«Captain America» bad Noreg om hjelp til å få heim fangar frå Russland

1 month ago 27



Den største fangeutvekslinga mellom Russland og Vesten sidan den kalde krigen, blei gjennomført på tyrkisk jord torsdag kveld.

Nesten heilt fram til dei sju flya landa på rullebana, med 24 fangar om bord, visste dei færraste om at noko skulle skje.

Den spionsikta russeren kjem fram til Vnukovo flyplass i Moskva etter å ha vore del av fangeutvekslinga mellom Russland og vestlege land.

Her går Mikhail Mikusjin av flyet i Russland etter to år i norsk fangenskap. I handa held han ein Joker-pose.

Foto: Sergei Ilyin / Reuters

Men Noreg hadde ein finger med i spelet.

Ein av dei Russland fekk att var den spionsikta russaren arrestert i Tromsø, som eigentleg skulle i retten om ein månads tid.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at han snakka med president Joe Biden i går, men vil ikkje gå i detalj om forhandlingsprosessen.

Leidd av USA si spesialutsending

Ei svært lita gruppe i norske styresmakter, tryggingsteneste, utanriks- og justisstyresmaktene har kjent til forhandlingane, seier utanriksministeren til NRK.

– Sjølv om dette har vore førebudd over lang tid, er det alltid mest spenning på slutten om alle held det dei har lova, fortel Espen Barth Eide (Ap).

– Førebuingane måtte haldast hemmelege, og det har vi faktisk i stor grad klart.

Roger Carsons vitner i ei rettssak i juni 2024.

Roger Carsons har fått kjendisstatus i USA som gisselforhandlar.

Foto: Jose Luis Magana / AP

Etter det NRK erfarer, er det Roger Carstens som har vore Noreg sin kontaktperson i denne saka.

Tidlegare tilsett i dei amerikanske spesialstyrkane, blei Carstens først tilsett som presidentutsending for gisselforhandlingar av Donald Trump då han var president.

Carstens har i USA tilnamnet «Captain America», og har blitt ein tillitsfigur blant familiar av amerikanarar som er fengsla i utlandet.

Amerikanarar slopne fri frå russiske fengsel møter spesialutsending Roger Carstens.

Her møter Carstens (h) to av dei lauslatne fangane, journalistane Alsu Kurmasheva i Radio Free Europe (m) og Evan Gershkovich i Wall Street Journal (v).

Foto: Kaylee Greenlee Beal / Reuters

Russland fekk tilbod i fjor haust

Det første tilbodet om å utlevere fire russiske agentar frå land i Europa, blei framstilt av USA allereie i november, melder Wall Street Journal.

Denne tidslinja seier utanriksminister Espen Barth Eide at han også stiller seg bak, og legger til:

– At Mikusjin kunne bli aktuell for dette har vore klart lenge. Slikt sett har vi vore med i samtalar om dette i lengre tid.

– Dei siste par vekene har eg rekna med at det ville skje omtrent då det skjedde, med ein viss nervøsitet for at noko kunne gå gale i siste augneblikk. Så det var veldig godt å få stadfestinga.

President Joe Biden møter amerikanarar som er slopne ut av russiske fengsel ved flyplassen Joint Base Andrews.

Evan Gershkovich klemmar mor Ellen, med frigjord militærveteran Paul Whelan i bakgrunnen. Gershkovich sin heimkomst har fått særleg mykje merksemd i USA.

Foto: Nathan Howard / Reuters

New York Times, på si side, skriv at den avgjerande datoen var 25. juni.

Då skal ei gruppe tilsette i etterretningstenesta CIA ha hatt eit hemmeleg møte med russiske motpartar i ein hovudstad i Midtausten.

Blant fangane det var snakk om å utveksle, var fire russiske agentar eller agent-mistenkte i Europa. To var arresterte i Slovenia, ein i Polen, og altså ein i Noreg.

Ikkje nytt for statsadvokat

Statsadvokat Fredrik Ranke

Statsadvokat Fredrik Ranke seier at Nast hadde innstilt Riksadvokaten på at Mikusjin skulle bli tiltalt. Ei avgjerd frå Riksadvokaten var venta i august.

Foto: NRK

For at Mikusjin skulle bli utlevert, måtte den norske påtalemakta også gå med på å gi slepp på den spionsikta russaren.

Difor har også Frederik G. Ranke ved Det nasjonale statsadvokatembetet (Nast) også visst om dette i «fleire månader».

Ranke er ansvarleg statsadvokat i spionsaka mot Mikusjin og har hatt dialog med PST om saka.

– Vi har vore godt kjende med at Noreg i ei sak for nokre år sidan fekk bistand av våre allierte med å få ein nordmann ut av russisk fengsel, seier han til NRK.

– No var vi i ein posisjon til å yte noko tilbake. Så vi er svært tilfreds med denne løysinga.

Spionsiktede på bar i Malaysia

Spionsikta Mikusjin (v), her på ein bar i Malaysia.

Foto: Privat / Facebook

Ranke fortel likevel at Mikusjin truleg ville vore i retten om ein månads tid, dersom han hadde blitt verande i Noreg.

– Eg kan no gå ope ut og seie at Politiets tryggingsteneste (PST) føreslo å tiltale han for grov etterretningsverksemd, og vi hadde innstilt til Riksadvokaten på at han skulle tiltalast for forsøk på grov etterretningsverksemd.

– Det var venta at det ville kome ei avgjerd frå Riksadvokaten tidleg i august.

FSB-agentar eskorterar dei russiske fangane ombord i flyet som skal frakte dei heim att. Mikhail Mikusjin, som har sitte fengsla i Noreg er nummer to opp trappa.

Foto: Federal Security Service of the Russian Federation

Putin sin pris: Ein russisk leigemordar

Heilt sidan 2021 har Putin privat bede om å få ein person utlevert: Vadim Krasikov. Men denne mannen var det ikkje opp til USA å levere.

Russaren var nemleg fengsla i Tyskland på livstid etter drapet på Zelimkhan Khangoshvili nær ein leikeplass i Berlin to år tidlegare.

Georgianske Khangoshvili blei treft av tre skot, nær ein leikeplass i dagslys. Krasikov blei arrestert berre minutt etterpå, ifølge New York Times.

Etterforsking etter at ein Georgier blei drepen i Tyskland i 2019.

Den drepne georgiaren hadde vore tilknytt separatist-rørsla i Tsjetsjenia. Tyskland utestengde to russiske diplomatar det same året, då det blei kjent at Moskva kunne stå bak.

Foto: CHRISTOPH SOEDER / AFP

Ei eventuell utlevering ville koste den tyske statsministeren Olav Scholz dyrt, då det reint politisk var eit nederlag for Tyskland.

Ifølge New York Times, gjekk Scholz først med på eit byte som inkluderte Krasikov, så lenge Russland ville utlevere den fengsla opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj.

«Eg gjer dette for din skuld», sa Scholz til Biden, ifølge fleire amerikanske medium. 16. februar døydde derimot Navalnyj i eit russisk fengsel.

Men i februar reiste Scholz til USA, og leiarane blei til slutt einige, skriv WSJ. Også då låg avtalen om ei norsk utlevering på bordet, ifølge avisa.

Då Krasikov gjekk av flyet på russisk jord fekk han ein klem av president Putin. Bak han kom den spionsikta russaren som arbeida som forskar ved Universitet i Tromsø.

Vladimir Putin møter Vadim Krasikov på flyplassen i Russland

Krasikov og Putin skal ha kjent kvarandre lenge, og har blitt tekne bilde av på eit skyttararrangement saman. Her tek Putin han i handa etter utleveringa.

Foto: Mikhail Voskresensky / AP

Dagen etter utleveringa stadfesta Kreml i ein pressekonferanse at Krasikov arbeidde for FSB.

Dmitry Peskov, ein talsperson for Kreml, fortalde at avtalen blei forhandla fram mellom FSB og amerikansk etterretning. Han ville ikkje seie kva som avgjorde kva fangar dei fekk heim.

Publisert 02.08.2024, kl. 21.09

Read Entire Article