Carlsen går verda rundt: – På nivå med jeans-saka

2 days ago 13



Magnus Carlsen er for tida i Stavanger og deltar i Norway Chess, men det har ikkje gått på skjener for den norske verdseinaren.

Resultata og prestasjonane har variert. Namnet hans har pryda overskrifter verda rundt den siste tida.

Tarjei Joten Svensen, som er reporter i Chess.com, er blant dei som har følgt Magnus Carlsen tettast sidan gjennombrotet. Han meiner interessa for Magnus Carlsen kan samanliknast med da han hadde på seg «forbodne» jeans under VM i hurtigsjakk i romjula.

– Eg har ikkje nokon konkrete tal på dette, så dette blir berre gjetting. Men etter det eg kan sjå basert på talet på saker publisert rundt om i verda, så er interessa på det same nivået, fortel Svensen til NRK.

Tarjei Svensen

RUTINERT REPORTER: Tarjei Joten Svensen har følgt Magnus Carlsen heilt sidan nordmannen var liten.

Foto: Federico Marin

Statistikken viser at sjakkeksperten er inne på noko. Tal frå Google Trends viser at det faktisk er fleire som søker på Magnus Carlsen nå enn det var i romjula – da konflikten med Det internasjonale sjakkforbundet nådde klimakset sitt.

– Det er heilt enormt med saker. Når til og med nettstader som Daily Beast skriv om sjakk, så er det klart at det er svært, fortset han.

Tar av i utlandet

Spesielt i India er Carlsens namn heitt for tida, og det er ikkje tilfeldig.

Søndag hamna nordmannen i trøbbel mot den indiske verdsmeisteren Gukesh Dommaraju. sjølv om Carlsen hadde ei vinnande stilling, enda det til slutt med tap.

Det fekk blant anna statsministeren i India, Narendra Modi, til å komme med gratulasjonane sine til Carlsens overmann på sosiale medium.

– Ein ser jo også korleis indiske medium pøser ut saker fleire gonger dagleg og Modi som gratulerer Gukesh. Så kombinasjonen av at verdsmeisteren slo verdseinaren, og at Magnus reagerte som han gjorde, er eksplosivt. Og veldig bra for sjakken, påpeikar Svensen.

Skjermdump av Indias statsministers gratulasjon på X.

GRATULASJON: Statsministeren i India gratulerte Gukesh Dommaraju med sigeren over Magnus Carlsen.

Foto: Skjermdump

For etter at Carlsen hadde rota bort sigeren, slo han handa i bordet før han storma ut av lokalet.

– Når han da nærast utmanøvrerer den unge verdsmeisteren gjennom heile partiet og står til vinst, for så å miste det på den verst tenkelege måten, så er det jo ikkje så overraskande at han reagerer som han gjer. Men det er jo framleis litt kontroversielt i sjakkverda å vise kjensler på den måten, sjølv om det ikkje burde vere det, seier Svensen.

Magnus Carlsen var ikkje fornøgd etter at han tapte mot Gukesh i Norway Chess. Bilde frå TV 2.

Video: Bilder fra TV 2

Eit kjapt søk viser også at gigantar som The New York Times, The Guardian og NBC har skrive artiklar om nordmannen dei siste dagane.

Svensen meiner reaksjonane i all hovudsak er positivt.

– Det er heilt vanleg i andre sportar, og når ein ser merksemda det skaper rundt om i verda, så er det jo fantastisk for sjakken.

Amerikanske Mike Klein er einig. Klein, som er kollega med Svensen i Chess.com, er ikkje overraska over den enorme interessa rundt Carlsens namn om dagen.

– Eg trur publikum er fascinert av at den nye verdsmeisteren, som er frå ein annan generasjon, slo Magnus for første gong, seier reporteren.

– Mange ser på Magnus som uslåeleg, og han kan spele så nøyaktig at han kanskje blir oppfatta som ei maskin. Men han er ein ekte person med ekte kjensler, og kanskje det overraska folk, seier Klein, som også er forfattar og Fide-meister.

  • Faksimile fra The Times of India som skreiv om at Magnus Carlsen slo hånden i bordet etter tapet mot Gukesh Dommaraju.

    The Times of India med sak om at Magnus Carlsen slo handa i bordet etter tapet mot Gukesh Dommaraju.

    Foto: Faksimile fra The Times of India
  • Faksimile fra indiske Mathrubhumi som skriver om sjokktapet til Magnus Carlsen.

    Indiske Mathrubhumi skriv om sjokktapet til Magnus Carlsen.

    Foto: Faksimile fra Mathrubhumi
  • Faksimile fra The Indian Express der Amit Kamath skriver om Gukesh Dommarajus seier mot Magnus Carlsen.

    Amit Kamath i The Indian Express skriv om den overraskande sigeren til Gukesh Dommaraju mot Magnus Carlsen.

    Foto: Faksimile fra The Indian Express

Langsjakkskepsis

Der namnet til Carlsen er heitt, har ikkje spelet vore det same den siste veka.

Seinast tysdag tapte Carlsen for kinesiske Wei Yi etter å ha gjort ein stor tabbe i armageddon etter enda ein remis, noko som også kan ha bidratt til medietrykket den siste veka.

– Eg kan ikkje hugse å ha sett Magnus på liknande nedgåande trend dei siste 12–13 åra, så dette er veldig overraskande, seier Kristoffer Gressli, NRKs sjakkekspert.

Undervegs i turneringa har Carlsen sjølv hinta om ein mogleg langsjakkslutt. NRKs ekspert trur fort at verdseinaren kan meine alvor.

– Vi kjem til å sjå han i lyn-, hurtig- og Fischer-sjakk, men eg lurer på om det kan vere siste gong vi har sett Magnus spele eit langsjakkparti på lang, lang tid.

MK Balaji, Ju Wenjun, Magnus Carlsen et al. poserer for et bilde

VERDSEINAR OG VERDSMEISTER: Magnus Carlsen og Dommaraju Gukesh.

Foto: Carina Johansen / NTB

Fleire har sådd tvil om Carlsens motivasjon for langsjakk etter både spelet og utsegnene så langt i Norway Chess, og nordmannen har sjølv vore ærleg på at langsjakk er formatet han liker minst.

Det har også Carlsens trenar merket.

– Han ser ikkje ut til å like det, og Magnus gir vanlegvis ærlege intervju. Eg trur han seier det han meiner, sa Peter Heine Nielsen i eit intervju med Take Take Take tysdag.

Torsdag blir spelt 9. og nest siste runde av turneringa i Stavanger. Carlsen er nummer to i samandraget – 0,5 poeng bak Fabiano Caruana.

Solbakken: – Han var «horny» 01:30

Publisert 05.06.2025, kl. 19.45

Read Entire Article