Då alle barna skulle få skjerm

6 hours ago 5



– Eg hugsar då vi fekk iPaden, at eg tenkte, wow! Er det sant?

Det var heilt sant.

Våren 2014 var Birgitte Steen Brinchmann ti år gammal. Ho gjekk i 5. klasse på Saltveit skule. Heilt nord i Haugesund.

Og denne dagen fekk alle elevane i 3.–7. klasse sin eigen iPad.

Skulen og FAU sørga saman for at pengane strakk til, blant anna ved å droppe eit fagseminar for lærarane i København, skreiv Haugesunds Avis.

Men snart skulle psykologar åtvare, og forskarar skulle gjere funn som viste at skjerm kanskje ikkje var det beste for lesing og skriveopplæring.

Utan at dei blei lytta til.

Etter kvart skulle politikarar sette ned eit skjermbrukutval. Ein statsminister skulle kalle det ei ukritisk digitalisering.

Og ti år etter at Birgitte fekk sin eigen iPad på skulen, skulle foreldre gjere opprør utanfor Stortinget.

Men i 2014 smilte alle rundt bordet.

Uteleiken blei bytta ut med skjerm

Det ser heilt likt ut i Storeskogen i dag som det gjorde då.

– Dei taua var populære å balansere på!

Birgitte er tilbake i skogen bak skulen som var hennar i sju år.

På framsida låg Lilleskogen, men den er hogd ned.

– Eg hugsar vi var stolte av at vi hadde to skogar vi kunne leike i. Det hadde ingen av dei andre skulane i Haugesund.

Dei pleidde å trekke det fram i møte med elevar frå andre delar av byen: «Vi har to skogar på skulen vår!»

Så blei dei den einaste skulen der alle hadde kvar sin iPad.

– Skjermtida gjekk ganske raskt opp. Det var jo som ei leike for oss.

Dei hadde framleis skrivebøkene, men noko endra seg.

– Ein morgon eg kom på skulen sat alle i gangen og spelte Minecraft.

Dei som pleidde å vere i skogen og balansere på taua, sat kvar for seg med blikket festa til skjermen medan dei bygde draumehuset.

Ho hugsar at lærarane etter kvart tok tak. Det blei restriksjonar på speling i gangen før skulen starta.

Men då hadde det allereie trigga noko i dei.

– Vi visste korleis det kjendest. Kor tilfredsstillande det var å sitte der om morgonen når vi var litt trøytte og det framleis var mørkt ute. Det var så spennande og nytt.

I dag er ho glad ho fekk fire år utan nettbrettet.

Dei som åtvara

Dei første nettbretta blei testa ut i norske skular i 2011. Fleire og fleire tok det i bruk. Også barnehagar handla inn.

Noreg skulle vere verdsleiande på digital teknologi i skulen, slo myndigheitene fast.

1. januar 2010 blei Senter for IKT i utdanninga oppretta.

Fire år før hadde ny læreplan slått fast at digital kompetanse skulle vere ein av fem grunnleggande ferdigheiter, i lag med skriving, lesing, rekning og munnlege ferdigheiter.

Senteret si oppgåve var å bidra til at bruken av IKT betra kvaliteten på undervisninga i skule og barnehage og førte til auka læringsutbytte.

Dei skulle spele ei sentral rolle i digitaliseringa av skulen, men etter sju år var det slutt.

Dei var for teknologipositive, meinte sentrale politikarar.

Meir om det seinare.

I 2012 åtvara psykologspesialist Bente Arntzen om bruken i barnehage og skule.

– Eg hugsar eg var veldig bekymra. Eg tenkte at dette var eit sosialt eksperiment vi ikkje ante konsekvensane av.

Ho opplevde at tankegangen var at dersom ungane ikkje fekk datamaskin eller nettbrett frå dei var heilt små, ville dei falle av i utviklinga i forhold til jamaldrande seinare i livet.

– Det er ingenting som tyder på at dersom du gir skjerm til ein eittåring så får vi fleire datageni når dei er større, seier ho.

Bente Arntzen jobba i mange år som psykologspesialist.

Bente Arntzen var bekymra for skjermtida til dei minste då iPaden kom for fullt inn i skulen.

Foto: Erik Waage / NRK

Så kom ein rapport frå OECD.

Denne slo fast at effekten på elevane si læring med datamaskin i rommet, i beste fall var blanda.

Så kvifor bestemte fleire og fleire kommunar seg for å kjøpe fleire og fleire skjermar til elevane?

Openberringa

Før nettbretta kom, hadde den norske skulen nasjonale handlingsplanar for IT og IKT. Men dette blei det slutt på rundt 2009 og 2010, forklarer Ola Erstad.

  • Ola Andres Erstad, professor ved UiO.

    Ola Erstad

    • Professor i pedagogikk, Universitetet i Oslo.
    • Har i ei årrekke forska på teknologibruk i norsk utdanning.

– Det meiner eg er dels kritikkverdig og førte til at alle kommunar og fylke har hatt ulike strategiar.

Nettbrettet blei ei openberring for mange skular.

Etter PISA-sjokket blei det frå politisk hald viktig å stake ut ein ny kurs, seier Elise Farstad-Djupedal.

  • Stipendiat i pedagogikk, institutt for lærerutdanning ved NTNU. Forsker på skolehistorie.

    Elise Farstad-Djupedal

    • Stipendiat i pedagogikk, institutt for lærerutdanning ved NTNU.
    • Forskar på skulehistorie.

Ho trur nettbretta er ein del av det biletet.

– Dei svarte på fleire problem. Lærebøker var dyre og ofte gamle. Samtidig var det ei enorm tru på at fleire digitale einingar kunne bidra til at kvar enkelt elev fekk betre oppfølging og tilpassa undervisning, seier ho.

Ein slapp datarommet og store stasjonære maskinar. Tanken var også at når ein gav elevane kvar sin skjerm fekk alle like moglegheiter, uansett sosial bakgrunn.

Men så blei det litt mange skjermar.

– Det har gått litt på kostnad av bøker. Ein hadde ikkje råd til å satse både på bøker og nettbrett. Eg trur ikkje det har vore ein villa policy frå alle kommunar, men at det først og fremst handlar om økonomi, meiner Ola Erstad.

– Var lærarane klare?

– Nei. Lærarutdanninga var eigentleg veldig dårleg førebudd og treige med å omstille seg. Ofte fekk eg rapportar frå skular om at nyutdanna lærarar måtte på kurs. Dei hadde ikkje peiling på bruken av teknologi og korleis dette skulle tilpassast i ein fagleg samanheng, seier han.

I Tynset kommune tok dei i bruk iPad for 2. – 5.-klassingar i 2012.

– Stasjonære PC-ar var tunge og kostbare og krevjande å starte opp. Då blei iPaden ein revolusjon, seier Bent André Kvisle.

Han er utdanningssjef i kommunen.

Men Kvisle skulle ønske dei hadde vore meir tolmodige.

For snart byrja forskingsfunna å komme.

Ei bjørneteneste for ungane

Anne Mangen hadde doktorgrad i medievitskap og hadde skrive om lesing av forteljingar på skjerm, då ho søkte stillinga som førsteamanuensis på Lesesenteret på Universitetet i Stavanger i 2007.

  • Anne Mangen - professor på lesesenteret UiS

    Anne Mangen

    • Professor i lesevitskap på Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.
    • Medlem i skjermbrukutvalet.

Allereie då var ho interessert i lesing og digitalisering.

I 2013 publiserte ho funna frå eit eksperiment og fekk kjeft.

Ein skulle ikkje stille kritiske spørsmål om digitalisering og presentere funn som viste at det var ein negativ effekt av skjerm på leseforståing. Det var ubehageleg og temmeleg oppsiktsvekkande.

Episoden skjedde på ein konferanse om digitalisering i skulen som Mangen var invitert til.

Fire år seinare, i 2017, la Audrey van der Meer fram sine funn.

  • Audrey van der Meer er hjerneforskar og professor i psykologi ved NTNU i Trondheim

    Audrey van der Meer

    • Hjerneforskar og professor i psykologi ved NTNU i Trondheim.

Ho hadde forska på korleis hjernen vår jobbar når vi skriv eller teiknar for hand.

Argumentet hadde jo alltid vore at ved å gi seksåringar eit nettbrett ved skulestart, kunne dei byrje å uttrykke seg skriftleg tidlegare. Dei hoppa over den kjedelege fasen med å lære seg å skrive desse vanskelege bokstavane for hand. Men etter vår forsking meiner vi at vi gjer ungane ei bjørneteneste. Å skrive for hand er bra for hjernen.

Når du skriv for hand blir det skapt meir hjerneaktivitet i dei såkalla sensomotoriske områda og hjernen får fleire knaggar for å lære å hugse, forklarer ho.

– Vi veit at barn som har lært seg å lese og skrive på ein skjerm har problem med bokstavgjenkjenning. Dei har ikkje kjent på kroppen at ein b skal stavast heilt annleis enn ein d. Dei treng heilt ulike bevegelsesmønster. Difor er det vanskeleg å skilje b frå d når dei skal lese.

2017 var også det året Senter for IKT i utdanninga fekk beskjed om at dei skulle bli lagt ned i si opphavelege form og fusjonere med Utdanningsdirektoratet.

– Det var ikkje klokt. Vi hadde klart å handtere pandemien betre om vi hadde hatt eit dedikert kompetansemiljø, seier Trond Ingebretsen.

  • Trond Ingebretsen, Udir

    Trond Ingebretsen

    • Divisjonsdirektør for tenesteutvikling, digitalisering og analyse i Osloskulen.
    • Stabsdirektør for digitalisering og verksemdstyring i Udir frå 2018 til 2020.
    • Direktør for Senter for IKT i utdanningen frå 2012 til 2018. 

To år før endra Kunnskapsdepartementet ordlyden i tildelingsbrevet deira.

Frå og med 2015 stod det at dei skulle gi «ein balansert framstilling av positive og negative sider ved bruk av IKT.»

– Eg oppfatta dei litt for mykje som ein heiagjeng for digitalisering i skulen, seier Torbjørn Røe Isaksen. Han var Kunnskapsminister frå 2013 til 2018.

– Det kan godt hende han opplevde det, men mandatet vårt var å bygge kompetanse. Då må vi snakke om digital kompetanse, og eg opplevde at alle medarbeidarar i senteret var opptekne av klok og ansvarsfull digitalisering, seier Ingebretsen.

Ei skisse av ein ipad

Foto: ChatGPT

At Kunnskapsdepartementet endra ordlyden var ikkje dramatisk, meiner Ingebretsen.

– Det påverka litt dei forskingsoppsummeringane vi jobba med, men for senteret sin del syntest vi ikkje det var så rart. Det var ingen av mine kollegaer som ikkje såg at teknologien også hadde nokon slagsider, seier Ingebretsen.

– Kva forsking baserte senteret seg på?

– Det eg oppfattar av spørsmålet er at nokon saknar forsking som kan seie at dersom du bruker det verktøyet oppnår ein x prosent betre læringseffekt. Det finst ikkje. Det var mykje heile vegen som peikte i ulike retningar, men eg trur Andreas Schleicher i OECD oppsummerte det best med at den dårlege bruken av digital teknologi slår i hel den gode.

– Men då det byrja å komme forsking som viste negativ effekt av skjerm og ein psykologspesialist åtvara mot bruk av nettbrett. Var dette ting de følgde med på og tok med inn i arbeidet?

– Ja, sjølvsagt. Men heile vegen har du forsking som peiker litt begge vegar. I rapporten frå Skjermbrukutvalet står det at det ikkje er empirisk belegg for å konkludere med at å lese forteljande tekstar på skjerm går utover leseforståinga, medan andre ting peikar på at det går utover leseforståinga, seier han.

Ei mor får nok

For Siri Sjøgren Selmer byrja det hausten 2022 då 9-åringen fekk brev med heim frå skulen; alle elevane i klassen skulle få eigen laptop.

Dette skuleåret hadde 96 prosent av alle elevar i grunnskulen i Noreg eigen skjerm, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

en kvinne som ser på en telefon

Siri Sjøgren Selmer sakna ein debatt rundt ein-til-ein-dekninga av skjerm i skulen då dottera fekk laptop. – Viss nokon sa noko, blei ein uglesett på foreldremøte.

Foto: Jon Petrusson / NRK

– Eg blei uroleg for kva som ville skje med dottera mi sine lese- og skriveferdigheiter. Og ikkje berre hennar, men alle barn.

Siri Sjøgren Selmer og familien bur på Vinderen i Oslo.

Ho er statsvitar, forfattar og skjermbevisst.

Ungane hennar får ikkje mobiltelefon før dei er 13, og ho følte skulen saboterte valet hennar om å utsette skjermen.

– Eg byrja å leite etter forsking som viste at skjermen førte til betre læring for barna våre, seier ho.

Men ho fant ikkje den forskinga.

Og det var ikkje fordi ho var dårleg på å leite.

– Det forskinga seier om læringseffekt på skjerm, er at det er vanskeleg å måle det, seier Marte Blikstad-Balas.

  • Professor Universitetet i Oslo

    Marte Blikstad-Balas

    • Professor på institutt for lærarutdanning på Universitetet i Oslo.
    • Har forska på innføringa av læringsbrett i skulen.

– Auka digitalisering kan føre til meir læring i nokre situasjonar, men det kan også føre til mindre læring eller ingen endring, slår ho fast.

Blikstad-Balas trur utfordringa har vore at ein har vore for opptatt av det digitale utstyret i seg sjølv.

– Når ein har valt å digitalisere i så stor skala, så har det ikkje først og fremst vore fordi forskinga anbefaler det, men at det er viktig å følge med i tida. Så har ein kanskje gløymt å stille dei litt grunnleggande spørsmåla om kva vi vil med det og korleis vi skal få det til.

en kvinne som ser på en telefon

Selmer meiner digital kompetanse ikkje bør vere ein grunnleggande ferdigheit. Ho ønsker seg heller eit eige fag.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Tidleg i 2023 starta Siri Sjøgren Selmer Facebook-gruppa «Opprop for mindre skjermbruk på barneskulen.»

Tusenvis meldte seg inn etter ein kronikk ho hadde på trykk i Dagsavisen. I dag er dei nesten 23.000 medlemmar.

– Det blei tydeleg at vi var mange tusen foreldre som hadde sete på kvar vår tue og ikkje turt å opne munnen på foreldremøte i frykt for å bli kalla gammaldagse eller teknologifiendtlege.

I mai same år møtte dei til demonstrasjon utanfor Stortinget.

Det var det som skulle til.

Demo mindre skjerm i skolen

14. mai 2023 demonstrerte foreldre utanfor Stortinget. – Vi føler at barn sit store delar av dagen på iPad og PC utan at det er godt belegg for læringsutbytte. Vi ønsker at opplæringa skal vere forskingsbasert og at barna skal få lære meir om digital kompetanse, sa Siri Sjøgren Selmer til NRK.

Foto: Ellen Omland / NRK

Konsentrasjon, arbeidsro og lesing

– Grunnen til at det snudde trur eg til dels har å gjere med foreldreopprøret. Og påtrykket frå både lærarar og foreldre, seier Anne Mangen.

For etter kvart byrja det å skje ting.

I oktober 2023 blei Kari Nessa Nordtun (Ap) ny kunnskapsminister. To veker seinare gjekk ho inn for mobilfri skule.

I talen sin før jul i 2023 sa statsminister Jonas Gahr Støre at han ville stanse den ukritiske digitaliseringa i skulen.

2023 var også året då Skjermbrukutvalet blei oppnemnt. Dei skulle sjå på konsekvensar av barn og unge si skjermbruk.

I november 2024 la dei fram rapport og anbefalingar.

Men det burde skjedd ting lenge før, meiner Mangen.

– At det har tatt så lang tid meiner eg er oppsiktsvekkande og beklageleg.

Ho har gått gjennom nokre av overskriftene som har vore i media dei siste ti åra, der ho har prøvd å få fram bodskapen om at vi må ta på alvor det forskinga viser om lesing.

Ho trur skjermen har øydelagt motivasjonen for å lese lengre tekstar og gjort det til ei større utfordring for fleire elevar.

– Og det er ganske ukontroversielt å anta at det er ein hovudårsak til utfordringar med konsentrasjon og arbeidsro i klassar.

Men så har det vore ei enorm teknologioptimisme i samfunnet. Og i utdanningspolitiske dokument nærast ei hallelujastemning når det gjeld digitalisering av skulen.

Siri Wieberg Klausen gjekk gjennom dei viktigaste utdanningspolitiske dokumenta frå 1991 til 2020 i si doktoravhandling.

Ho avgrensa undersøkingane sine til vidaregåande skule.

  • Siri Wieberg Klausen Førsteamanuensis Høgskolen i Innlandet

    Siri Wieberg Klausen

    • Førsteamanuensis, fakultet for lærarutdanning på Universitetet i Innlandet.

– Omgrep som pedagogisk bruk av IKT er nemnt om lag 40 gonger. Leiter du etter formuleringar om arbeidslivets behov for digital kompetanse, finn du dette rundt 2.500 gonger på alle desse åra, fortel ho.

Gjennomgangstonen har vore at Noreg skal bli best i verda på å bruke digitale verktøy i skulen. Uavhengig av kva slags farge det har vore på regjeringa.

– At ein finn eit sterkt fokus på økonomisk tankegang i utdanningspolitiske dokument overraskar meg ikkje, men at det er så stor skilnad på kor ofte argumentasjonen for at næringslivet har behov for digital kompetanse, kontra kva som er best å gjere reint pedagogisk, det overraska meg, seier Klausen.

Fram til 2013 skulle elevane lære seg å bruke dei digitale verktøya.

Etter 2013 var ønsket ein ny type elev; ein digital innovatør som fann opp nye digitale verktøy eller appar som hen tok med seg ut i næringslivet, viser forskinga til Klausen.

Hjerneforskar Audrey van der Meer ønsker seg elevar som fargelegg, puslar og perlar.

Først lesing, skriving og vener, så skjerm

– Nå har barneskulelærarar byrja å klage over at seksåringar knapt veit korleis dei held ein blyant. Eg ville ha byrja med handskriftopplæring dei første tre trinna. Minst. Så kunne ein gradvis introdusert skjerm.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner digitaliseringa av skulen har vore ukritisk.

  • Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister (Ap)

    Kari Nessa Nordtun

    • Kunnskapsminister sidan oktober 2023.
    • Ordførar i Stavanger 2019-2023.
    • Arbeidde som advokat før ho blei ordførar.

– I dag set eg spørsmålsteikn ved om ein hadde noko forsking på at det var ein veldig god idé. Det betaler norske elevar prisen for i dag.

– Kva for ei forsking støtter ein seg på i dag?

– Det vi veit om søvn og korleis skjermen påverkar søvnen. Dessutan er skjermbrukutvalet tydelege på at til dømes lesing av lengre tekstar gjer ein betre i fysiske bøker enn på skjerm. Samtidig erkjenner eg at det ikkje er all forsking ein nødvendigvis har i dag. Forsking vil alltid vere på etterskot og den teknologiske utviklinga går rivande fort. Men eg meiner at når det gjeld barna våre må vi vere endå meir forsiktige og føre var, før vi bruker dei til prøvekaninar.

Sidan 2006 har digital kompetanse vore ein av dei grunnleggande ferdigheitene i skulen. Nordtun opnar for at det kan bli endringar for 1. – 4.-klassingar.

– Det viktigaste er at dei lærer seg å lese, skrive og rekne. At dei får seg ein ven eller to og blir trygg på læraren sin.

Når dette er på plass kan dei utvikle gode digitale ferdigheiter, meiner ho.

Ola Erstad saknar ein debatt om kva skjermen skal brukast til og korleis den kan stimulere til læring.

Elevane treng både bøker og skjerm, men ikkje ein skjerm kvar, meiner han.

– Vi må finne ein middelveg. Skjermdebatten har fått eit litt for stort fokus på skjermen i seg sjølv, men problemet er kva dei brukar han til. Eg trur mange foreldre opplever ein ubevisst bruk. At elevar får tilgang til ting dei ikkje skal ha tilgang til.

Anne Mangen vil heller ikkje ha skjermen ut av skulen.

– Ein må vere klar over at det er store skilnader på å bruke ein iPad som skrivereiskap og som lesemedium, seier ho og viser til fleire metaanalysar som har vist at leseforståinga er ulik om ein les på skjerm eller papir.

I samarbeid med ein hjerneforskar i Frankrike utførte ho eit eksperiment der dei bad deltakarane lese ei 38 sider lang novelle.

Dei som las på nettbrett klarte i mindre grad å plassere hendingane i forteljinga i riktig rekkefølge, kor dei skjedde i teksten og kor lenge dei varte, enn dei som las ho i bokform.

Vil utfase iPaden

Dette skuleåret har nesten 94 prosent av elevane i grunnskulen eigen skjerm, viser tal frå Udir.

Fleire og fleire skular går vekk frå målet om ein-til-ein dekning.

Blant anna Tynset.

– Vi lagar ein plan for utfasing av ein-til-ein-dekninga. Vi vil også fase ut iPaden og innføre Chromebook. Også ser vi føre oss at dette skal brukast meir som eit læremiddel og vere tilgjengeleg når læraren har bruk for det, seier Bent André Kvisle.

Utdanningssjefen i Tynset meiner dei heile vegen har hatt ein god balanse mellom digitale einingar og bøker.

Men kommunane burde, i etterpåklokskapens lys, vore meir tilbakehaldne.

– Med den kunnskapen vi har, eller mangelen på kunnskap om effekt av læring, burde vi vore ennå meir tolmodige i forhold til innføringa av skjermar.

Han meiner kommunane har lært «the hard way», og han har sakna ei nasjonal koordinering.

Det gjer også Ola Erstad.

– Mi bekymring er at dei sentrale myndigheitene ikkje tar grep om dette, seier Erstad.

Kunnskapsministeren er heilt einig i at Noreg treng ei nasjonal koordinering.

– Vi har sett i gang eit nytt forskingsprogram hos Udir om digitalisering og digital kompetanse i barnehage og skule. Også følger vi opp mobilforbodet og bruken av kunstig intelligens i skulen med eigne undersøkingar, seier ho.

I tillegg blir det utarbeida eigne anbefalingar knytt til filter på dei digitale einingane som ho anbefaler kommunane å følge.

Marte Blikstad-Balas minner om at nokre skular har komme veldig langt og greier å bruke teknologi på gode måtar.

– Mens andre skular kanskje ikkje har ein like velgrunna god bruk. Så korleis digitaliseringa skjer vil vere avhengig av kva for ein skule du besøker, seier ho.

Skulle Trond Ingebretsen gjort noko annleis frå tida i IKT-senteret, ville det vore å jobbe endå tettare med lærarutdanningane for å sikre nye lærarar den digitale kompetansen dei treng.

Framover meiner han skjermen har sin rettmessige plass frå 1. klasse.

Når læraren meiner det er hensiktsmessig.

– Digitalt kompetente lærarar ønsker å ha teknologi tilgjengeleg frå 1. klasse. Det blir heilt feil å tru at ungane sit med nasen i skjermen heile tida sjølv om skulen har tilgang til digital teknologi, seier han.

Rus og skjerm

Bente Arntzen har hatt eit langt arbeidsliv i psykiatrien. Blant anna på rusfeltet.

– Rusbehandling handlar veldig ofte om å lære pasientane å tole sitt eige kjensleliv.

Rusen har gjerne dempa vonde kjensler.

Ho trekk parallellar mellom rus og skjerm.

Når vi kjeder oss vandrar tankane og vi får tid til å arbeide oss gjennom opplevingar og kjensler, men i dag tar vi opp telefonen veldig fort. Så blir vi litt bedøva, trur ho.

– Før tida med skjerm blei ungane litt meir robuste. Det er mi kjensle at veldig mykje skjermbruk er med å gi eit bidrag til at ungane er litt mindre robuste i dag.

Bente Arntzen jobba i mange år som psykologspesialist.

Skjermane i skulen er eit fint supplement i skulen, meiner Arntzen, så lenge ein hugsar på at ungar har behov for å bruke heile seg.

Foto: Erik Waage / NRK

Glad ho fekk skuleår utan skjerm

Birgitte Brinchmann Steen fyller 22 år til sommaren.

Denne våren er ho ferdig med dansestudiar i England.

Ho er glad ho fekk dei første barneskuleåra utan skjerm.

– Du treng ikkje lære digital kompetanse når du er seks år gammal.

en person som går på en sti i skogen.

Birgitte Brinchmann Steen har eit bevisst forhold til skjermbruk og er glad ho ikkje fekk iPad på skulen før i 5. klasse.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Ho vil heller at dei skal fokusere på å bli kjent med andre, lære å samarbeide. Komme overeins med klassevenner.

Den digitale kompetansen kan komme seinare.

I England dansar ho frå 8 om morgonen til 17 på ettermiddagen.

Mobilvarslingane er skrudd av. Ho skriv notat for hand.

Når ho et middag med romvenninna ligg mobilen på soverommet.

For ei tid tilbake var ho innom Saltveit skule igjen. Dei hadde ikkje lenger kvar sin skjerm.

– Det var fint å sjå at dersom dei skulle bruke iPad, måtte dei samarbeide.

Dessutan låg han alltid på skulen.

– Eg trur at å sette dei enkle grensene er ein god start.

Dei snakkar om det i studentmiljøet også. At dei er glade for at dei ikkje er yngre. At dei fekk nokre barndomsår på skulen utan skjermen.

– Også er eg veldig takksam for at eg som 80-åring slepp å tenke at eg brukte over halve livet mitt framfor ein skjerm.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 07.06.2025, kl. 16.52

Read Entire Article