Torsdag trassa Senterpartiet igjen den tidlegare regjeringspartnaren sin, og sikra fleirtal for at staten skal overta vedlikehaldsansvaret for statleg bygde bruer.
Forslaget fekk fleirtal 58–42.
Dette gjeld for alle dei statleg bygde bruene som anten går over riksvegar eller jernbane, og som staten har bygd. Også før brua seinare har blitt overført til enten ein kommune eller fylkeskommune.
Samla omfattar dette fleire hundre bruer over heile landet.
Vedtaket fjernar det opposisjonen omtalar som ei enorm økonomisk byrde frå norske kommunar og fylke.
Medan Frp meiner dette er starten på slutten for eventyret om fylkeskommunar i Noreg, avviser Senterpartiet – som stod bak reforma – dette.
Einige til slutt
Etter lengre tids debatt og usemje i forkant om kva ein faktisk ville at staten skulle dekke, blei opposisjonen til slutt einige.
Stortinget ber no regjeringa sørgje for at staten betaler for vedlikehaldet av bruer som går over riksvegar og jernbane.
– Vi ser at det er viktig infrastruktur her som staten sjølv må ta ansvar for, og halde ved like i framtida. Det å overføre slike oppgåver til ein kommune vil vere svært krevjande, seier Geir Inge Lien (Sp), som fremja forslaget i Stortinget.
Geir Inge Lien (Sp).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBSjølv om forslaget til slutt fekk fleirtal, var det ikkje utan diskusjonar.
Særleg Senterpartiet og Framstegspartiet var rykande ueinige om kva bruer dette skulle gjelde. Medan Senterpartiet berre ville dekke opp for dei bruene som går over riksvegar og jernbane, ville Frp at staten skulle ta rekninga for alle bruer dei har bygd på mindre vegar.
– Eg har registrert at Senterpartiet kanskje har moderert kva dei legg i det, men utgangspunktet står klart og tydeleg, uttalte Bård Hoksrud (Frp) nyleg.
Bård Hoksrud (Frp).
Foto: Frode Meskau / NRKAvviser avvikling
I 2010 blei ei rekke bruer, i samband med forvaltningsreforma, lagt over på fylkeskommunane.
I alt enda over 40.000 kilometer med veg hos fylkeskommunane i det som var ei storstilt reform som blant anna Senterpartiet stod bak.
Sjølv om vedtaket torsdag inneber at enkelte oppgåver, som fylkeskommunen den gongen fekk av staten, no går tilbake, avviser Lien at dette er starten på ei avvikling av reforma.
– Nei, dette er eigentleg berre opprydding i noko som vi ser har fungert før, der staten har tatt ansvaret og gjort ein god del grep med vedlikehald på infrastruktur, seier Lien, og legg til:
– Dette er viktig infrastruktur som skal fungere i framtida, for Bane Nor, Statens vegvesen og Nye vegar.
Frp har på si side ei anna oppfatning, og nøler ikkje når NRK spør om dette er første steg mot avviklinga av reforma.
– Ja, det er openbert, seier Frank Sve (Frp).
– Dei gamle riksvegane må tilbake til staten, og vi ønsker også at fylkeskommunen skal leggast ned, legg han til.
Frank Sve (Frp).
Fotografi: Frederik Winness Ringnes / NRK– Ikkje trygg styring
I debatten tysdag blei ønsket til opposisjonen om å sende rekninga til staten sterkt kritisert av Arbeidarpartiet.
Partiet meiner saka er for dårleg greidd ut, og at det ikkje er rett å gjere eit slikt vedtak utan å kjenne til konsekvensane på førehand.
– Dette er eit representantforslag der det ikkje er krav til utgreiing, konsekvensar eller noko ting. Vi kan ikkje styre landet med Dokument 8-forslag, seier Jone Blikra (Ap).
– Det er det som er utfordringa med omsyn til styring her. Det blir ikkje mykje trygg styring av sånn type behandling.
Han understrekar samstundes at partiet ikkje er imot vedlikehald av bruer, men måten denne saka blir løyst på.
Jone Blikra (Ap).
Fotografi: John-Andre Samuelsen / NRK– Kritisk infrastruktur
Noregs Automobil-Forbund (NAF) stiller seg bak Frp sin tolking av *forslaget, som dei meiner bør gjelda alle bruer som staten har bygd. Dette uavhengig av kva slags vegar bruene knyt saman.
– Bruer er kritisk infrastruktur, og kollapsen av Tretten bru viser kor alvorleg det er når vedlikehald ikkje blir følgt opp, seier pressesjef Ingunn Handagard.
– Det å flytte ansvaret frå kommunar og fylkeskommunar til staten for desse bruene, vil vera ei lita oppgåve å påleggja Statens vegvesen, medan det kan ha mykje å seia for tryggleiken på vegnettet.
Tal frå 2024 viste at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane åleine var på om lag 100 milliardar kroner.
Handagard meiner det er heilt på sin plass at staten tek ansvar for dei bruene dei sjølv har bygd, framfor å la fylkeskommunane stå med rekninga.
– Derfor er forslaget om å flytte ansvaret for nokre av desse bruene, som staten sjølv har oppført, over til staten både rett prioritering med omsyn til tryggleik og det kan letta på trykket for hardt pressa fylke. Det same gjeld bruer i kommunane, seier ho.
Pressesjef i NAF, Ingunn Handagard, seier ho støtter forslaget om å senda rekninga til staten.
Fotografi: Tom Balgaard / NRKVille ha eige «bruprogram»
I tolvte time fremja Anne Lise Fredlund i SV eit forslag om å opprette eit «bruprogram» for fylkesvegnettet.
Framfor å flytte ansvaret over til staten, skal programmet, slik SV skisserer det, få ei eiga finansieringsramme i Nasjonal transportplan (NTP). Programmet skulle, etter SVs ønske, vere statleg finansiert.
Målet med forslaget var å la fylka behalde makta, men gi dei midlar for å redusere etterslepet og oppgradere kritiske bruer, både av omsyn til tryggleik og forsvar.
Anne Lise Fredlund (SV).
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKKollapsa i 2022
Debatten rundt ansvaret til staten for statleg bygde bruer blei for alvor aktualisert etter at Tretten bru kollapsa 15. august 2022.
Brua var ein del av E6-prosjektet mellom Øyer og Tretten i 2012 og blei bygd av Statens vegvesen. Nokre få år seinare blei vedlikehaldsansvaret overført til fylkeskommunen, ettersom brua var ein del av ein fylkesveg.
I etterkant av brukollapsen blei det kjent at Vegvesenet kjente til svakheiter ved brua før fylkeskommunen overtok det fulle ansvaret, utan at det blei gjort nokre tiltak for å betre tryggleiken på brua.
Publisert 28.05.2026, kl. 14.16 Oppdatert 28.05.2026, kl. 14.44
















English (US)