Brenna-oppgjer med Raudt: – Farlege påstandar

3 weeks ago 17



I eit stort intervju med NRK sa RU-leiar Amrit Kaur at Stoltenberg bør bere ansvar for at Noreg deltok i krigføringa mot Libya i 2011.

– Jens Stoltenberg var øvste ansvarleg for den norske deltakinga under krigen. Han bør stillast for FN-domstolen i Haag for krigsbrotsverk, sa Kaur.

Desse utsegnene får Ap-nestleiar Tonje Brenna til å steile. No utfordrar ho Raudt til å ta avstand frå det Kaur seier.

– Eg meiner at det bør vere den minste sak i verda å seie høgt og tydeleg på vegner av Raudt at Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre, dei andre eksempla som Kaur her har nemnt, ikkje er krigsforbrytarar.

– Raudt må ta ansvar

Noreg sleppte 588 bomber over Libya i 2011. Ei bombing som saknar sidestykke i norsk historie, konkluderte granskingsrapporten.

Ingen veit eksakt kor mange som blei drepne i ein bombekampanje under dåverande statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre.

Men å definere dei som krigsforbrytarar er Tonje Brenna slettes ikkje med på.

– Kjem vi inn i eit terreng der folk faktisk trur på at norske demokratiske leiarar er krigsforbrytarar, så har vi eit stort problem i Noreg, og det må Raudt også ta ansvar for at vi ikkje endar der.

Ekstraordinært landsmøte i Rødt

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Raudt var imot

Men nyvald Raut-leiar Marie Sneve Martinussen tek ikkje ballen frå Tonje Brenna.

Då ho møtte NRK søndag ville ho ikkje kritisere Kaur.

Ho sette foten ned for bruken av terroristordet for to veker sidan. Men krigsforbrytar­fråsegnene vil ho ikkje slå ned på.

– Er Jens Stoltenberg ein krigsforbrytar?

– Det har også Raudt svart på i mange omgangar.

– Men er Jens Stoltenberg ein krigsforbrytar?

– Eg gjentar gjerne. Raudt var imot den ulovlege krigen i Libya.

– Var ansvarleg

– Men er Jens Stoltenberg ein krigsforbrytar?

– Raudt har meint, til liks med FN, at ein burde undersøke krigsbrotsverk i Libya, og Jens Stoltenberg var ansvarleg for Noreg si deltaking der.

Lenger vil ikkje Marthinussen gå.

Ho slår også fast at det er domstolar som skal etterforske og dømme, ikkje partiet Raudt.

Jens Stoltenberg fekk tilbod om å svare på skuldingane frå Kaur, det har han valt å ikkje gjere.

Publisert 26.05.2024, kl. 20.47

Read Entire Article