BT: Aslak Sverdrup gir seg som styreleiar i Brann

1 day ago 2



Aslak Sverdrup går av som styreleiar i Brann på nyåret, bekreftar han til Bergens Tidende.

– Det er riktig at eg ikkje tek attval. Det er med ordentleg tungt hjarte at eg vel dette, seier Sverdrup til avisa.

Han har vore styreleiar sidan 2022. I haust vart Sverdrup sjef for Kongsberg Defence & Aerospace i Ukraina, og han får ikkje prioritert Brann-vervet like mykje.

– Eg har for stor respekt for jobben som styreleiar i Brann til å gjere den halvvegs. Eg får ikkje løyst den slik eg vil, seier Sverdrup.

Read Entire Article