Grace Bullen møtte russiske Amina Tandelova i EM-finalen i bryting i Tirana i Albania fredag.
Russaren, som deltek uavhengig, tok fire poeng tidleg i gullkampen. Etter det såg det tøft ut for det norske håpet i 62-kiloklassa. Tandelova gjekk opp til ei 9-0-leiing med eitt minutt att av kampen.
Men Bullen slo tilbake og vann direkte på fall med eit halvt minutt att av finalen.
Bullen har fire EM-gull frå før, ho har også ein OL-bronse får leikane i Paris i 2024. Ho har også sølv og bronse frå verdsmeisterskap.






.jpg)






English (US)