Ein einebustad i Bergen blei meld overtent i 04.00-tida i natt, og stod ikkje til å redde.
– Flammane stod over taket da vi kom til staden, seier innsatsleiar i Bergen brannvesen, Johnny Tverlid til Bergensavisen.
Huset står aleine og det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.
Klokka halv sju onsdag morgon går det føre seg ettersløkking på staden.
– Brannvesenet komme til å jobbe på staden utover dagen, seier operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit, til Bergens Tidende.
Publisert 15.01.2025, kl. 06.54