Dag Solstad er død

5 hours ago 4



Ifølge Folkeregisteret døde Solstad fredag. Også forlaget Oktober stadfestar dødsfallet i ei pressemelding.

– Dag Solstad døydde fredag kveld 14.03.25 av hjartestans etter eit kort sjukehusopphald med kona si Therese Bjørneboe ved si side.

Solstad var ein av vår tids mest sentrale romanforfattarar i Noreg. Han var mest kjent for romanane sine, men skreiv også essay og artiklar.

I tillegg skreiv han fleire reportasjebøker om VM i fotball saman med kollegaen Jon Michelet.

Jon Michelet og Dag Solstad gir ut fotballbok

Dag Solstad og Jon Michelet gav ut seks reportasjebøker frå fotball-VM. Den siste kom i 2014. Då fekk også Morten Pedersen og Tom Stalsberg vere med på laget.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Han debuterte i 1965 med novellesamlinga «Spiraler». To år seinare kom kortprosasamlinga «Svingstol», før han romandebuterte med «Irr! Grønt!» i 1969.

Frå 1966 var han ein del av redaksjonen som gav ut det radikale tidsskriftet Profil saman med blant andre Jan Erik Vold og Espen Haavardsholm.

Arbeidardiktar og sosialrealisme

Litteraturen til Solstad låg tett på samtida, og endra stil for kvart tiår han skreiv. På 1970-talet blei han til liks med ei rekke andre norske forfattarar medlem av AKP (m-l).

Han begynte å skrive sosialrealistiske romanar, og skildra tilhøva til arbeidarklassa i etterkrigstida.

Dag Solstad i 1982.

Dag Solstad i 1982.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Ved inngangen til 1980-talet er kommunismen i ferd med å falme, og Solstad gir ut romanar der hovudpersonane ser tilbake på tida som medlem i AKP (m-l), og om alt som ikkje blei slik ein hadde tenkt seg.

Desillusjonerte menn

På 1990-talet tek forfattarskapen ei ny vending. Fleire av Solstads mest kjende bøker kom i denne perioden.

Felles for fleire av desse bøkene er at handlinga krinsar rundt ei enkelt hending. Som i «Genanse og verdighet» frå 1994, der lektor Elias Rukla ikkje klarer å slå opp paraplyen sin i skulegarden.

Dag Solstad

Boklubben kåra «Genanse og verdighet» til 1990-talets beste roman i 2007.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Utover 2000-talet kom det Solstad sjølv kalla «bonusromanar», der han blant anna bruker sjølvbiografiske element og drøftar eige forfattarskap. Romanane var også meir eksperimentelle i forma enn tidlegare periodar.

Blei sett pris på

Solstad har fått ei rekke utmerkingar for bøkene sine. Han har blant anna fått Kritikerprisen tre gongar.

Han fekk Nordisk råds litteraturpris i 1989 for romanen «Roman 1987».

Dag Solstad vinner Brageprisen 2006

I 2006 fekk Dag Solstad Brageprisen for romanen «Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman». Han fekk også Brageprisens heiderspris i 1998.

Foto: HEIKO JUNGE / SCANPIX

I tillegg har han fått Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Brageprisen og Svenska Akademiens nordiske pris.

2011 blei Solstad tildelt Statens æreslønn.

Publisert 15.03.2025, kl. 12.14 Oppdatert 15.03.2025, kl. 12.30

Read Entire Article