Brann i avfalls­anlegg i Bergen – evakuerte student­bustader

1 month ago 34



Brannmannskap frå fire stasjonar i Bergen er på staden, og har omringa brannen.

Brannvesenet melder at dei har kontroll på brann. Det er ikkje spreiingsfare, og ein del av bebuarane får gå tilbake til leilegheitene sine.

Det brenn framleis kraftig i eit lager/rubbhall, og det er uklart kva som brenn.

Det er bestilt bussar til dei evakuerte studentane, men førebels er dei samla på ei adresse like ved.

Brann i BIR-anlegg på Møllendal

Brannen er godt synleg i Bergen.

Foto: Anders Nøkling / NRK

Brannvesenet meiner å ha god kontroll for å hindra spreiing til studentbustadene, ifølgje politiet.

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Me har ingen indekasjonar på at det var nokon inne i anlegget då det byrja å brenna, seier vaktleiar Stian Kvam ved 110-sentralen.

Møllendalsveien mellom Solheimsviken og Møllendalsbakken er heilt stengt for trafikk.

40.

Brannen sett frå Bergen containerterminal rundt klokka 05.30.

Foto: Jon Anders Hjartåker

Hei!

Har du opplevd brannen? Send meg gjerne ei melding.

Publisert 03.04.2024, kl. 06.16 Oppdatert 03.04.2024, kl. 06.56

Read Entire Article