Brukar KI mot engelsk-bølgja: – Kan ikkje kallast omsetjing

2 hours ago 4



Bitre fiendar på isen, men hemmelege elskarar utanfor.

Det er kjernen i den kanadiske snakkisen «Heated Rivalry», som no kommer i norsk språk-drakt i ekspressfart.

To ishockeyspillere for hvert sitt lag står vendt mot hverandre på isen.

Kjærleikshistoria til Ilya og Shane har blitt ein stor snakkis.

Den engelske originalen om Ilya og Shane herjar allereie på bestseljarlistene.

For å hindre at norske fans vel bort den norske utgåva til fordel for den engelske, har forlaget Aschehoug sett opp farten maksimalt.

– Vi trur 2026 vil stå i teiknet til Shane og Ilya.

– Om det same vil gjelde for 2027 eller 2028, det veit vi ikkje, seier Nora Campbell, forlagssjef for skjønnlitteratur i Aschehoug, til NRK.

Difor må omsetjinga ut no, meiner forlaget.

For å rekke det brukar dei selskapet Nuanxed, som lagar ei råomsetjing med kunstig intelligens før to omsetjarar omarbeider teksten etterpå.

Alle snakkar om serien «Heated Rivalry», men kvifor blir vi besette? Reporter Ingrid Molholt Waaler har lagt ut på oppdrag for å finne Noregs største fan og dekode hockeydramaet som har tatt heilt av.

Ueinige om merking

I Danmark bruker dei same metoden, med same selskap.

Dansk Oversætterforbund og Boghandlerforeningen meiner formuleringa «omsett av» er villeiande når maskiner har gjort grovarbeidet.

Der har forlaget Peoples Press valt å endre krediteringa til «omarbeidd av».

Aschehoug vel ein annan strategi i Noreg.

– Den norske utgåva kan framleis kallast ei omsetjing, sjølv om prosessen er ein anna enn den tradisjonelle, seier Campbell.

– Vi har kvalitetssikra omsetjinga gjennom våre redaksjonelle prosessar og står fullt ut inne for den norske teksten.

Forlagssjeg for skjønnlitteratur i Aschehoug forlag, Nora Campbell.

Forlagssjef i Aschehoug, Nora Campbell.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Ho understrekar at forlaget vil vere opne om praksisen.

I kolofonen vil det stå informasjon om at omsetjinga er gjort av Nuanxed og oversettarane Åse Feiring Cave og Siv Runde.

Campbell seier dei ikkje ønskjer å villeie, og opplyser derfor i boka om bruken av Nuanxed.

– Metoden deira er lett tilgjengeleg for dei som er interesserte, og vi vurderer dette som tilstrekkeleg opplysning.

Et bord med pocketbøker, Rachel Reid sine hockeyromanser dominerer bordet

Bøkene ligg på topp i butikkar som Ark og Norli.

Foto: Siss Vik / NRK

– Det er viktig for oss at den norske utgåva held høg språkleg kvalitet.

Difor har dei to omsetjarar som omarbeider teksten, i tillegg til redaktørar i Aschehoug som går over alt i etterkant.

Ueinig i valet

Leiar i Norsk Oversetterforening, Hilde Lyng, meiner Aschehoug burde merke bøkene betre.

– Det er forbrukarinformasjon at teksten er omarbeidd av eit menneske, men generert av KI, seier Lyng.

– Det er heller ikkje god nok grunn at det må gå fort før boka kjem ut.

Omslag til Heated Rivalry

Bokomslaget til originalversjonen av «Heated Rivalry».

Foto: Carina Press

Ho meiner det er «frimodig» å påstå at boka er omsett på tradisjonelt vis, og ønskjer at Aschehoug gjer det same som i Danmark: merkar utgivinga med «omarbeidd av».

I tillegg er Norsk Oversetterforening negativ til bruken av KI i det heile.

– Ein kunstig intelligens har ikkje kulturforståing slik menneske har; han er basert på matematikk.

– Omsetjinga blir dårlegare, og det tek arbeid frå omsetjarane, seier ho.

En person sitter ved et bord med en laptop i et rom fylt med bøker. Det er flere kopper og et glass vann på bordet. Personen har på seg en fargerik genser og skriver på notater. Området gir inntrykk av å være et kontor eller en studieplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Hilde Lyng, leiar i Norsk Oversetterforening, er ikkje nøgd med bruken av KI.

Foto: Momina Naz Majid / NRK

Lyng trur også at Aschehoug mistar mange unge lesarar til originalutgåva når boka ikkje blir omsett frå botnen av.

– Dersom unge vil lese ei omsett bok, må ho vere god. Det blir ho ikkje når det er brukt KI.

Kappløp mot originalspråket

Bokserien til Rachel Reid fell under sjangeren «gay hockey romance».

Sjølv om merkelappen kan verke smal, er publikummet på verdsbasis enormt.

Forlagssjeg for skjønnlitteratur i Aschehoug forlag, Nora Campbell.

Campbell meiner dei kan kalla det ein omsetning.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Utfordringa for norske forlag er at målgruppa ofte er så gode i engelsk at dei kjøper originalen med ein gong han kjem ut.

– Feltet har blitt meir krevjande dei siste åra, og difor måtte vi slå til no, seier forlagssjef Nora Campbell.

– Skulle vi omsetje denne serien, må vi få ut bøkene så raskt som mogleg før hypen kjølnar.

Det er også mykje av grunnen til at dei brukar KI.

– Vi vil ikkje ta arbeidet frå omsetjaren, men må finne ein berekraftig veg for å gi ut desse bøkene på norsk. Økonomien i feltet er risikabel, særleg sidan mange lesarar vel engelske utgåver.

– Dette er utfordringar for heile bransjen. Vi prøver å finne vegar som gjer det mogleg for lesarane å finne variert litteratur på sitt eige morsmål.

Serien «Heated Rivalry» har tatt verda med storm, og no er han tilgjengeleg i Noreg. I tillegg til seriepremiere er det også Hockey Pride i Noreg denne veka. Dette skal markerast i fleire ishallar rundt om i landet.

Publisert 11.03.2026, kl. 22.02

Read Entire Article