Nesten 1,3 millionar norske kvinner har vore gjennom Mammografiprogrammet. På 30 år har over 30.000 tilfelle av brystkreft blitt oppdaga gjennom undersøkingane.
Men nå kan hjelp frå ny teknologi gjere testinga både betre, og meir effektiv.
Det viser ein studie på 100.000 svenske kvinner som er publisert i tidsskriftet The Lancet.
Dette er ei maskin som blir brukt til mammografi.
Foto: Mette Vollan / NRKOppdaga meir kreft
– Studien er eit kjempeviktig første steg, seier leiaren for det norske Mammografiprogrammet.
Solveig Hofvind har jobba med masseundersøkinga for brystkreft sia starten i 1995. Ho har også vore med på arbeidet med forskinga i Sverige.
Samanfatta viser studien at når radiologane fekk hjelp av KI blei det oppdaga meir kreft, og fleire svulstar blei oppdaga tidleg.
– KI hjelper oss til å finne fleire cancere, seier Hofvind.
Ho understrekar at dette er eit resultat av fyste gong dei brukar den nye metoden, og at dei enno ikkje veit om dei vil oppdaga fleire i dei screeningrundane som kjem.
Solveig Hofvind er leiar for Mammografiprogrammet og professor i radiografi.
Foto: Roy Pettersen / NRKDet blei heller ikkje oppdaga fleire «falske» krefttilfelle. Det er viktig for å unngå at folk må gjennom unødvendige testar og operasjonar.
Samtidig gjekk arbeidsmengda for radiologane ned.
Men det er ikkje nødvendigvis heilt uproblematisk.
Kan føre til manglande erfaring
I Sverige fekk radiologane hjelp frå KI heile vegen.
– Det kan jo også gjere at radiologane blir veldig avhengige og trur meir på KI enn på seg sjølv etter kvart, seier Hofvind.
I tillegg var det berre dei erfarne radiologane som fekk lov til å tyde bilda som KI hadde gått gjennom.
– Vi kjem alltid til å trenge radiologar. Men om vi berre skal bruke dei erfarne, så kan jo ikkje dei uerfarne bli erfarne.
Det prøver Hofvind å løyse i ein studie som går føre seg her i Noreg.
Der får ikkje legane sjå resultata som KI kjem fram til før etter at fagfolka har gjort si eiga vurdering.
– Det gjer at vi testar den verkelege verdien av KI, seier Hofvind.
Kor mykje kan ein eigentleg spare?
I dag blir det berre brukt sju heile stillingar på å gå gjennom alle dei 250.000 mammografiane som blir tekne kvart år i Noreg.
– Om eg skal vere den positive som vil ha inn KI fort, så kan eg seie at det er fantastisk med KI. Vi kan halvere tydetida til radiologane, seier Hofvind.
Men det er ikkje sånn at det betyr at det trengst halvparten så mange radiologar, viser forsking blei publisert tidlegare i år. Det tar nemleg ein radiolog berre rundt eit minutt på å vurdere om mammografibilda viser teikn til kreft eller ikkje.
Og sjølv med KI er det alltid to menneske involverte i vurderinga av dei vanskelegaste tilfella.
– Det er noko å spare på radiologressursar, men det er ikkje der hovudgevinsten ligg. Det er i betre kvalitet, seier Hofvind.
Jobbar med liknande løysing for menn
Ved NTNU i Trondheim har dei laga eit KI-verktøy som kan hjelpe legar som jobbar med å avdekke prostatakreft.
Halvparten av alle norske menn over 60 har kreft i prostata, den valnøttstore kjertelen som ligg rundt urinrøyret. Mange av dei har ikkje noko behov for behandling.
Men dei siste åra har det blitt meir vanleg for menn å ta ei blodprøve som kan vise teikn til kreft. Det har ført til at fleire menn blir sende til MR, og meir jobb for legane.
NTNU har laga eit kunstig intelligent verktøy som kan hjelpe legane med å tolke MR-bilda av prostata. PROVIZ er foreløpig berre tilgjengeleg som del av forskingsprosjektet, men det blir hardt jobba med å søke patent og gjere verktøyet kommersielt tilgjengeleg.
Foto: Mette Vollan / NRK– Å lage eit verktøy som kan hjelpe radiologen å tolke bilda, kan kanskje ta vekk ei arbeidsbyrde, sånn at dei får betre tid til dei vanskelegaste undersøkingane.
Det seier professor Tone Frost Bathen. Ho seier at foreløpige funn viser at dei oppdagar like mange krefttilfelle med KI-hjelp, som det menneske gjer.
Tone Frost Bathen er professor ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk.
Foto: Mette Vollan / NRK– I praksis fungerer det sånn at KI-verktøyet les bilda. Så kjem det ut eit kart som viser kor i prostata det mest sannsynleg finst aggressiv kreft. Dersom det er kreft der blir ein biopsi tatt sånn at pasienten får best mogleg vidare oppfølging og avgjerd om behandling eller ikkje.
I tillegg ser det ut til at dei med KI, som i den svenske forskinga på brystkreft, finn færre falske krefttilfelle.
– Dette er viktig for at vi skal unngå overdiagnostikk og overbehandling.
Første del utan menneske
Solveig Hofvind i Mammografiprogrammet trur at det på sikt vil bli mogleg at KI tar over heile den første delen av kreftscreeninga.
Ho har vore med på å teste fire ulike KI-modellar på same undersøking, der dei har markert ut kor på bilda dei finn teikn til kreft.
– Om vi ser at den markeringa er på nøyaktig same stad på to modellar, kvifor skal da radiologen lese bilda, spør ho retorisk.
Da kan kanskje datamaskina ta seg av utveljinga av kva tilfelle som blir sende til møtet der legane vurderer kva som skal gjerast.
– Da begynner vi å snakke om innsparingar.
Til så lenge må det minst vere ein radiolog involvert i screeninga.
Publisert 01.02.2026, kl. 16.46












English (US)