Fleire unge røyker. Kven skulle trudd det?

1 day ago 6



Noreg ligg no på toppen i Norden når det gjeld unge vaksne som røyker. Verst er det blant unge menn. Heile 26 prosent røyker dagleg eller av og til. Det er fleire enn for ti år sidan.

Samstundes er snusbruken skyhøg, og e-sigarettar spreier seg raskt blant unge kvinner. Dette skjer på same tid som røyking går ned i nabolanda våre.

Det samla biletet gjev grunn til djup uro: Fleire unge startar å røyke, og vi klarer ikkje å få dei eldre til å slutte raskt nok.

Det betyr at vi kan vente ei ny bølgje av tobakksrelaterte skadar og krefttilfelle i åra som kjem.

Dette er ikkje småtteri

Mange trur at «litt røyking» og «berre på fest» ikkje er så farleg. Det er feil. Norsk forsking viser at av-og-til-røyking aukar risikoen for tidleg død med heile 38 prosent. Røyking fører framleis til over 5000 krefttilfelle kvart år. Dette er ikkje småtteri.

Og nei, e-sigarettar og nikotinsnus er ikkje ufarlege alternativ. Dei er industriproduserte produkt som ein blir avhengig av. Dei har no fått godt fotfeste blant unge, og vi veit altfor lite om konsekvensane på lang sikt.

Det vesle vi veit, gir likevel grunn til uro: Det er påvist fleire kreftframkallande stoff i desse produkta. Kreft tar lang tid å utvikle. Dei endelege svara på kor farlege dei er, får vi først om 30–40 år.

Vi meiner det ikkje er verdt å gamble med helsa til barn og unge.

Vi er ikkje best i klassen

Noreg likar å tru at vi er verdsleiande på førebygging av tobakksbruk. Men no er vi ikkje lenger i front.

Danmark har til dømes sett seg som mål å få ein nikotinfri generasjon innan 2030, og regjeringa har nyleg foreslått å få ned talet på stader der ein kan kjøpe tobakk og nikotinprodukt. Dei meiner det er eit paradoks at det er vanskelegare å få tak i fyrverkeri enn i sigarettar.

Nederland har laga ein ambisiøs plan for å gradvis minske tilgangen på tobakk og nikotin. Irland har heva aldersgrensa til 21 år, har mål om ein nikotinfri generasjon innan 2030, og strammar inn på marknadsføring, smakar og sal.

Storbritannia er i ferd med å innføre eit generasjonsforbod. Det vil seie at dei som er fødde i 2009 eller seinare, aldri skal kunne kjøpe tobakk. I Sverige har dei hatt røykfrie uteserveringar og festivalar sidan 2019, eit tiltak som er svært populært blant svenskane.

No må politikarane vakne

Regjeringa har nyleg lagt fram ein kreftstrategi med ambisiøse mål for tobakks- og nikotinbruk blant unge. Det er bra. Men unge sluttar ikkje med tobakk og nikotin berre fordi vi eller regjeringa seier det. Vi treng politikarar som tør å ha høgare ambisjonar enn røykeforbod på leikeplassar og i bil. Ja, det er òg viktig, men vi må klatre høgare.

Kreftforeininga vil at regjeringa skal lansere ein barne- og ungdomspakke med tiltak som får Noreg ned frå røyktoppen i Norden. Og vi meiner regjeringa no må innføre eit nasjonalt røykesluttprogram, slik dei har lova. Prøveprosjektet i Vestre Viken viste at nesten 30 prosent blei røykfrie etter ni månader. Det verkar.

Det finst inga unnskyldning for å somle lenger. Rekninga kan dei sende til tobakksindustrien.

Tida er no

31. mai markerer vi Verdas tobakksfrie dag. Det burde vere ein vekkjar for oss alle. Ei påminning om at kampen mot tobakk krev kontinuerleg merksemd og politisk handlekraft. Og at tida for fleire tiltak er no.

Jo fleire som sluttar å røyke, og jo færre som byrjar, jo færre vil få kreft.

Men jo lenger vi ventar, jo fleire liv går tapt.

Publisert 30.05.2025, kl. 16.08

Read Entire Article