Canada debuterer i Eurovision Song Contest

2 hours ago 1



Det betyr at det for første gong vil vera eit land frå andre sida av Atlanteren med i den lenge hovudsakeleg europeiske songkonkurransen.

Det skjer etter at den kanadiske kringkastaren CBC i juni blei teken opp som fullverdig medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

– Me er kjempeglade for å kunna ønska CBC velkomne inn i ESC-familien – eit teikn på at sjølv om konkurransen blei fødd i Europa, held han fram med å ønska verda velkomen, seier ESC-direktør Martin Green i ei pressemelding.

Eurovision Song Contest. Esc. Australia.

Kate Miller-Heidke kom på ein luftig niandeplass for Australia i Tel Aviv i 2019.

Foto: AP

Ikkje-europeiske land har lenge delteke i konkurransen, men med unntak av Australia som blei invitert med som ein «gimmick» i 2015, har alle landa som har delteke i konkurransen til no hatt nær geografisk tilknyting til Europa.

– Spennande reint geopolitisk

Mads Tørklep er delegasjonsleiar for Noreg i ESC og ønsker kanadiarane varmt velkomne opp på den europeiske musikkscena.

– Canada er ein musikknasjon i verdsklasse.

Mads Tørklep

Mads Tørklep trur EBU er heilt avhengige av å få inn fleire land for å få arrangementet til å gå rundt økonomisk.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Moglegheita til å representera Canada kan gjera at fleire internasjonalt kjende låtskrivarar og artistar får auga opp for konkurransen òg frå det amerikanske kontinentet. Det kan potensielt løfta nivået ytterlegare.

Kvinne med kvit dressjakke og mikrofon

Kanadiske Céline Dion har vunne konkurransen tidlegare, men då som representant for Sveits.

Foto: Eystein Hanssen / NTB

Han trur arrangøren er heilt avhengig av fleire deltakarland for økonomisk å kunna forsvara to semifinalar og éin stor finale.

– Canada har ein nærare tilknyting til Europa enn mange andre land. Så reint geopolitisk er det jo spennande at dei no ønskjer å knyta tettare band til Europa i den urolege tida me er i.

– Men eg trur ikkje det er like aktuelt å ta med seg heilt tilfeldige land rundt omkring i verda inn i konkurransen.

– Nordmenn likar å tru at Canada liknar veldig på Noreg

Den kanadiske rakettforskaren Julien S. Bourrelle kom til Noreg i 2009 for å ta doktorgrad, men har òg mellom anna skrive bok med eit skråblikk på norsk kultur.

Bokforside med fire strekfjes

I boka til Julien får du eit utanfråperspektiv på korleis nordmenn er.

Illustrasjon: Elise H. Kollerud / Mondå Forlag

Han meiner det er fleire grunnar til at kanadiarane søker meir mot Europa.

– Mange vil nok seia at kanadiarane ønsker å skilja seg meir frå USA, og det kan godt stemma.

I tillegg peikar Bourrelle mellom anna på den fransktalande delen av landet, men òg korleis britiske kong Charles er det formelle statsoverhovudet i Canada.

– Min følelse er at europearane ser på Canada som eit ideal i Nord-Amerika. Dei har jo mellom anna ein velferdsstat som liknar veldig på dei europeiske landa.

Julien S. Bourrelle

Julien S Bourrelle har ikkje noko sterkt forhold til ESC – men han såg Alexander Rybak vinna i 2009.

Foto: Alexander Vollevik Larsen

– Nordmenn likar å tru at Canada liknar veldig på Noreg og ser ikkje så stor skilnad, men kulturelt er det veldig store skilnadar.

Bourrelle understrekar korleis Canada kulturelt sett er veldig likt USA.

– Men så er me kanskje litt meir «Down to earth» enn amerikanarane. Me overdriv ikkje like mykje.

Endra krav

Tidlegare har det vore eit krav at medlemskringkastarar skulle ligga i Det europeiske kringkastingsområdet eller at dei måtte vera medlem av Europarådet.

Ei rekke tv-skjermatr med rød skjerm og logoen til den kanadiske kringkastaren CBC.

Den kanadiske allmennkringkastaren CBC blei fullverdig medlem av EBU i juni, og står dermed fritt til å nytta seg av alle EBU sine konsept og tenester.

Foto: MARK BLINCH / X02025,NTB

Men i juni blei det altså bestemt at òg allmennkringkastarar frå land som har observatørstatus i Europarådet kan søka om å få bli medlem.

Dette gjer at allmennkringkastarar frå USA, Mexico, Japan og Vatikanstaten òg kan bli medlem dersom dei oppfølgar alle medlemskrava.

Hender som jublar opp mot logoen til Eurovision Asia

Tidlegare i år kom nyheita om at ESC-universet blir utvida med ein eigen Asia-utgåve som skal gå frå Bangkok seinare i år.

Foto: EBU

Den amerikanske allmennkringkastaren PBS kan dermed òg søka om å bli medlem dersom dei ønsker. Det er derimot lite truleg at dei vil bli med i ESC sidan dei i utgangspunktet ikkje driv med underhaldningsfjernsyn.

Har «vunne» tidlegare

Det er likevel ikkje første gong Canada trer inn i den største musikkonkurransen i verda.

Kanadiske Céline Dion vann konkurransen for Sveits i 1988 med låta «Ne Partez Pas Sans Moi».

Céline Dion si vinnarlåt i Eurovision Song Contest 1988.

Kven som skal representera Canada i Bulgaria neste år er for tidleg å seia noko om.

NRK sin ESC-ekspert, Jim Ødegård Pedersen, er likevel ikkje i tvil om at kanadiarane vil levera.

– Eg trur kanadiarane kan hevda seg som ein av storfavorittane frå start. Dei har ein musikktradisjon og ein glede for konseptet som gjer at dei er velkomne inn i miksen.

Jim Ødegård Pedersen

– EBU trengde gode nyheiter no, seier NRK sin ESC-ekspert.

Foto: Julia Marie Naglestad

– Canada har jo hatt mykje god musikk. Kanskje dei sender «The Weekend»?

Publisert 01.07.2026, kl. 13.59

Read Entire Article