Brann i bustadblokk – veit ikkje om nokon er i leilegheita som brenn

2 weeks ago 17



Naudetatane har rykka ut til ein brann i ei bustadblokk på Nattland i Bergen.

Det brenn i ein leilegheit og brannen har òg gått gjennom taket.

Brannvesenet har førebels ikkje kontroll, ifølgje operasjonsleiar hos politiet, Dan Erik Johannessen.

I ei oppdatering på X/Twitter melder brannvesenet likevel at dei har klart å slå ned på delar av brannen, men at det framleis brenn i takkonstruksjonen.

Fleire bebuarar frå blokka er evakuerte, men naudetatane veit ikkje om nokon er inne i leilegheita som brenn.

– Det er uavklart om det er folk som er der, seier Johannessen til NRK.

Dei veit førebels ikkje kor mange som bor i leilegheita kor brannen oppstod.

Røykdykkarar inne i bygget

Røykdykkarar har vore inne i bygget og søkt gjennom alle leilegheitene, unntatt leilegheita der brannen oppstod.

– Leilegheiter rundt er klarerte av brannvesenet og det er ingen folk der inne, seier operasjonsleiar Johannessen.

Veit ikkje noko om årsak

Førebels veit ikkje politiet kva som er årsaka til brannen.

– Det er altfor tidleg å seie noko om, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.

Det er fare for spreiing, og mykje vind i området gjer sløkkearbeidet vanskeleg, seier politiet.

– Brannvesenet har sett i verk livreddande innsats i tilfelle det er folk inne, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge ved 110-sentralen til NRK.

Fekk melding om mykje røyk

– Vi fekk inn klokka 22.37 ei melding om kraftig røykutvikling. Brannvesenet er framme og dei har begynt med utvendig sløkking, seier vaktkommandør Hauge.

Brannvesenet har rykt ut frå Fana, Sandviken, Laksevåg og hovudstasjonen.

NRKs reporter på staden seier det er full fyr på staden.

Publisert 29.04.2024, kl. 23.44 Oppdatert 29.04.2024, kl. 23.56

Read Entire Article