Det vart ein litt annleis eksamensdag for åtte UiT-studentar tysdag.
Fasiten var nemleg inkludert i eksamensoppgåva, som vart sendt ut som digital eksamen.
Studentane tek emnet «global politisk økonomi» på Handelshøgskulen ved UiT Noregs arktiske universitet i Harstad.
– Det er ein kombinasjon av menneskeleg svikt, og det vi også opplevde denne gongen var at vi har nokre utfordringar knytt til vår teknologiske plattform.
Det seier Jørgen Breivik, som er assisterande instituttleiar på Handelshøgskulen UiT Harstad.
Det var Harstad Tidende som omtalte saka først.
Tre av studentane tok eksamen to timar seinare
Eksamensstart var kl. 09. Feilen vart oppdaga akkurat då eksamenen skulle starte.
– Ein forsøkte å rette på det, men det førte til at nokon fekk den nye versjonen av eksamenen, medan andre fekk den gamle versjonen med sensorrettleiing, forklarar han.
Då dette vart kjent, vart den skriftlege eksamenen stoppa. Studentane fekk tilbod om å ta eksamen på nytt to timar seinare, klokka 11.
Tre av dei åtte studentane valde å gjennomføre ein ny eksamen same dag, der ei tidlegare «konteeksamensoppgåve» vart brukt.
Studentane er bachelorstudentar frå to ulike studieprogram; økonomi og administrasjon og leiing, innovasjon og marknad.
– Vi jobbar no med ein plan med tanke på korleis vi kan legge til rette for at studentane så snart som mogleg skal kunne gjennomføre ein ny eksamen, seier Breivik.
Jørgen Breivik, assisterande instituttleiar ved Handelshøgskulen på UiT Harstad, beklagar overfor dei råka studentane.
Foto: Tora Jarnæs Vold / NRK– Skal vere rettferdig
Studentane som har teke emnet, vil då ta ulike eksamenar – som følge av feilen som vart gjort av universitetet.
– Dette er slik som det blir gjort til dømes dersom studentar stryk. Då vil ein ha høve til å ta opp emne på eit seinare tidspunkt. Ein blir jo vurdert utifrå dei same kriteria, sjølv om at innhaldet i oppgåvene kan vere forskjellig frå gong til gong, seier han.
– I utgangspunktet skal det vere rettferdig, legg han til.
Breivik seier at så vidt han veit, er det første gongen dei opplever ein sånn type feil hos UiT Harstad.
– Vi må sjølvsagt i etterkant av dette gå gjennom våre system og rutinar, for det har svikta på fleire punkt. Vi har nok eit grunnlag for å sjå nøye på måten vi jobbar på.
Han legg til:
– Dette er ei særs beklageleg hending, som sjølvsagt ikkje burde skje. Vi beklagar overfor dei råka studentane.
– Skal ikkje skje
Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Kaja Ingdal Hovdenak, seier til NRK at slike feil ikkje skal skje.
– Studentane skal ikkje få utlevert fasiten til eksamensoppgåva si, det er jo sjølvsagt.
Når feilen først har skjedd, meiner Hovdenak at det er viktig at studentane får god informasjon.
Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Kaja Ingdal Hovdenak.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK– Eg tenkjer det er uheldig at nokre studentar får eksamen på eitt tidspunkt, og andre på eit anna tidspunkt, seier ho, og legg til:
– Det som er viktig her, er å sørgje for at det ikkje går utover studieprogresjonen – altså at ein ikkje får forsinka studieløpet dersom ein ikkje rekk å få ny eksamen før sommaren.
Publisert 28.05.2025, kl. 18.12