette skal bli tatt vare på uansett kvar dei bur.

Inga Marte Thorkildsen og Jan Christian Vestre

Jan Christian Vestre overtok som helseminister 19. april i år.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Kjem med forslag

Men partiet Høgre meiner at regjeringa sitt arbeid på området går for treigt. Denne veka fremjar dei eit forslag for Stortinget med krav om betre akuttilbod til barn.

– Barn som blir utsett for valdtekt treng akutt hjelp, slår stortingsrepresentant Tone W. Trøen (H) fast.

Ho forventar at eit samla Storting står samla om dette.

– Eit betre helsetilbod for barn utsett for valdtekt må på plass. Noko anna er ikkje til å leve med, seier Trøen.

– Nye retningslinjer

Helseministeren seier at han kjenner godt til forslaget frå Høgre.

– Så er det jo fleire måtar å styrke rettstryggleiken og vi jobbar med nye retningslinjer for å ta vare på den yngste gruppa, seier Jan Christian Vestre.

For Inga Marte Thorkildsen og Stine Sofies Stiftelse er det viktig at styresmaktene no tek dette på alvor.

– Kvifor trur du at tilbodet ikkje er godt nok slik det er no?

– Det kan henge saman med måten vi har sett på barn opp gjennom tida. Kanskje orkar vi ikkje å tenke tanken på at barn blir utsette for seksuelle overgrep og valdtekt i det heile.

Publisert 06.05.2024, kl. 12.24

Read Entire Article