Bygde ut fjøs – får ikkje tak i kyr

3 weeks ago 14



Det er stor mangel på livdyr i landbruket. Bønder som vil bytte ut dyr eller som ynskjer å utvide drifta, får korkje tak i kalvar eller kviger.

– Det er ingen som får tak i kyr, og slik har det vore ein god stund, fortel Geir Støfring. Bonden i Jølster satsar stort og har bygd ut fjøsen for å kunne produsere meir mjølk.

I dag har Støfring 70 mjølkekyr i den moderne fjøsen sin.

Mjølkebonden frå Jølster har lyst på 17 kyr til, men har berre fått tak i fire – dei fekk han av ein bonde som pensjonerte seg.

Manglar kyr

Geir Støfring ynskjer å kunne produsere meir mjølk, men manglar kyr.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Nordmenn sin nye favoritt

– Det siste året har det vore veldig vanskeleg å få tak i mjølkekyr, rett og slett fordi behovet for mjølk har blitt så stor, seier tillitsvald i Nortura, Anders Felde.

Felde ser at det er eit problem, men gler seg mest over nordmenn sin nye appetitt for norske mjølkeprodukt.

Anders Felde

Anders Felde er tillitsvald i Nortura. Han gler seg over at nordmenn ynskjer meir mjølkeprodukt.

Foto: Nikolai Akse Helgås

– Det er svært gledeleg at etterspurnaden av mjølk og mjølkeprodukt er kjempesvær, og då ynskjer jo sjølvsagt bønder å tilfredsstille det.

Landbruks og matdepartementet vil no at norske bønder skal produsere rekordmykje mjølk. Bonden kan difor produsere 20 prosent meir mjølk neste år.

Tine melder at dei forventar ein etterspurnad på om lag 1510 millionar liter kumjølk.

For nokre dagar sidan la landbruks- og matminister Geir Pollestad fram forholdstal for mjølkekvotar for 2025.

– Folk drikk meir mjølk i dag enn dei gjorde før. Det er positivt for inntekta til bonden, den norske sjølvforsyninga og helsa til folk, sa Pollestad.

COTTAGE CHEESE

Cottage cheese er blant produkta som blir rive ut av butikkhyllene.

Foto: Andrine GALD MYKLEBUST

For eitt år sidan skreiv NRK om at mjølkeforbruket til nordmenn gjekk ned, i mellomtida har pipa fått ein annan låt. No finn ein mellom anna store mengder cottage cheese og heilmjølk i norske kjøleskåp.

– Trua av import

Leiar i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld er i utgangspunktet positiv til utviklinga, men legg ikkje lok på at mangelen på kyr skaper problem for bøndene.

– Det er ei utfordring for mjølkebøndene, det er jo slik at me må ha kyr som kan produsere denne mjølka.

I januar var det mjølkemangel i landet – det førte til tollkutt på importerte varer og redusert overproduksjonsavgift.

– Viss me ikkje klarer å produsere meir mjølk, så er det jo import som igjen truar oss, legg Agjeld til.

Let seg ikkje kue

Mjølkebonde Geir Støfring trur mangelen på livdyr skuldast at det er lite attraktivt å drive med det.

– Økonomien har vore dårleg. Når me kjem på minussida med livdyr, klarer me ikkje å produsere nok mat.

For mjølkebonden betyr det at han må utnytte dyra lenger og avle livdyr sjølv.

– Det tar litt tid, men det er håp.

Ei kyr går drektig i ni månadar, deretter tek det to år før kalven som blir født, kan produsere eigen mjølk. Heile prosessen med å skaffe seg livdyr tek difor nærmare tre år.

Støfring har likevel trua på eigne dyr og håpar at kalvane kan bli fine mjølkekyr.

Kalv får mjølk

Det tek to år før denne kalven kan produsere eigen mjølk.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Publisert 05.12.2024, kl. 12.07

Read Entire Article