Som verdseinar i fleirfaldige år og verdsmeister nesten tallause gonger, er Magnus Carlsen van til å stå i fokus.
Men i slutten av september blei han og kona Ella Victoria Carlsen foreldre til ein gut, som sidan har tatt det meste av tida til sjakkstjerna.
– Eg synest det er kjempefint, eg, innleier Carlsen til NRK om opplevinga av det nye småbarnslivet.
MANN OG KONE: Magnus Carlsen og Ella Victoria Malone blei i januar erklært for rette ektefolk.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBNRK møter han i lokalet til TakeTakeTake, sjakkanalen der Carlsen er medeigar, i samband med ei sending. På pulten der han speler sit han med eit innramma bilde av han og kona frå bryllaupet.
– Dagsforma blir jo alltid opp og ned, men det er ei glede. Han er ein veldig fin gut, og eg har ei veldig fin kone som tar seg veldig bra av han saman med meg. Alt er strålande, seier han med eit stort smil om den nye familiemedlemmen.
TETT PÅ: Med eit bilde av han og kona Ella frå bryllaupsdagen på pulten spelte Magnus Carlsen ei internett-turnering i Oslo tysdag ettermiddag.
Foto: Simon Zetlitz Nessler / NRKPÅ PULTEN: Bildet av Carlsen og kona Ella lyser imot Carlsen når han speler.
Foto: Dag Robert Johansen / NRK
«Genuint nysgjerrig» på bleieskift
Carlsen heldt seg heime i Noreg både i vekene før fødselen og den første månaden etter, før han drog til ei hurtigsjakkturnering i Saint Louis i USA heilt i slutten av oktober.
– Eg er jo framleis aktiv sjakkspelar, så eg vil spele. Det blir alltid prioriteringar ein må gjere. Eg har for det aller meste prioritert å vere heime dei første sju vekene. Etter kvart så vil eg nok begynne å spele litt meir igjen, og ha litt fleire oppdrag, seier Carlsen til NRK.
I samband med turneringa i USA, var han også innom podkasten C-Square. Der svarte han på spørsmål om søvn og bleieskift etter at sonen kom til verda.
SMIL PÅ LUR: Carlsen trivst med sitt nye liv som far.
Foto: Dag Robert Johansen / NRK– Dei første nettene var veldig ille, som eg trur er normalt. Etter det har det vore bra. Eg legg meg stort sett tidleg og så er det stort sett eit stort skift i løpet av natta. Eg har blitt god til å berre bestemme meg for å sove. Totalt sett vil eg seie det er fint. Eg søv mindre enn før, men ikkje veldig mykje mindre, sa Carlsen i podkasten.
Der uttrykte han også ei glede over det å skifte bleier.
– Eg er genuint nysgjerrig. Eg skiftar ei bleie og tenker, kva er inni her? Kva har du gjort denne gongen? Det er moro og eg kjenner eg er ganske brukbar til det, sa Carlsen i podkasten.
Vil ikkje avsløre VM-deltaking
Den norske sjakkstjerna har tidlegare vore open om at han ser for seg å flytte ut av Noreg etter kvart. Tidlegare i haust blei det kjent at han og kona hadde kjøpt ein funkisvilla for 26,2 millionar kroner, som omtalt av blant anna Dagens Næringsliv.
– No som du har kjøpt ny bustad, er det planen å bli buande i Noreg i ganske lang tid framover?
– Vi får sjå. Eg trivst godt med familie rundt og slikt, og så trivst eg også godt i varmare strøk ein gong iblant. Det er vel sannsynleg at det blir miks, seier Carlsen.
Om det for eksempel blir ein tur til varmare strøk i romjula, når VM i hurtig- og lynsjakk blir arrangert i den qatarske hovudstaden Doha, er framleis ikkje avklart.
Som NRK skreiv tysdag, held Carlsen korta tett til brystet. Sjakkstjerna seier han har tatt ei avgjerd, men vil ikkje avsløre om han skal spele meisterskapen.
Carlsen har hatt det han omtalar som gode og konstruktive samtalar med arrangøren i Qatar, men vil ikkje seie noko om kva han har gitt uttrykk for at han ønsker skal vere på plass for ei deltaking.
NRK var tysdag i kontakt med Det internasjonale sjakkforbundet (Fide), som fram til den endelege påmeldingslista ligg klar ikkje kan seie noko om Carlsen skal spele.
– Gitt Magnus Carlsen sin popularitet, gjer alltid Fide alt ein kan for at deltakinga hans er komfortabel og at han ikkje blir unødig forstyrra av tilskodarar under turneringar, skriv pressesjef Anna Volkova om kva tiltak dei eventuelt vil gjere for å få med Carlsen i meisterskapen.
Før meisterskapen i romjula er det uansett andre ting på programmet for Carlsen, som ein tur til Sør-Afrika i starten av desember for å spele finalen i Freestyle Chess Grand Slam Tour.
– Året har jo vore veldig spennande. Det har vore veldig mykje gøy som har skjedd privat. Sjakkmessig synest eg at eg for det aller meste har prestert godt òg. Eg skal gjere mitt beste resten av året òg, seier Carlsen, som no har ei merittliste som er så lang at han ikkje lenger har dei store måla att for karrieren.
– Men eg synest jo det er gøy å spele. Så lenge eg kan spele på eit høgt nivå, så er det jo freistande å fortsette.
PS! Med eller utan Magnus Carlsen, årets VM i hurtig- og lynsjakk kan du sjå og følge på NRK.
Publisert 20.11.2025, kl. 05.22















English (US)