Kvalifiseringskampen til Meisterligaen mellom Brann og Manchester United torsdag kveld blir den best besøkte fotballkampen for kvinner i Noreg nokosinne.
Brann har no selt over 15 762 billettar til kampen, og har dermed gått forbi den 25 år gamle rekorden frå landskampen mellom Noreg og USA på Ullevaal i år 2000.
Bergensklubben har ikkje lagt skjul på at dei ønskte å slå rekorden dei siste dagane.
– Me visste ikkje at det var ein rekord å slå, men når bergensarar oppdagar det går dei mann av huse, seier kommersiell leiar i Brann, Therese Andvik Rygg.