Cajsa (20) skreiv at ho er lei av å frykte menn – fekk massiv respons

2 days ago 8



Heilt sidan 14-årsalderen har Cajsa Olaisen Strønen opplevd å få uønskte kommentarar og merksemd for kroppen sin. Då spesielt frå klassekameratar.

– Vi fekk beskjed om kva slags klede vi burde gå i som gjorde oss sexy. Eg opplevde at eg ikkje fekk så mykje respekt viss eg ikkje blei sett på som deileg.

– Eg blei samanlikna med porno. Eg opplevde at alle jentene i klassa blei rangerte etter kor sexy vi var.

ISMAIL BURAK AKKAN/NRK

Men ifølge ho sjølv var dette berre ein forsmak på livet som vaksen.

– Om kvelden har eg fått kommentarar frå fulle vaksne menn som har sprunge etter meg og skrike etter meg, seier ho.

Ho fortel også om episodar på barar der menn har kyssa henne sjølv når ho tydeleg har sagt at ho ikkje ville.

– Det skal veldig mykje til for at dei skal respekterer eit nei.

Det er for låg terskel for kva menn kan seie og gjere med kvinner, skreiv Strønen i ei Ytring på NRK.no. Les ho her:

Foreldre har tatt kontakt med henne

Strønen fortel at ho har fått massiv respons. Mange jamaldra seier dei er einige i at dette er eit stort problem.

– Det har vore veldig rørande, seier Strønen:

– Mange på min alder er frustrerte og føler at det berre blir oversett. Dette har blitt såpass normalt, at vi berre må tole det, seier Strønen.

Ho har også fått meldingar frå foreldre som har skrive at dei ikkje visste at dette var eit problem og at dei vil ta ein prat med borna sine.

– Eg fekk ei melding frå ein far frå Ukraina som har to søner, som sa at han skulle oppdra til å bli fine gutar sidan han kjem frå ein kultur der ein respekterer kvinner.

Denne meldinga sette seg litt ekstra i henne, fortel ho.

en kvinne som smiler til kameraet

Overgrepsmottaket i Agder er bekymra for utviklinga dei ser.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

Benedicte Severinsen er seksjonsoverlege ved overgrepsmottaket i Agder. Ho rosar 20-åringen for å fortelje om opplevingane sine.

Det er ikkje det same å utføre eit overgrep og å snakke nedlatande til og om kvinner, understrekar Severinsen.

Likevel ser ho det Strønen fortel om i lys av kva dei opplever på overgrepsmottaket.

– Vi ser grovare overgrep blant unge enn vi såg for fem-ti år sidan.

Overgrep med analt samleie, halsgrep og filming kategoriserte dei tidlegare som grove overgrep.

– Det skjer oftare og oftare, dessverre, seier Severinsen.

Ifølge ein omfangstudie frå 2023 har seier ein av fem kvinner i Noreg at dei sjølve har opplevd valdtekt.

en kvinne i en arbeidskontor

– Eg opplever at ganske mange gutar på min eigen alder ikkje veit heilt kor grensa går. Det kjem kanskje ikkje frå ein dårleg stad, seier Strønen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Veit ikkje kor grensene går

På Helsestasjonen for gutter (HFG) på Tøyen i Oslo jobbar helsesjukepleiar Vegard Larsen Groll.

Han treffer stadig på foreldre som seier dei er glade for at han tek praten med gutane fordi dei sjølve kanskje opplever dette som ukomfortabelt.

– Foreldre og vi som arbeidar med born har eit ansvar her. Vi må vere tydelege på kva som er greitt og ikkje.

Nedsettande haldningar blant gutar og menn trur han handlar om at mange ikkje alltid veit heilt kor grensa går.

– Det er vanskeleg å vite kva som er malplasserte framstøyt eller lite gjennomtenkt åtferd. Mi erfaring er at dei fleste ikkje vil gjere folk vondt inst inne.

en mann som sitter

– Er ein veldig usikker så kan ein i ytste konsekvens tenke om ein hadde syns det var greitt om ein kompis gjorde dette med veslesøstera di, seier Groll.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Han opplever at gutar endar opp med å såre andre eller tråkke over grenser utan at dei sjølve har skjønt det. I slike situasjonar opplever dei dette som veldig tungt, fortel han.

– I retrospekt så ser dei sjølve kor dei har tråkka feil, og då er det kanskje mangel på refleksjon i forkant.

Problemet stammar nok frå at det er store forventingar til menn og deira seksualitet, seier Groll.

– Det er kreds å ha sex og det er kreds å ha så mykje sex som mogleg. Då trur eg turen innom eigne grenser blir droppa for mange. Rommet for refleksjon blir borte.

Menns forhold til sex er sopass avklart, at dei tek kanskje ikkje stillinga til korleis den andre parten opplever det, forklarer han.

– Glidande overgang

På overgrepsmottaket i Agder er dei heller ikkje sikre på om mange menn forstår kva dei gjer og konsekvensen av det.

– Viss dei ikkje veit at mange reagerer med ein frysreaksjon når dei blir utsett for ein potensiell fare og at mange ikkje alltid klarer å seie nei, så risikerer dei å utføre eit overgrep utan å meine det, seier Severinsen.

I ei undersøking Norstat gjorde for NRK i mars kom det fram at 7 av 10 unge kvinner har opplevd å bli tatt halsgrep på under samleie.

Sjølv om det ikkje er det same, så er det kanskje ein glidande overgang mellom å snakke nedlatande om kvinner og å utføre eit overgrep, seier Severinsen.

– Pornoen har kanskje ført med seg at ein trur at halsgrep er ein del av normal sex. Eg trur ikkje det var slik for ikkje så veldig lenge sidan.

– Spør!

Strønen er fortvila og sint. Ifølge innboksen hennar, har ho mange med seg.

Ho også trur at mange menn som seier nedsettande ting om kvinner, ikkje er klar over effekten det har og kor alvorleg ein kan oppleve det.

en mann og en kvinne som står foran en datamaskin

Strønen seier ho har fått masse respons frå jamaldra jenter som er einige i at dette er eit stort problem. Foreldre har også tatt kontakt med henne og fortalt at dei ikkje visste omfanget av det.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Dei må spørje kvinnene i sitt eige liv om kva dei eigentleg opplever, oppfordrar ho.

Er ein i tvil om kor grensene går, er det berre ein kur, seier Groll:

– Ein må spørje! Når eg reiser rundt å snakkar om samtykke så opplever alle det som utruleg enkelt. Men så ser ein at i praksis så er det ikkje det.

Strønen trur heller ikkje mykje av dette kjem frå ein dårleg stad, og ber menn som ikkje kjenner seg igjen i dette snakke med kompisane sine.

– Eg håper det er fleire gutar som også ser på dette som eit problem og som ikkje ønsker å bli putta i same gruppe, seier Strønen.

en person som poserer for et bilde

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Gutar høyrer meir på kvarandre enn dei gjer på oss jentene. Dei har makt til å påverke andre og seie frå til vennane sine, oppfordrar ho.

For ordens skuld: Cajsa Olaisen Strønen er dotter av to NRK-tilsette, men dei har ikkje vore involverte i arbeidet med denne saka.

Sjå måndagens Dagsnytt 18 her:

Publisert 18.04.2025, kl. 12.39 Oppdatert 18.04.2025, kl. 13.20

Read Entire Article