Brann vidare i Europa – snudde framfor elektrisk publikum

1 month ago 31



Sigeren sender raudtrøyene frå Bergen vidare til tredje kvalifiseringsrunde i den europeiske Serieligaen.

Snudde kampen etter brutal start

Kampen på Brann Stadion fekk ein brå start med mål til Go Ahead Eagles allereie i andre minutt. Det var Søren Tengstedt som sørga for den tidlege nederlandske leiinga.

Rett før pause gav Bård Finne bergensarane håpet tilbake og utlikna til 1-1, med ein fin målgivande frå Niklas Castro.

Bård Finne på ballen i Brann - Go Ahead Eagles-kampen

Bård Finne utliknar til 1–1 i 42. minutt.

Foto: NTB

Berre tolv minutt inn i andre omgang sender Castro ein ny målgivande til Fredrik Pallesen Knudsen, som sender ballen rett i hjørnet og gir Brann ei 2–1 leiing.

Fredrik Pallesen Knudsen

Pallesen Knudsen gir Brann leiinga i 62. minutt.

Foto: NTB

Kampen endar 2–1 til bergensarane, til full jubel frå stadion.

Møter islandsk eller skotsk motstand

Med siger i dagens kamp går radutrøyene vidare til tredje kvalifiseringsrunde i Serieligaen. Då ventar enten islandsk motstand mot Valur frå Reykjavík, eller skotsk motstand mot Saint Mirren frå byen Paisley.

Tredje kvalifiseringsrunde blir spelt 8. og 15. august.

Om Brann går sigrande ut av tredje kvalifiseringsrunde går dei vidare til playoff i slutten av august. Startskotet for sjølve Serieligaen er 3. oktober i år.

Publisert 01.08.2024, kl. 21.19 Oppdatert 01.08.2024, kl. 22.29

Read Entire Article