Civita foreslår å bruke 100 milliardar oljekroner på bistand og klima

1 month ago 20



– Det vil vere til fordel for dei fattige i verda som tek imot bistanden, og ikkje minst for norske skattebetalarar som vil få mest mogleg ut av pengane ein betaler til staten.

Det seier prosjektleiar Hans Jacob Huun Thomsen i tenkjetanken Civita. Saman med Maria Bakken har dei laga eit notat. Der tek dei til orde for blant anna:

  • Todeling av utviklingspolitikken: Støtte ein todeling av utviklingspolitikken, i tråd med Sending-utvalet. Minst 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) skal gå til tradisjonell fattigdomsutrydding og humanitær nødhjelp.
  • Bruke Oljefondet: Årleg sette av 0,25 prosent av Oljefondet til klimafinansiering.

– Det kan jo høyrast mykje ut, og kontroversielt. Men dette meiner vi er veldig riktig, fordi klimaendringane er ein av vår tids største utfordringar.

Prosjektleiar i Civita, Hans Jacob Huun Thomsen. Han er også 1. nestleiar i Unge Venstre.

Hans Jacob Huun Thomsen er prosjektleiar i Civita og nestleiar i Unge Venstre.

Foto: Enok Grova / Privat

Klimafinansiering er økonomisk støtte og investeringar som blir gitt til utviklingsland for å redusere klimagassutslepp. Det kan for eksempel vere regnskogsbeskyttelse eller fornybar energiutbygging.

Store summar

I dag er Oljefondet verdt over svimlande 18 000 milliardar kroner. Det utgjer 3,24 millionar kroner per nordmann.

Thomsen meiner ein skal bruke 0,25 prosent av desse pengane årleg på klimafinansiering i utlandet.

I 2024 ville det ha vore 46 milliardar kroner.

I dag gir Noreg 58 milliardar i bistand. Vi er det einaste OECD-landet som når målet om å donere ein prosent av BNI.

Ingen slår Noreg i bistand, no bruker vi 60 mrd. i året som skal gå til fattigdomsutrydding. Kvifor går skattepengane våre då til rockeskular i Bosnia?

Er i vår eigeninteresse

Om Noreg skulle bruke 0,25 prosent av Oljefondet på klimafinansiering og behalde ein-prosent målet, ville ein totalt sett brukt 100 milliardar på bistand og klimafinansiering.

100 milliardar er forrykande mykje. Er det forsvarleg?

– Ja, det meiner eg. For å sitere Kåre Willoch: «vi vil oppdage at ein effektiv klimapolitikk kostar ein bagatell i forhold til den gigaskaden vi risikerer å skape viss vi ikkje fører ein effektiv og litt kostbar klimapolitikk».

Thomsen meiner at klimaendringane vil kunne destabilisere verdsøkonomien, noko som igjen vil leie til at Oljefondet vil kunne falle massivt i verdi.

Kåre Willoch

KLIMA-KÅRE: Tidlegare statsminister for Høgre, Kåre Willoch, meinte at det er billigare å forhindre klimaendringane enn å betale for skadane.

Foto: Berit Roald / NTB

– Det er ikkje mangel på folk som vil bruke Oljefondet til gode formål. Er det rett bruk av vår felles pensjonskasse?

Sjølv om vi bør vere kritiske til å nytte vår felles pensjonskasse til alle gode formål, er klimafinansiering eit sjeldan unntak. Først og fremst fordi dette er eit akutt problem som kan føre til irreversible skader.

Uavgrensa behov for klimafinansiering

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) er einig med Huun at det er ein god idé å bruke meir pengar på klimafinansiering.

Det er uavgrensa kva verda treng i klimafinansiering, seier ho.

Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister

Foto: Amanda Iversen Orlich / n654171

Men eg meiner det er opp til det norske Storting å diskutere størrelsen på bistandsbudsjettet. Og så må vi også kunne bruke desse midla fornuftig.

Ho meiner at Noreg allereie gir store summar. Støre-regjeringa dobla klimafinansieringa frå 2020, og brukte i fjor 16,5 milliardar kroner på dette.

Ho er også skeptisk til forslaget om å dele bistanden i to, slik som blant anna Norad-sjef Bård Vegar Solhjell har teke til orde for.

– Det er ein tillokkande tanke, og eg forstår intensjonen til Civita. Men diverre så er det langt fram før dette vil fungere i praksis.

Ho viser til at det ikkje finst nokon internasjonal definisjon av kva som er såkalla globale fellesgode. I tillegg meiner ho også at det er stor overlapp mellom fattigdomsutrydding og klima.

– Veldig mykje av bistanden vi bruker på klimafinansiering er også direkte fattigdomsreduserande.

Støtter forslaget

Økonomiprofessor Steinar Holden ved Økonomisk institutt i Oslo meiner forslaget har noko føre seg.

Vi er eit rikt land med store ressursar, og vi har tent mykje pengar på sal av olje. Og det gjer at vi også bør ha eit ansvar for å bidra til å dempe klimaendringane.

Professor Steinar Holden

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Han meiner det openbert er økonomisk lønnsamt for verda å gjere meir for å forhindre dei verste klimaendringane.

Det som kan vere meir usikkert er om det vil løne seg for det enkelte land. For mange land kan det nok løne seg å vere ein gratispassasjer, kor ein prøver å snike seg unna å betale sin del.

Hei!

Har du tips til kva eg bør skrive om? Tidlegare har eg skrive om korleis stortingspolitikarar har fått svekka tillit til media og om Equinors planar for netto null i 2050. 

Eg er generelt interessert i kunstig intelligens, politikk, økonomi og energi. Send meg gjerne ein e-post eller ei melding på Signal +47 917 44 070. 

Publisert 02.08.2024, kl. 05.50

Read Entire Article