Etter halvanna år vekke frå klubben, var det tidlegare i juli klart at Eirik Horneland returnerer til Brann.
– Dette blir «bånn gass» frå første sekund, sa Horneland på pressekonferansen.
Men «bånn gass» blei det ikkje i returkampen mot Start.
Heimefansen hadde lite å juble for den første timen. Brann sleit med å skape sjansar og Start hadde kontroll på kampen.
Og det var bortelaget som først kunne sleppe jubelen laus. Etter 53 minutt sneik ein heading frå bergensar Håkon Lorentzen seg i mål og Start leia 1–0.
– Brann stangar mot muren utan å finne ut av det heilt så langt, sa radiokommentator Oddgeir Øystese.
Etter timen gjorde Horneland fleire byter og det vart meir fart på Brann Stadion. Innbytar Niklas Castro fant Noah Holm, som var på alerten og utlikna for heimelaget.
Eirik Horneland var ikkje heilt nøgd med kampen, trass siger.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBLike før fulltid var det Kristian Eriksen som var farleg frampå. 30-åringen var kvikkast på eit hjørnespark frå Niklas Castro og heada inn 2–1 rett før overtida og sikra Brann tre poeng.
– Eg har venta på målet på Brann Stadion så å kunne gjere det på denne måten smakte godt, sa ein nøgd Eriksen.
Med tre poeng i boks, ligg Brann på ein 8. plass i Eliteserien.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB– Deilig å vere tilbake
Horneland var ikkje nøgd med første halvdelen av returkampen.
– Det var ein vond første time, for då var me verkeleg svake, sa han til NRK etter kampen.
Men utover kampen gjekk det seg til, meiner Horneland.
– Den siste halvtimen er eg veldig godt nøgd med. Me klarar å truge og kombinere med ein heilt anna kraft.
Eirik Horneland er glad for å vere tilbake i Brann og i Bergen.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBKampen har gitt nokre svar på kva dei må jobbe med vidare.
– Me er litt skjøre. Det er ikkje eit sjølvspelane piano lenger. Det er veldig urytmisk. Det er mykje å jobbe med, men det var deilig å vere på Brann Stadion igjen, sa Horneland.
Publisert 12.07.2026, kl. 20.11 Oppdatert 12.07.2026, kl. 21.46












English (US) ·