De som skulle ønske de heller var på jobb i julen

2 hours ago 2



Ver tolmodig med deg sjølv og med andre i jula, skriver innleggsforfatteren. Foto: NTB Scanpix

Ikkje ta for gitt at alle elskar jula. Gi rom for at det er lov å grue seg.

Publisert: 20.12.2025 11:32

Gler du deg til jul? Så fint. Mange av oss gjer det, og godt er det.

Samtidig veit vi at mange gruar seg til jul, av ulike og heilt personlege grunnar. Mykje kan likevel samlast i tre tema: økonomiske bekymringar, relasjonelle belastningar og einsemd.

Einsemd kan vere at ein er fysisk åleine, men også at ein kjenner seg åleine i si oppleving av juletida.

Frykta for å bli sett på som ein «Grinch»

For mange er det ikkje berre vanskeleg å ha desse kjenslene, det er òg vanskeleg å setje ord på dei. Ein kan vere redd for å bli sett på som ein «Grinch», ein som øydelegg julegleda for andre. Men det handlar ikkje om å ta noko frå nokon. Helst trur eg vi har behov for å bli sett i at juletida er krevjande. Å kjenne oss mindre åleine om det, utan å ta gleda frå dei som kosar seg.

Og for somme kan ferie vere meir enn fri. Det kan vere å gi slepp på tryggleik, føreseielege rutinar og tilhøyrsle. Det som jobben ofte gir.

Nokre av oss skulle helst ynskje at vi kunne hoppe over jula i desember. Her er tre slike forteljingar.

Marie

Marie skulle ynskje ho kunne jobbe i jula. Ho ville heller sitje framfor skjermen på kontoret enn ved kjøkkenbordet heime. I staden skal ho feire med familien.

Ho veit det blir mykje drikking hjå foreldra. Glasa blir fylte lenge før pinnekjøtet er ferdig dampa. Ho er vaksen no, men blir likevel liten og redd når faren blir høgrøysta og mora snøvlar meir utover kvelden. På jobb luktar det kaffi og peparkaker, ikkje konjakk og akevitt.

Vegard

På kontoret er det roleg den siste veka fram mot 24. desember. Vegard likar det slik. Heime ventar ingen på han. Borna feirar jul med ekssambuaren etter samlivsbrotet, og han blir sitjande åleine.

Åleine med inkassovarsel og tankar om spelegjeld som ingen andre veit om. Kollegaene ynskjer han «god jul» på veg ut døra. Han smiler tilbake og ber stille om fleire arbeidsoppgåver.

Mette

På vakt i jula får Mette rom til å puste. Telefonen ligg gøymd i sekken. Ho orkar ikkje fleire meldingar om kvar dottera sist blei sett. Ho er trøytt etter nattas leiting, men var likevel først på jobb og kokte kaffi før dei andre kom. «Jula handlar om barna», seier folk.

Kva ville kollegaene tenkt om dei visste at dottera hennar rusar seg? Når det ringjer på døra, kjenner ho berre frykt. På jobb har ho rutinar, kollegaer og pasientar ho kan hjelpe.

Forteljingane er fiktive, men dei byggjer på ekte erfaringar mange vil kjenne seg att i denne jula. Vi kan ikkje gi alle ei god juletid, men vi kan bidra til at vanskelege kjensler blir lettare å bere, også på arbeidsplassen.

Vi kan ikkje gi alle ei god juletid

Ikkje ta for gitt at alle elskar jula. Gi rom for at det er lov å grue seg. La folk få kjenne det dei kjenner, utan å måtte forklare alt. Ver eit medmenneske: Lytt heller enn å kome med løysingar med ein gong.

Sjølv om tradisjonar av og til kan kjennast som reglar for korleis jula «skal» vere, er det kvar og ein av oss som bestemmer kva vi gjer med desse dagane. Ver tolmodig med deg sjølv og med andre.

Mange av oss ber meir enn vi visar. Om vi møter eigne og andre sine reaksjonar med eit rausare blikk og litt meir forståing, kan jula ofte bli litt mindre krevjande.

Read Entire Article